Gå til innhold
Arkivverket

[#39985] Halvor Pederson, f. 1731, frå Hafslo til Luster og so til Gudbrandsdalen - kvar?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Halvor Pederson, døypt i Hafslo 4.8.1731 som son av gardbrukar Peder Halvorson og Anna Iversdotter på Morki i Hafslo, gifte seg første gongen i Luster med enkja Siri Larsdotter på Feigum i Luster. Men Siri døydde alt hausten 1762, og Halvor flytte frå bygdi.Halvor hadde ein bror Iver Pederson som døydde i Hafslo i 1809. Då var Halvor avliden, men han let etter seg fire born, som alle budde i Gudbrandsdalen:* Ole Halvorson i Gudbrandsdalen* Johannes Halvorson i Gudbrandsdalen* Anna Halvorsdotter - gift med ein Lars i Gudbrandsdalen* Martha Halvorsdotter - gift med NN i GudbrandsdalenSo kjem me til det store spørsmålet:Er det nokon som dreg kjensel på denne søskenflokken i Gudbrandsdalen? Eg vil tippa den mest sannsynlege bustaden deira der oppe var i Lom, Skjåk eller Vågå...?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Carsten Schanche

Hei Lars!På FS fant jeg en vielse i Lom 7-4-1766 mellom Halvor Pedersen og Brit Olsdtr. Fant også Johannes døpt 24-11-1771 og Ole 17-12-1775. Under begravde i Lom finner jeg en Halvor Peders.Lyngvedeyer som døde i 1782, 52 år gml. [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=lombg&gardpostnr=2616&merk=2616#ovre>LenkeUnder stamrullene finner jeg Johannes og Ole fra Lyngved Lenke LenkeDette kan være Johannes i 1801 Lenkeog Brith i 1801 som bor hos ei Ane Halvorsdtr., men hun er gift med Jacob?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Carsten for interessant innlegg. Du har funne rette huslyden, som ogso Arnfinn Kjelland har stadfest i ei direktemelding til meg! Halvor Pederson hamna altso i Lom, og der budde òg alle borni hans!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.