Gå til innhold
Arkivverket

[#40380] Skjåk-anar - har nokon informasjon om desse?


Gjest Atle Brandsar
 Del

Recommended Posts

Gjest Atle Brandsar

Hei!Eg skriv ættesoge for Storlien-ætta i Bøverdalen, og dei ættar fleire stader til Skjåk, så då lurte eg på om det er nokon som har utfyllande informasjon om desse folka: (folketeljingane har eg nytta meg av)-Torø Larsdotter Prestjordet, f. 1818, d. _____?-Lars Rasmusson Prestjordet og Marit Olsdotter Gubhage (Gupphågå) - han f. 1786, d. 1849, ho f. 1790, d. ______? Er det noko særskilde kjelder til informasjon om deira liv og levnet, samt borna og foreldra deira, utanom kyrkjebøkene, folketeljingane og Ætteboka?-Systrene Synne og Anne Sylfestdøtre Maurstad, f. 1788 og 1785. Kva med desse?-Eirik Hansson Prestjordet, f. 1784, d. _______? Gift med Marit Hansdotter Grimstad, f. 1787, d. ______? Desse?Det hadde vore artigt om nokon hadde hatt noko informasjon om desse - ikkje nøl med å dele det, uansett art!mvh,Atle Brandsar

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...
  • 4 år senere...
Gjest Atle Brandsar

Marit Olsdotter vart døypt 7.8.1791 frå Gupphågån, d. 8.9.1865 som kårkone i Prestjordet. Gift 29.12.1813 med Lars Rasmusson Holø, dpt. 3.12.1786 frå Holø, d. 29.8.1868 som kårmann i Prestjordet.Foreldra til Marit: Ola Olsson Ramstad, dpt. 13.1.1748 frå Bøje, d. 28.11.1829 som kårmann i Gupphågån. Gift 8.1.1784 med Torø Tostensdotter Bustad, dpt. 31.10.1762 frå Bustad, d. __.Foreldra til Lars: Rasmus Olsson Holø, dpt. 11.10.1761 frå Holø, gravl. 1.6.1806 frå Holø - 'Rasmus Olsen øvreHole ved et Fald af Hesten og Fasthængen i Stigbøylen'. Gift 1.7.1784 med Magnhild Larsdotter Ramstad, dpt. 23.6.1765 frå Ramstad, d. 5.5.1850 i Prestjordet (hjå sonen Lars), nemnt 86 år gamal.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.