Gå til innhold
Arkivverket

[#40114] Kamp mellom svenske soldatar og lomverar i Vike-dalane, Lom kring reformasjonen?


Gjest Atle Brandsar
 Del

Recommended Posts

Gjest Atle Brandsar

Eg meiner å ha lese om eit 'slag' i Vike-dalane i Lom i Kristofer Nagel Janson si bok 'Frå Dansketidi' (1875), mellom svenske soldatar på ei ferd gjennom dalen, og lomverar - er det kjeldebelegg for noko slikt - eller er det berre eit litterært krumspring? Det er elles nytta noko tradisjon og gamle segn i boka, så det er kanskje ikkje så heilt utenkjeleg at det kan vere noko i det? Dette vert søkt, men eg legg det ut her, av den vissa at det er mange her som er godt kjende i kjeldematerialet som vi har frå dette århundradet, og dimed kan seie noko om dette, vonar eg ;-)Elles om forfattaren: http://www.aasentunet.no/default.asp?menu=1143mvh,Atle Brandsar

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Torgeir D. Teigum

I Hans P. Hosars bygdebok (nr. 2 s. 84) sier han kategorisk at den referete hendinga fra sjuårskrigen 1563-1570 er fri dikting. Jeg henviser også til s. 95 i den samme bygdeboka hvor det står at Graut-Mads er en 'fullt ut oppdiktet person'. På samme sted refererer Hosar forøvrig til visse dokumenterte tildragelser på geistlig- og øvrighetsnivå - tildragelser som kan forklare hvorfor svenskene fant det best å holde seg unna.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Atle Brandsar

Takk så mykje Torgeir! Då er det på det reine, eg har lese det Hosar har skreve ein gong, men har tydelegvis gløymt det!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...
Gjest Atle Brandsar

No fann eg referert grunnlaget for Kristofer Janson si stutte forteljing om 'svenskeslaget', sitat frå skjåkveren Edvard Grimstad i 'Etter gamalt - II' side 135-136:'...Noko lenger oppe etter same vegen [vegen gjennom Mårådalen] er ei grasslett som har vore kalla Svenskekvila. Kva dette namnet kan ha kome av, er uråd å finne ut nå. Det har gått eit seiande i bygdom her om ein svensk herflokk som kom over fjellet til Lom. Kristofer Janson nyttar denne segni i boki 'Frå Dansketidi'. Det var den herflokken som gamle Jo Eggen tok på seg å vera med over Sygnefjellet, og som han narra med seg ut over eit stup. Svenskekvila kan kanskje ha samanheng med denne segni...'Hmm... Det har altså vore eit segn... Plar det ikkje vere noko i eit _segn_? Historia om Jo Eggen si bragd kan sjølvsagt vere overdreve...men det treng då ikkje vere reint oppspinn?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Atle Brandsar

Fri fantasi:-dei kvilde på Svenskekvila på vegen frå Fjordane, gjekk derifrå til dei kom til bygda, og fekk frå der med seg Jo Eggen...Eg er ikkje godt nok kjend på Sygnefjellet til at eg kan seie det finst eit høveleg stup der, men kanskje på andre sida? Nei, det må då finnast ein stad å lure utanfor nokre svenskar? :-P

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Atle Brandsar

Dei ligg under Lomseggen, gardar under Lom Prestegard. Vart delt i 1770-åra i Nedre Eggen og Øver-Eggen, så det er vonaleg eit bruk som er eldre enn som så. Eggen også kjend i 1730-åra. Om fornfunnet av ei bronsegryte ovafor øvste garden er ein indikasjon på at bruket har eksistert også før, er meir uvisst. (sjå 'Gudbrandsdalen i mellomalderen' bind 2, side 40)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Atle Brandsar

Om denne hendinga kjem frå sjuårskrigen, så er det nok vanskeleg å finne Jo Eggen vil eg tru, og fyrste brukarane i Eggagardane trer i fylgje Bygdabok for Lom fram i kjeldene fyrst i 1770-åra, etter garddelinga, ingen av dei heitte Jo, eller hadde det som patronym.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.