Gå til innhold
Arkivverket

[#40059] Lars Erikson og Siri Endresdotter - 1746 frå Hafslo til Halland i Gulen- lagnad?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Lars Erikson, fødd på garden La i Hafslo kring 1717, gifte seg i Hafslo 3.6.1745 med Siri Endresdotter frå Molland, døypt i Hafslo 14.6.1721.Bygdeboki for Gulen, bd. II, s. 126 nemner dette parfolket som gardbrukarar på Halland i Gulen frå 1747. Der står det at skiftet etter Lars vart halde 26.11.1771, og at tre søner er nemnde, Erik, Lars og Claus.Eg kjenner til fleire born, m.a. frå FamilySearch:* Kari Larsdotter, døypt i Hafslo 11.4.1745, truleg gravlagd i Gulen før 1750?* Erik Larsson, truleg fødd i Gulen kring 1747(?), ukjend lagnad.* Kari Larsdotter, døypt i Gulen 9.8.1750, ukjend lagnad.* Endre Larsson, døypt i Gulen 1.3.1752, vart ifølgje FamilySearch gravlagd(?) i Gulen 2.7.1752.* Endre Larsson, døypt i Gulen 19.8.1753, vart ifølgje FamilySearch gravlagd(?) i Gulen 16.5.1756.* Lasse Larsson, døypt i Gulen 28.4.1757, ukjend lagnad.* Claus Larsson, døypt i Gulen 5.10.1760, ukjend lagnad.Som enkje gifte Siri seg att i Gulen 24.11.1772 med ein Erik Knutson, som ifølgje bygdeboki var fødd i Masfjorden i 1742(?). Dei heldt fram som gardbrukarar på Halland, og Siri vart gravlagd derifrå 6.8.1799. So gifte Erik seg att i Gulen 8.7.1800 med Else Hansdotter Ånneland. Ho står det ikkje noko om, men Erik Knutson døydde som kårmann på Halland 20.11.1816.Eg har fleire spørsmål om denne huslyden som eg vonar einkvan med lokal kunnskap kan hjelpa meg løysa...:* Finst det ei gravferdsdato for Lars Erikson frå 1771?* Er det nokon som veit kvar i Masfjorden Erik Knutson hadde opphavet sitt og kven som var foreldri hans? Kva med ein dåpsdato?* So var det borni etter Lars Erikson og Siri Endresdotter; Lasse Larsson tente nok på Halland i 1801, ugift, medan Claus Larsson kanskje er han som tente på Undalen i Gulen i 1801. Erik Larsson ser eg ikkje noko meir til. Er det nokon som kjenner lagnaden til desse borni etter Lars og Siri, og hadde dei fleire born?* Og endeleg, ligg det føre opplysningar om Else Hansdotter Ånneland, dåps- og dødsdatoar, namni på foreldri hennar?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Grethe Flood

Dette er vel Erik og Else på Halland i 1801 [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=f11411&gardpostnr=34&personpostnr=549&merk=549#ovre>LenkeSer at Else er 27 år gammel, f.ca. 1774, og at hun og Erik har en felles datter Sigird på 1 år. Hun er vel da oppkalt etter avdøde Siri Endresdatter. Kan dette være Sigrid Eriksdatter i 1865? Lenke.Finner for øvrig dette i FS/Ancestrial File – de tre barna til Erik Knutsen og Else Hansdatter:Sigrid Eriksdatter Lenke. Sigrids mann skal hete Mons, og i 1865 bor nevnte Sigrid Eriksdatter i samme huslyd som Elling Monsen…Hans Eriksen LenkeEli Eriksdatter LenkeI de lenkene som jeg har lagt inn (må sjekkes og håper de fungerer) står det at Else Hansdatter er datter av Hans Anbjørnsen og Kari Tørrisdatter

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Grethe Flood

Dette kan være henvisning til skiftet etter Hans Anbjørnsen Unneland i 1782 [url="http://www.sffarkiv.no/sffbasar/default.asp?p=result&paging=yes&ptype=single&db=dbskifte&page=1&sql=low%5Ffornamn+like+%27hans%25%27++AND+low%5Fetternamn+like+%27an%25%25%27++&appinfogard=&appinfostol=&appinfourl=&id=1>Lenke. Det er vel Kari Tørrisdatter vi finner som kårkone på Onneland nordre, gift for 2. gang med Mikkel Endresen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Grethe Flood

