Gå til innhold
Arkivverket

[#40378] John Alden, passasjer på 'Mayflower' 1620, frå øya Alden?


Gjest Elin Blom Vesterås
 Del

Recommended Posts

Gjest Elin Blom Vesterås

I Askvoll Bygdebok 11 B står det på side 692, under Tillegg gnr. Alden: 'I 1620 var ei Alden-familie med på 'Mayflower', den første emigrant- båten frå England til Nord-Amerika. Mannen heitte John Alden og kona Pricilla. Ein av etterkommarane deira var Henry Alden, som byen Alden i Iowa har namn etter.' Har vore innom nokre nettsider i USA, bl.a Alden House og Mayflower. Info der om John Alden er at det er fleire teoriar om fødestad og kva familie han kjem frå i England. Eg har sendt mail til desse nettstadane om denne lokale historia, men har ikkje fått noko svar. Det eg veit er at ein familie, som bur på øya Alden, fortel at dette er sant. John Alden rømde av ein eller annan grunn til England, og traff Pricilla der. Det har òg versert at denne historia er ei 'skrytehistorie' som ikkje er sann. SO: er det nokon som veit meir om dette? (Vil òg føye til at det for nokre år sidan kom eit brev frå den Engelske Ambasaden til bebuarane på øya Alden, med spørsmål om dei viste noko om denne John Alden)

bilete0959.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Elin Blom Vesterås

Har prøvd å leite litt i det eg har funne av historie om John Alden på internett. Sidan all informasjon har vore på engelsk, slit eg litt med å forstå alt :-). Men eg har forstått det slik at det er prøvd å finne ut om opphavet hans, og at det fins fleire teoriar. Ein stad sto det at han var den einaste av passasjerane på Mayflower i 1620 som dei ikkje hadde sikker fødestad og dato på.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Elin Blom Vesterås

Takk for opplysningane, frå både Odd og Gunn! Eg bur på naboøya til Alden, og har 'alltid' hørt at det var folk ifrå Alden med på 'Mayflower'. I påska kom eg tilfeldigvis inn på ein nettstad der det stod om denne John Alden, og ulike teoriar om opphavet. Trudde då at eg kanskje kunne bidra med ny informasjon, men...:-) mvh Elin

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 år senere...
Gjest Eirin Høiby

Fant tilfeldigvis dette innlegget, og siden det er 4 år gammelt er det kanskje noen som vet mer nå? Jeg har selv søkt på nett men ingen kan bekrefte at John Alden er født i Southampton som det står i flere artikler. Kunne det vært sånn at en ung båtbygger dro fra Norge til England tidlig på 1600 tallet? Tilbringer alle ferier i Plymouth der mye av byen er oppkalt etter John Alden- som sies å være den første som 'tråkka' på den berømte steinen 'Plymouth Rock' i 'Americas Hometown'. Mvh Eirin

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.