Gå til innhold
Arkivverket

[#39997] Anna Marie Halv. Rødseth (1817)/Martha Halv. Brudevold (1820)- enkjer i Ålesund?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Anna Marie, kjend som Maria Halvorsdotter, f. i Norddalen 4.6.1817, var gift med gardbrukar Mads Elias Knutson Rødseth i Borgund. Han døydde i 1872, men kvar vart det av enkja? Eg finn ho ikkje i databasen for Borgund, so truleg flytte ho inn til Ålesund og døydde der? Men kva dato?Martha Halvorsdotter, søster av føregåande, døypt i Ørskog 6.5.1820, var gift med kjøpmann Martin Brudevold i Ålesund. Han døydde i 1878, men kvar vart det av enkja?Eg finn ikkje nokon av søstrene i FT1900, so kan me gissa på at dei båe døydde i Ålesund mellom 1885 og 1894 (for eg finn dei heller ikkje i dei skanna dødsfalli for Ålesund 1894-1900)?Eg vonar at einkvan med lokal kunnskap dreg kjensel på desse namni og kan hjelpa meg finna lagnadane deira?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Jonson Dale

Anne Marie Halvardsdatter var datter av Halvard Pederson (Morken), som budde på Apalset i Ørskog, seinare (1820-43)på Magerholm i Borgund. I 1840 ekta Anne Marie smed- og kopparslagarmeister Mads C Knudsen i Ålesund, fødd 1810 på Magerholm i Borgund, daud 1872 i Ålesund. Knudsen eigde fleire bygårdar i Ålesund og dessutan skysskaffargarden Rødset i Borgund. Han var ikkje bonde. Eg veit ikkje kva tid madam Knudsen døydde; er det interesseant?Dei hadde minst sju barn, m.a døtrene Susanne Birgitte fødd 1840, gift med lærar Carl Frøland i Ålesund, Julie Thomine fødd 1846, gift med kjøpmann Michael Bolstad (fra Voss), og trulig Mathea Margrete, gift med cand pharm Fredrik Kr Pfefferkorn.Marte Halvardsdatter Abelset ekta i 1841 kjøpmann Martin Torkelson Brudevold (1815-84) fra Ørsta. Dei budde i Ålesund og hadde minst 8 barn. Eldste datra, Ingeline Sofie Brudevold, fødd 1842, var gift med handelsborgar Carl Martin Dreier fra Trondheim: Dei budde i Ålesund.Eg har ikkje meir om disse Halvardsdøtrene. Ei eldre søster, Kirsti Halvardsdatter (1805-87), var gift med Ola Knutson Magerholm, og deira dattar, Hanna, fødd 1828, var gift med Lars Larsson fra Frøysa i Sunnylven. Fra dei ættar den vidgreinte kjøpmannsætta Larsen (Oscar Larsen) i Ålesund.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 8 måneder senere...
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Ein sein, men like hjarteleg takk til Bjørn for siste innlegg frå mai i fjor.Eg sit framleis utan spor etter dødsfalli til desse to søstrene, som eg er overtydd må vera avlidne i Borgund eller Ålesund sist på 1800-talet. Sidan det no nærmar seg ''deadline'' for dette manuskriptet mitt, vonar eg at kanskje einkvan med lokal kunnskap kan bidra med opplysningar.Eg takkar på ny so mykje for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Hanne Heen

HeiI de digitaliserte kirkebøkene for Ålesund finner jeg denne : Enkemadam Anne Marie Knudsen, født 1818 i Ørskog, død 12 januar 1881, begravd og jordfestet 18 januar 1881 i Ålesund. Hun døde av Mavebetændelse.Hun passer vel inn som konen til Mads C. Knudsen, selv om fødselsåret er litt feil.Finner ikke noe her for perioden 1878-1885 som passer for konen til Martin Brudevold. Mvh Hanne

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Hanne for ei svært velkommi opplysning. Ingen tvil om at du har funne rette dama, sjølv om fødestaden ikkje er heilt ''à point''....! Anna Marie var jo fødd før huslyden flytte til Ørskog...Då sit me att med berre dødsfallet til Martha Brudevold. Kvar kan ho ha gjort av seg?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg ser at Bjørn søkjer trøyst hjå St. Peter, men tviler på om han kan hjelpa oss noko meir i denne saki...Elles takkar eg Marianne for siste innlegg! Eg veit sjølvsagt ikkje heilt sikkert at Martha døydde i Ålesund eller Borgund. Tanken om at ho kan vera flytt til eitt av borni, har òg streifa meg, men eg veit heller ikkje noko meir om lagnadane til borni hennar, so kvar ein i so fall skulle leita, er vanskeleg å seia...Kanskje hamna ho i Amerika på sine gamle dagar...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Jonson Dale

Dei åtte barna til Marta er å finne i folketellinga for Ålesund i 1865. Opplysningane der kan du sjekke mot folketellinga i 1875, og då finn du kanskje kor dei budde.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Marianne Sulesund

Ja, - har søkt etter barna. Det er som familien mer eller mindre forsvinner fra Ålesund, dør eller skifter navn etter 1875 - 1880. Adresseliste Ålesund 1900, kun en Nils Brudevoll i Ålesund som kan være denne slekta. (Ellers er det Sykkylven og Syvde).Hakon finner jeg ikke.Sønn, Martin Ambrosius, er konfirmert i 1866, f. 1849. Finner Brudevold, og Martin Ambr. i Rauma (Grytten) i FT 1900 og Dis-gravminner. I 1900 lever av egne midler. I 1889 får en sønn i Vågen, Lofoten.Hougine(Haugine) til Ørsta g.m. Nils Olsen Brudevoll g. i Bergen, har modeforretning i Bergen.Thora får en sønn i Bergen 1879 med Torkell Johannes Sivertsen, sønn Thorolf Emil. Dåp i Korskirken.Bernhardine g.m. Peter Richard Nordberg, overtoldbetjent i Bergen, får barn der 1880, 1886 og 1889, bor også i Tromsø.Hanna, kan være hun som døde 1867, 13 1/2 år, (eneste Brudevoll gravlagd i Ålesund 1864 - 1871)Ikke funnet noe på utvandret i noen raske søk. Ingen Martha Brudevold død før 1906 i KB skannet i Ålesund.Ingelin Martinsdtr og familien (barn) Dreier er 'Luteranere Overenstemmelse med Stadskirken', bor i hus eiet av M. Brudevoll, ved Hellebroen. Mannen ikke reg., hun er ikke enke. Yngste barn f. 1872 i Tr.heim. Det var dette med dissenter?Kanskje ganske trolig at Martha døde annet sted? Tromsø, Vågan, Bergen, Rauma, Trondheim el. Utland?Og du har snart deadline, Lars? mvh Marianne

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.