Kari Tørrisdatter skal være datter av Tørris Gregoriussen og Else Hansdatter (se innlegg 2). Tørris Gregoriussens far skal igjen være Gregorius Andersen. Men denne slektsrekka må selvsagt sjekkes!Tørris og Else skal ha inngått ekteskap i Gulen 19.7.1722 og Else er født ca. 1693. I FS/IGI finner jeg at Kari skal ha følgende søsken: Allis, født 1730, Tunsberg, Gulen; Gjertrud, født 1731, Tunsberg, Gulen; Hans, født 1724, Tunsberg, Gulen og Lisbet, født 1721, Tunsberg, Gulen. Andre registreringer i FS viser dette:Lisbeth, døpt 12.2.1723 [url="http://www.familysearch.org/Eng/Search/igi/individual_record.asp?recid=100031082075&lds=1&region=12&regionfriendly=Norway&juris1=Norw9SoFj&juris2=SoFj&juris3=&juris4=&regionfriendly=&juris1friendly=Sogn+Og+Fjordane&juris2friendly=&juris3friendly=&juris4friendly=>LenkeAlis, døpt 15.9.1726 – datter av Tørres Thunsberg LenkeGjertrud, døpt 18.12.1729

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Grethe for fleire spennande innlegg, som skaffar fram interessante opplysningar om Else Hansdotter og huslyden hennar! Ifølgje bygdeboki for Gulen fekk Erik og Else fire born i lag, men då det er ætti etter Lars Erikson og Siri Endresdotter eg følgjer, fell Else sine born ''utanfor'' råma mi.Du har vel ikkje funne spor etter nokon av borni til Lars og Siri?Nok ein gong ein stor takk for hjelpi so langt!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Rune for nye spennande innlegg! Eg tenkte ikkje på å sjekka skifteregisteret, men lat oss vona at eitt av desse skifti kan gje resultat. Eg sender eit spørsmål til Arkivforum og krossar fingrane...!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kenneth Bratland

Jeg finner ikke noen Erik Knutsen som passende kandidat under døpte i Lindås prestegjeld (innbefattende Masfjorden). Du må nesten få tak i trolovelsen og vielsen for å se hvilket gårdsnavn eller forlovere som står nevnt. Mvh. Kenneth Bratland

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Kenneth for nytt innlegg. Eg har diverre ikkje tilgjenge til å leita fram korkje trulovingi eller bryllaupet til Erik Knutson ''frå Masfjorden'', so eg lyt senda ballen vidare... Kanskje Alf Strand ser dette innlegget?Elles synte det seg at Claus Larsson som døydde kring 1816 (dødsfallet finst ikkje i basen på Digitalarkivet! - kvar døydde han?), var son av Lars Erikson og Siri Endresdotter. Skiftet etter Claus refererer til diverse søskenborn, born etter tre av søskeni til faren Lars Erikson, men pussig nok ikkje nokon på morssida(!)Dette tyder samtidig at alle borni etter Lars og Siri var avlidne før 1816, men er det mogeleg å finna dei nøyaktige dødsdatoane eller gravferdsdatoane deira? Eg finn Lasse Larsson som gravlagd i 1804, men ser ikkje noko til Erik Larsson (som skal ha vore i live i 1771) eller nokon av dei andre...Nok ein gong ein stor takk for hjelpi so langt!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...
Gjest Lars E. Øyane

Eg vil i kveld gjerne få trekka fram att dette tema frå ifjor der særleg spørsmålet om opphavet til Erik Knutson ''frå Masfjorden'' framleis står uløyst.No er kyrkjeboki utlagd der denne vigsli hans med Siri er skanna (Lenke - nesten nedst på høgre side), men det ser ikkje ut til at dette hjelper oss; Erik har namnet Klokeide då han gifte seg, men det er jo eit namn i Gulen, og eg kan ikkje sjå at namni på ''kausjonistane'' hjelper oss heller.Men, kanskje einkvan har spekulert på opphavet til Erik Knutson ''frå Masfjorden''?Eg takkar so mykje for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Terje for nytt interessant innlegg. Dei gamle kyrkjebøkene for Gulen (Eivindvik) er so uversiktlege og ''vanskelege'' å leita i at ein aldri kan vera trygg på at ein har funne alle dei datoane som finst der; særleg gjeld dette dødsfalli! Men tek me tidi til hjelp, so finn me vel det meste...Eg har sjølv sjekka dødsfalli til dei to sønene Endre Larsson, og det syner seg at den andre av dei (16.5.1756) må vera feil. Det var rett nok ein Halland som vart gravlagd den dagen, men han hadfe eit helt anna namn...!Etter dette saknar eg:* Gravferdi til den første Kari, fødd 1745, d. før 1750?* Dåp og gravferd til Erik Larsson, fødd kring 1747, d. før 1771?* Gravferdi til den andre Kari, fødd 1750, d. før 1762?* Gravferdi til den andre Endre, fødd 1753, d. før 1771?* Gravferdi til den yngste Kari, fødd 1762, d. før 1771?* Dødsfall eller gravferd til Claus Larsson, som det i 1817 vart halde skifte etter i Gulen?Eg takkar igjen for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.