Gå til innhold
Arkivverket

[#40324] Ole Johannesson, fødd Hafslo 1769 - budde Ytre Sogn 1793 - lagnaden hans?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Ole Johannesson, son av Johannes Ingewbrigtson og Agatha Gulbrandsdotter, vart døypt i Hafslo 1.10.1769 og voks delvis opp i Sogndal, men flytte sidan til Ytre Sogn (Solund eller Gulen?) der han budde då det i 1793 vart halde skifte etter faren.Er det nokon med ekspertise på Ytre Sogn som dreg kjensel på denne karen og kan hjelpa meg identifisera han? Kanskje gifte han seg og fekk ei dotter Agatha??Eg ser av FT1801 at det var ein Ole Johannesson på Stokkevåg og ein på Asheim som har ''høveleg'' alder!? Bygdeboki for Solund syner at Ole Johannesson på Stokkevåg ikkje er vår mann, men kva med Ole Johannesson Asheim? Eller kanskje Ole Johannesson på Stavedal i Vik?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jon Sværen

Ola Johanneson (1769-1820) busett på Stavedal i Arnafjorden, Vik Kommune er det IKKJE, då Ola er er født på Hallsete i Arnafjorden i 1769, ikkje Hafslo.Kjelda: Gards- og Ættesoge for Vik i Sogn, Hefte nr 4, Arnafjord sokn frå 2005.Då har du eit navn mindre på blokka di, Lars !

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

Hei Lars!Det ser ut til at Asheim-kanidaten også ryk ut. Den Ola Johannesson som var br. u. lpnr. 37 var f. 1770 (d. 1861) som son til Johannes Olsson Assem (lpnr. 35), f. 1742, d. 1805. Dette ifølge Bygdebok for Brekke, Bind II, s. 266 og 270.M.v.h. Gisle Hersvik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Jon og Gisle for interessante innlegg.Då er m.a.o. båe ''kandidatane'' mine uaktuelle, so då er spørsmålet: Kvar vart det då av Ole Johannesson frå Hafslo? Kanskje han døydde før 1801, eller flytte han ein annan stad? Nordhordland eller Sunnfjord?Alle gode tips vert mottekne med stor takksemd!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 10 måneder senere...
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg vil gjerne ta opp att dette tema, for den KAN tenkjast at eg sjølv har funne denne Ole Johannesson:På plassen Ekrene under Kroken i Hafslo ''dukkar'' det i 1801 opp ein Ole Johannesson i rett alder. Han er gift med ei:Mari Johannesdotter, fødd kring 1760,men dei har ikkje born. Mari døydde i Hafslo 12.11.1837, medan Ole døydde same staden 6.5.1847.Eg kan ikkje finna noki vigsle for Ole og Mari, og heller ikkje finn eg opphavet til Mari. Kan det tenkjast at Ole har funne denne kona si i ytre Sogn og teke ho med seg innatt til Kroken?Eg takkar so mykje på førehand for alle tips og tankar om denne huslyden!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.