Gå til innhold
Arkivverket

[#39998] Ole Andreas Rasmusson, skulehaldar på Håhjemsvik i Skodje, død 1908 - kva dato?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Ole Andreas Rasmusson, fødd på Sandvik i Sykkylven 10.4.1824, gifte seg i Ørskog 19.6.1853 med Hanna Berte Halvorsdotter, fødd i Ørskog 20.12.1826. Parfolket busette seg på Håhjemsvik i Skodje der Hanna døydde som gardbrukarkone alt 7.9.1856. Ole Andreas skal sidan ha vore skulemeister og døydde i Skodje i 1908.Eg har to spørsmål om denne huslyden:* Kan det stadfestast at Ole Andreas og Hanna ikkje fekk born i lag?* Kva dato i 1908 og kvar i Skodje døydde Ole Andreas Rasmusson?Eg vonar at einkvan med lokal kunnskap har høve og hug til å svara på desse spørsmåli og takkar so mykje på førehand for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Grethe og Reidun for innlegg!Desse opplysningane frå folketeljingane 1865 og 1900 synest stadfesta at Ole var barnlaus, men han KAN jo ha hatt born med første kona si som døydde kort etter dei var fødde... Kanskje ei bygdebok kan fortelja oss noko meir?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Tore Anda

Bygdebok for Skodje - gard og slekt, bind I av Louis Giske står det under g.nr 14, b.nr 4, Håjemsvik om Ole og Hanna: Ole Andreas Rasmusson Sandvik (1823-1908) g. 1854 med Hanna Berte Halvorsdtr Abelset, Ørskog (1826-1856). 'Dei var barnlause'. Senere står det at Ole solgte bruket i Håhjemsvik i 1906 til Lars Elias Larsen Sandvik for kr 1000.- og kår. Så sannsynligheten er stor for at Ole døde på bruket. Forøvrig var mor til Ole søster til bestefar til Lars.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Tore for nyttig innlegg. Då er det fastslege at ekteskapet mellom Ole og Hanna var barnlaust, og eg manglar berre den nøyaktige dødsstaden til Ole frå 1908...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.