Gå til innhold
Arkivverket

[#39994] Helge Torjusson Juvet, f. Røldal 1855 - g.m. Kirstina Hansd. - kvar vart dei av?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Helge Torjusson, gardbrukar på Juvet i Røldal der han var fødd kring 1855 som son av Torjus Monsson (1823) og Ambjørg Helgesdotter (1827), gifte seg i Hafslo i Sogn 18.4.1883 med:Bertha Kirstine, kjend som Kirstina Hansdotter, fødd på Morki i Hafslo 5.11.1856.Ei dotter er kjend:* Ingeborg Marie Helgesdotter, fødd i Hafslo 22.4.1883.So forsvinn parfolket frå min ''horisont''. Eg finn dei ikkje i FT1900 nokon stad i Noreg, og ikkje finn eg dei heller mellom emigrantane frå Bergen. So kvar vart det av dei?Eg er òg interessert i fleiore opplysningar om opphavet hans, so som:* Nøyaktig fødselsdato (Røldal 1855)?* Kva som eigentleg vart bustaden til foreldri Torjus og Ambjørg?* Yrket til faren Torjus?* Frå kva gardar/plassar i Røldal Torjus og Ambjørg hadde opphavi deira?Kanskje finst det ei bygdebok for Røldal som kan hjelpa til med opplysningar?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Marie Skålnes

Juvet skal vera omtala i bygdebok for Røldal, som kom ut i 1960.Eg er litt usikker på om dette Juvet er det Juvet eg veit om, som ligg ved vegen mellom Skare og Odda. Eg meinte eg fann personane i ei bygdebok for Odda.Denne slekta skal og liggja ute på Internett, men eg finn ikkje noko når eg søkjer no. Skal sjekka nærare seinare.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Elin H. Skibenes

Fann Kristine som enkje med 2 born i 1900: [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=f01229&gardpostnr=28&personpostnr=152&merk=152#ovre>LenkeEg fann ikkje Helge mellom døde i Røldal 1887-1958. Det tyder vel på at han har døydd mellom 1883/84-1887. Ser sonen Udmond er fødd i Røldal i 1884. Her døyr faren til Helge:Lenke Og her dør mor hans: LenkeSonen Udmond døyr ugift her:Lenke, og Kristine her:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Karin Romstad

Fra Røldal bygdebok ved Knut og Alma Dalen, under Juvet:Helge Torjusson fra Berge Ø. (i Røldal) g. 1883 med Kristina Hansdatter Marken, Hafslo f. 1857,d.1915. Dei skøytte Juvet i 1881. To barn nevnes:Ingebjørg 1883 Juvet Udmund 1884-1914 ug. JuvetHelge Torjussson var født 1855 død 1884, oppgitt som eneste sønn av Torjus Monsson Hårajuvet gift 1853 med Ambjørg Helgesdatter Juvet. Foreldrene Torjus og Ambjørg budde på Øvre Berge i Røldal.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Marie, Elin og Karin for kjempeflotte innlegg! Eg som leitte ''høgt og lågt'' etter desse folki i Røldal, men eg ser kva eg gjorde feil; eg søkte i FT1900 etter Hans* og etter bustad Ju*, medan eg søkte dødsfallslista etter Hans*, og alle tre var so unøyaktige at eg ikkje fekk 'napp'...Vel, hovudsaki er at huslyden er funnen, og er svært so nøgd!Men, ei sak: Står det noko i bygdeboki om lagnaden til dotteri Ingeborg Marie?Elles er eg framleis interessert i:* Nøyaktige fødselsdato for Helge Torjusson (1855)?* Nøyaktig dødsdato for Helge Torjusson (1884)?* Nøyaktig fødselsdato for Udmond Helgeson (1884)?Nok ein gong ein stor takk for framifrå hjelp so langt!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Karin Romstad

Prøver igjen og hvis lenken ikke fungerer nå, så finner du ham under folketellingen 1900 for kommunenr. 1229 Røldal som nr. 154. Han var født 1884.Lenke

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 måneder senere...
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Ein sein, men like hjarteleg takk til Karin for dei siste innleggi om denne huslyden!Eg manglar framleis detaljopplysningar om denne huslyden som nemnt i innlegg #6, men har stilt eit spørsmål i Arkivforum med von om at desse opplysningane kan finnast i kyrkjebøkene.Men eg har i dag fått greie på at dotteri Ingeborg Marie Helgesdotter Juvet skal vera omtalt i bygdeboki for Røldal. Ho skal ha vorte gift med ein svenske og dreiv gard (Juvet?) i Røldal. Dei skal ha hatt ei dotter, som kan leva i Røldal i dag.Er det nokon med tilgjenge til denne boki som kan fortelja meg kva som står der om Ingeborg Marie og huslyden hennar?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Karin Romstad

Til 10Ja, jeg har lurt på om det kan være en etterkommer etter Ingebjørg, fordi brukeren etter Helge Torgilson og Kristina Hansdatter, er Olai Nilson Juvet g. 1 1937 med Kristina Juvet, f. 1917. (To barn, Oddbjørn f. 1946 og Borghild f. 1957) En skulle tro at denne Kristina var opp kalt etter Kristina Hansdatter Marken, men hun står oppført uten foreldre. Det står dessverre ingen opplysninger vedk sivilstatus for Ingebjørg Helgesdatter i bygdeboka. Men Kristina Hansdatter må ha hatt en søster, iallefall er Britta Hansdatter Marken, Hafslo, Sogn gift 1891 med Ola Helgeson Hagen, Røldal, f. 1842, død 1927 bosatt på Måge, Ullensvang.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Karin for spennande innlegg. Det kan so absolutt høyrest ut til at det er barnebarnet Kristina Juvet du har funne, fødd i 1917. Dette vil eg freista følgja opp!Men, dersom du har bygdeboki for Røldal, kanskje du kan slå opp under Hagen der Ole Helgeson og foreldri hans, Helge Olson og Britha Ormsdotter, skal vera omskrivne? Kva er oppgjeve som fødestader på Helge og Britha? (sjå òg tema #42398 i Arkivforum!)Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Karin Romstad

HeiBeklager det tok litt tid, men det er intensiv innhøsting av frukt, det varme været skaper problemer.Ola Helgeson Hagen f. 1842 død 1927, bosatt Måge, sønn av Helge Olson Hagen og Brita Ormsdatter Berge (faren var gift hele tre ganger) Faren Helge Olson Hagen, gift i 1841 med Brita Ormsdatter var sønn av Ola Sveinson Hagen y.70 b, g. med Brita Helgesdatter Øverland. Her finnes det kanskje forbindelser tilbake til Kleiv, Rollag, Numedal osv, i tilleg til Suldal, Odda osv. Brita Ormsdatter f. 1817-1885, var datter av Orm Olson Berge og Marta Brynjulvsdatter Uttun, som giftet seg i 1811. Brita Ormsdatter Berge.Kan du gi meg noen tips om det er noe spesielt du tenker på. Vi er nå inne på min mors slekt, så jeg er litt nysgjerrig i forhold til navnet Kristina, min mormors søster heter Kristina og flyttet til Sverige og giftet seg med en franskmann, så det ville vært artig å finne ut hvem denne Ingebjørg egentlig var gift med.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Karin for interessante og nyttige opplysningar om foreldri til Ole Helgeson!Eg har vore i kontakt med ætti til Kristina og fått litt opplysningar om Ingeborg Marie, men her kjem me opp mot vår tid, so kanskje du kunne kontakta meg direkte? Min e-mail: lars.e.oyane@sdsl.noMed venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.