Gå til innhold
Arkivverket

[#39820] Johanna Christine Petersdotter Nygårdsvik, Laksevåg (Askøy), fødd 1829/1830?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Møllar Knut Pederson Lunde frå Hafslo i Sogn (1838-1908) gifte seg på Askøy 24.1.1864 med:Johanna Christine Petersdotter (Larsen), fødd i Nygårdsvik, Laksevåg (Askøy) kring 1829/1830. Far hennar skal ha vore ein Peter Larsson Nygårdsvik.Er det nokon med lokal kunnskap eller ekspertise som kan hjelpa meg finna:* Nøyaktig fødselsdato for Johanna Christine?* Kva yrke hadde faren Peter Larsson Nygårdsvik?* Kvar var Peter Larsson ifrå?* Kva heitte mor til Johanna Christine, og kvar var ho ifrå?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Davidsen

I følgje den kyrkjebokavskrifta eg har over vigde i Askøy, var ho fødd i Bergen. Du får sjå der, for eg har henne ikkje døypt i Askøy. Men KPL vart jo òg gift oppatt nokre år før han dø. Den kona veit eg ein del om, ho kom frå Vesterålen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Bjørn for kjapt og godt svar!Eg har kikka i Bergen, og det varte ikkje lenge før Johanna Christine dukka opp som døypt i Domkyrkjesokni etter å vera fødd 31.3.1830! Der kjem ogso namnet til mori fram, so då er problemet løyst!Men du, Bjørn, nemner andre kona til Knut Pederson Lunde, Birgitte. Om du veit ein del om ho, so kanskje du ogso veit:* Kva dato og kvar ho døydde? Og, har du opplysningar om dei to borni hennar, Konrad Angel Peder Jakobsen (f. i Øksnes 3.5.1894, d. på Asløy 3.6.1979) og Hanna Lunde (f. Bergen 17.9.1904, d. ??)?* Eg er elles òg interessert i opplysningar om Knut og Johanna Christine sin son på Askøy: Knut Johan ''Johan'' Knutson Lunde, f. i Årstad, Bergen 19.4.1869, d. ??, gift på Askøy 3.4.1893 med Malena Toline Abrahamsdotter frå Tverlien, Askøy, f. på Askøy ?? 1869 og d. ??.?Om du ønskjer det, kan du gjerne senda meg oppysningar direkte på lars.e.oyane@sdsl.no.Nok ein gong hjarteleg takk for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Davidsen

Du skal få det eg veit på epost, men ikkje no, for no vert eg på reise i halvannan veke.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.