Gå til innhold
Arkivverket

[#40429] Maritta Helgesdt. Håvik gift 1731 i Moster krk. m. Anfind Otteson Ådland


Gjest Ingebjørg R
 Del

Recommended Posts

Gjest Ingebjørg R

Noen som vet noe om fortiden til denne damen? Jeg har ikke tilgang til 'ættesoger' fra dette området, og da blir det av og til bråstopp :).Vennlig hilsen ingebjørg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Hei :-) Dette er klypt ut av reglane som er laga for oss som lagar innlegg her på Digitalarkivet:'Me har laga nokre Ordensreglar på korleis diskusjonane i foruma skal gå føre seg:1) Alle som skriv innlegg i debattforuma skal oppgje fullt namn' osv.....Men det som gjorde at eg såg innlegget ditt er at eg kjenner til dei som du etterlyser, men eg må sjå på det seinare idag.Eg trur nemleg at Annfinn er bror til ein av mine forfedre.Venleg helsing Mariann.PS:men kanskje du får svar frå nokon andre før eg får svart :-))

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Her er foreldra til Marta/Maritta:B IV, s. 142: 6 Helge Ådnesson Håvik, ytre (nr. 3), f. ikr. 1669, d. i sotta i 1742, G.m. Gunhild Sjursdtr., d. 1754, 95 år gl. Born: a. Ådne, f. ikr. 1707, d. 1757. Han var ugift. Truleg var han brukar saman med mor si nokre år, til 1753. I 1757 vart halde skifte etter han. Nettoeiga var 93 rdl. Han åtte part i dei 3 laksvågane i Geitung, arva etter faren. I buet var elles 3 kyr og 2 geiter. Ådne var lagrettemann. b. Erik, f. ikr. 1714, g. Håvik, ytre (nr. 7). c. Alis, g.m. Johannes Emberland, Sveio. d. Marta, g.m. Anfinn O. Ådland, Stord. Helge budde ei stutt tid på nera Skimmeland. Kan hende var kona dotter til Sjur Eriksson. Han kom til ytra Håvikjo då han kjøpte halve garden av ekkja etter herr Nathanael Madsen, Melboe på Stord, Sara Iversdtr., i 1703. Den andre helvta kjøpte han av stykfaren i 1717. Han var brukar til han døydde, og ekkja seinare til 1753. Helge åtte ein liten part i laksvågane i Geitung, og i 1709 kjøpte han ein liten part til, so han åtte ialt 1/8 part. Helge sto seg etter måten bra. Var lagrettemann. s. 141: 3 Ådne Ellendsson Grønås, Dotterson til Helge, ytra Håvikjo, var 55 år gl. etter manntalet i 1665, men ein annan stad står at han var umyndig i 1642, og då må han vera fødd etter 1617. Siste gong Ådne er nemnd er i 1682, truleg døydde han straks etter. Kona heitte Susanne Knutsdtr. og var truleg dotter til Knut Sjursson Notland (nr. 5). Born: a. Ellend, g. Spissøy, nedre (nr. 22). b. Helge, g. Håvik, ytre (nr. 6). c. Knut, f. ikr. 1646. d. Gunhild, g. Spissøy, øvre (nr. 56). e. Ingerid, g. Grindheim, øvre (nr. 76). Susanne g. oppatt med Aarsten I. Håvik, indre. Ådne var ein drivande mann som ikkje var likesæl om eigedommane sine. Han er første gong nemnd i 1650 då han stemnde medeigarane til Geitung for bruksretten til laksvågane. Elles hadde han ofte saker framme på tinget og vart sjølv stemnd. Særleg var det eigedommen sin i Geitung han hadde vanskar med (sjå Geitung). I 1660 «mangla han på odelen» til 1 pund smør i Løkling, som han meinte å ha odelsretten til. Same året makeskifte han med broren, Helge Ellingsson Grønås arveparten sin i Grønås, 2 1/2 spann, 3 3/4 mark korn i Grønås mot 4 merker smør i Geitung. Ådne åtte 1/2 l, 1 mark smør i Geitung og Hiskjo, og i Løkling 41 1/2 mrk. smør. Dette var gamalt odelsgods som ætta hadde ått i uminnelege tider. I Uro åtte han halve garden. Han sat sjølv i laksvågane sine i Geitung i mange år. Ådne var lagrettemann i lang tid.s. 421:19 Ellend Ådnesson Løkling (nr. 2), var komen til Grønås i 1610, d. ikr. 1624. G.m. Marta Helgesdtr. Håvik, ytre (nr. 1), Føde og dødsår er ukjende. Kjende born: a. Helge, g. Grønås (nr. 20). b. Aadne, g. Håvik, ytre (nr. 3). c. og d., to døtre nemnde i ei åstadsak på Geitung. Ellend var med og rusta ut ein soldat til Svinesund, både i 1611 og 1612. Han åtte halve Grønås, tredjeparten i Husa (dei andre to tredjepartane åtte Ola Borøyno), 10y2 mrk. fisk i Hiskjo, og i Geitung 1 pd. smør. Marta var brukar til 1640.s. 140: 1 Helge Pedersson, son til presten på Finnås, Peder Lauritssen. Kona er ukjend. Kjende born: a. Samuel. Han vart sokneprest til Vikør i 1616. I 1622 vart han innstemnd for Domkapitlet i Bergen for legermål med festarmøya si. Han vart dømd « at hand schulle Vere sit Kald quit, Dog maatte bliffue Ved Sit ernbede effter Kong: May ths Synderlige Gunst oc tilladelsse». Han vart soleis dømd frå prestekallet i Vikør, men dersom han vart kalla til prest ein arman stad, skulle det ikkje vera noko til hinder for at han kunne få det. Same året vart han kalla til prest ved St.jørgens Hospital i Bergen, der han var til 1629. I 1628 vart han kalla til sokneprest i Finnås etter farbroren: Daniel Pedersen. Alt gjekk rett for seg, men prosten ville ikkje godkjenna valet. « Men forloed dem och Vigede bort fra dem, och icke Vilde lade dem forstaa Aff Huad Aarsag han sligt giorde, endogh de samme thid hand Nogle gange hannem der om Anmodede ». Årsaka til at prosten ikkje ville godkjenna valet, var at han ville at sonen skulle få kallet, og hadde fått 7 andre menn i Finnås til å kalle han. Prosten fekk ei alvorleg skrape, og valet på herr Samuel vart gjort om inkje, avdi prosten ikkje hadde godkjent det. Kallsretten gjekk då til lensherren som utnemnde Christenjensen, Se1j6. I 1629 sa Samuel frå seg kallet ved St.jørgens Hospital, truleg fordi innkomene var for små, og busette seg hjå sonen på indre Økland i Sveio, der han døydde før 1665. Han hadde sonen, Nils Samuelsson, indre Økland, som hadde ei dotter med andre kona, Anna Eliasdtr. Ho heitte Anna og vart gift til øvra Grindheim (nr. 49). b. Marta, g. Grønås (nr. 19).I 1597 fekk Helge 8 rdl. i bot « for hand belaaeg sin thiennistequinde». Helge var komen til ytra Håvikjo før 1590. Både i 1611 og 1612 var han med og rusta ut ein soldat som skulle sendast til Svinesund. Helge døydde ikr. 1613. Han var lagrettemann. I 1605 06 svara Helge 4 skill. i landskyld av Steinsland, Håvik, indre. Truleg slo han graset der. B IV, s. 98: 2 Peder Lauritsen, er prest i Finnås i 1563. Han svara då helvta av innkoma si det året i skatt, 16 rdl. 2 ort og 14 skill, og 2 lodd sylv, som var verd 2 rdl. Truleg hadde han ikkje meir reide pengar meddi han betalte med sylv. I 1569 var han tilstades ved ein synode i Bergen. Kona er ukjend. Kjende born: a. Helge, g. Håvik, ytre (nr. l). b. Daniel, prest etter faren. c. Anders, g. Håvik, indre (nr. 7). d. ei dotter, g. i Børøyno. Rekkefylgja på borna er ukjend.samme side:Sokneprest til Finnås 1522. 'her laffritz wtjfindoess' (d.e. herr Laurits i Finnås). Han betalte tredjepenningskatten i 1522, med 14 mark pengar, som var tredjeparten av alt gods han åtte, laust og fast. Herr Laurits er innførd i skattemanntalet mellom prestane i Stavanger stift. Grunnen til det er truleg at han har ått jordegods i Ryfylke, som han skatta for. Truleg var det noko av same jordegodset sonasonen, herr Daniel Pedersen, åtte. Dette peikar i retning av at ætta var frå Ryfylke. Han var truleg far til ettermannen i embetet.'Alt er fra Bömlo bygdebok n° 4Skal se om jeg finner noe fra Lykling

