Gå til innhold
Arkivverket

[#40046] Nils Nilsson Sandal, Gloppen (1832-1895), gift Am. med Bertha NN, f. 21.10.1820?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Nils Nilsson Sandal, fødd i Gloppen 11.11.1832 som son av husmann Nils Johnson på Ripaplassen under Sandal og kona Cathrina Torgersdotter frå Fløtre, flytte i 1850 til Davik og derifrå vidare til Bergen, men skal ha utvandra til Amerika i 1861.Ved FT1870 dukkar Nils Sandal opp som farmar i Freeman township, Crawford Co., WI, og då er han gift med ei:BERTHA, fødd i ''Noreg'' 21.10.1820.Denne Bertha døydde i Utica township, Crawford Co., WI 26.7.1890 utan at me finn noko som helst som fortel kven ho var!? Ho var barnlaus.Kan denne Bertha ogso ha vore frå Gloppen? Namnet hennar kan godt ha vore Britha i Noreg! Om dei gifte seg i Noreg eller i Amerika, veit eg ikkje.Eg vonar at einkvan dreg kjensel på denne jenta og kan hjelpa meg identifisera ho?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Bygdebokforfattaren har han ugift - det tykkjer eg burde tyde på at ekteskapet kan vere inngått i USA.Utan eingong eit farsnamn kan det sjølvsagt vere vanskeleg å finne denne jenta. Gloppebasen min inneheld stort sett det som er av folk til og med 1801, men ho her er då altså yngre.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Aase for nytt innlegg.Nei, eg trur ikkje det er noki lett sak å finna opphavet til denne Bertha, men eg har ei von om at ho KANSKJE kan ha gift seg med Nils Nilsson i Noreg før dei utvandra, kanskje på Bergenskanten? Kanskje i Davik?Eg har søkt grundig gjennom vigselsregisteri både i Crawford Co., WI og i nabokommunen Vernon Co., WI, men utan å finna spor etter vigsli der. Dette området er særleg tett befolka av emigrantar frå indre Sogn, og eg har arbeidd svært mykje med desse listene. Me kan rekna med at nær 99% av dei vigslene som fann stad i desse kommunane på 1860-talet, ogso finst i dei offisielle listene!So, eg vil vona at vigsli vil dukka opp i Noreg...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 5 måneder senere...
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg har no motteke nye opplysningar frå Wisconsin som kanskje KAN hjelpa oss spora opphavet til Bertha Sandal i Noreg:Dødsmeldingi hennar frå Crawford Co., WI fortel at ho var fødd i Noreg 21.10.1820 som dotter av SIMON og GJERTRUD SANDAL.Sandal trur eg må vera feil, om ho då ikkje òg opphavleg kom frå Sandal i Gloppen. Derimot ser eg hjå FamilySearch eitt einaste alternativ:~~~~~~~~~~~~~~~~~~Gjertrud, døypt i Lavik 19.9.1819, dotter av Simon Hansson og Gjertrud Simonsdotter.~~~~~~~~~~~~~~~~~~Som vanleg oppgjev ikkje FamilySearch noko gardsnamn, men kanskje einkvan med lokal kunnskap i Lavik kan hjelpa? Kan dette vera ho som gifte seg med Nils Nilsson Sandal?Eg vonar på gode tips og takkar so mykje på førehand!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Jan Peter og Rune for spennande oppdagingar! Og no har eg nettopp motteke ei stadfesting på at dette er rette Britha, for Nils og Britha gifte seg i Dane Co., WI 31.7.1861, og der er fulle namn på foreldri hennar oppgjevne!Dette var kjempeflott, men eit lite ''problem'' står att å klarleggja:* Var 19.9.1819 fødselsdatoen til Britha, eller var det dåpsdatoen? Dersom fødseldatoen ligg føre, er eg mest interessert i den!Nok ein gong ein stor takk for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.