Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

[#40194] Haakon Andersen, f. i Bergen 1883, til Minneapolis, MN 1904 - gm Laura - lagnad?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Haakon Andersen, fødd i Bergen 30.11.1885, den yngste av fleire Andersen-brør, utvandra i 1904, men i motsetnad til alle søskeni sine, som busettre seg i eller nær Brooklyn, NY, fór Haakon til Minneapolis, MN, og i samband med eit skifte frå 1918, vert Haakon sagd vera farmstyrar, men adressa hans er diverre ikkje oppgjevi!For om lag ti år sidan hadde eg kontakt med ein soneson i Marysville, WA, som fortalte meg at Haakon hadde vore gift med Laura Kalland og at ho døydde i WA i 1971, men denne sonesonen let aldri meir høyra frå seg, og huslyden er sidan heilt ''forsvunnen''!Eg har søkt etter Haakon og liknande stavemåter i amerikanske folketeljingar, men har ikkje vore i stand til å finna denne huslyden nokon stader! No vonar eg at ei etterlysing på Brukarforum kan gje resultat; at ein av dykk kan løysa ''koden'' og finna huslyden?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jon Torp

Haakon Anderson f. 30.11.1885 er i 1917 gift med Laura. Bosatt som farmer i Flemington, Hunterdon (?), New Jersey. Kilde: WW1-registration cards.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jon Torp

Norskfødte 34-år gamle Hanber (!) Anderson og kona Laura bor i 1920 i Brooklyn sammen med sønnen Ralph 2 år og 11 måneder. Ralph født i New York. Tellinga gjort 3. jan 1920. Dette er nok Haakon. Han er innvandra 1904. Farm laborer. Naturalisert i 1914. Kona Laura er 28 år, norskfødt, innvandra 1915. Naturalisert 1916.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jon Torp

I 1930 er nok Harry Anderson, Laura og sønnen Rolf i Bedford, Westchester, New York.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jon Torp

New York city - grooms index:Surname - AndersenGiven Name - HaakonMonth of Marriage - MarDay of Marriage - 20Year of Marriage - 1915 County - KingsCertificate Number - 3287

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Jon for fleire imponerande og gode innlegg! Endeleg er Haakon Andersen funnen i Amerika, og no ser det ut til at eg òg har identifisert kona hans:Laura Calland, f. Laksevåg/Askøy 1890, utvandra i november 1914 til Brooklyn, NY etter ein tur heime. Truleg er det ho som dukkar opp i SSDI/WADI som:Laura K. Anderson, fødd og d. i Oak Harbor, Island Co., WA 31.7.1972.Er det no mogeleg å finna opphavet hennar i Noreg?Elles er eg framleis nysgjerrig på dødsfallet til Haakon Andersen...Nok ein kjempetakk til Jon for godt arbeid!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Heisan, fødselsdatoen til Laura fall ut i siste innlegg: 21.12.1890. Laksevåg??Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gisle Hersvik

Eg trur det er rette folket som er funne, men endelege provet manglar.I 1904; [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=47&filnamn=stemrett&gardpostnr=19727&merk=19727#ovre>LenkeI 1906: ??Ved FT1912: ??Adressebok 1924-25: s. 183; Lenke, finnes Laura Kalland, syerske, busatt Skivebk. 34, men ingen Karl/Carl. Men ei Borgny Kalland er husass.Elles finnes s. 184 Karlsen; LenkeCarlsen s. 48; Lenke***********************Kan dette vere mor til Laura som d. 1942; Lenke / Lenke og faren, d. 1940;

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Jon og Gisle for nye spennande innlegg!Det kan sjå ut til at Laura utvandra første gongen i 1907, men eg stussa litt over at ''mannen reiser seinare'', for ho var jo berre 17 år og ugift!Elles finn me huslyden i FT1912 for Øvregatens almenning nr. 7 i Bergen. Der er dei kalla:* Carl Carlsen Calland, fødd Askøy 28.1.1860 restauratør* Laura Carlsen Calland, fødd Askøy 13.10.1866Dei har ogso fire born hjå seg, men ingen Laura (Jr.), for ho var jo då i Amerika!Jau, det er nok desse folki, men berre fødsli frå Askøy (Laksevåg) 1890 saman med dødsmeldingi til mori kan vera endeleg prov...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.