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Fra B II, s. 485:'2 Ådne Sjurson er brukar i 1585. Var lagrettemann då. Kona heitte Brita. Ådne var brukar til ikr. 1610, og ekkja fram til 1612. Ådne åtte ein part i Løkling, i 1590 ½ pund. Seinare åtte han truleg halve garden. I 1587 åtte han 22 mrk. smør i Geitung. Ådne var truleg i nær slekt med den gamle Alvsvågætta og den Knut Alvsvåg som levde i 1590 og utover. I 1611 var Brita med og rusta ut ein soldat til Svinesund.'

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjellaug Robberstad Petit

B IV, s. 392: Notland bruk n° 5:'5 Knut Sjursson Alvsvåg (nr. 6). Var 68 år gl. i '1664. Første kona må ha vore ekkja etter herr Daniel Pedersen på Finnås. I ei sakefallsliste frå 1629 30 står: «Knud Nøtteland for hannd Sin feste Preste Ennke før brullupedt haffuer besoffuedt, Pennge 16 Rdl.» (i bot). Dette var mykje pengar i dei dager, like mykje som 6 kyr var verd. Andre kona heitte Kari, nemnd i 1645. Kjende born: a. Jørgen, var 16 år gl. i 1664~, g. Hovland, indre. b. Kan hende Ellen Knutsdtr. Morangsnes, som i 1715 var med og selde odelsretten til 2 laksevågar i Geitung. c. Susanne, g. Håvik, ytre (nr. 3). Knut kom til Notland i 1629 og brukte heile garden. Siste gongen Knut er nemnd, er i 1679. Stort lenger var han truleg ikkje brukar. I 1657 fostra han 2 hestar, 10 kyr og 6 ungnaut. Knut åtte 21 mrk. smør i Løkling, 131/2 mark. smør i Geitung, fjerdeparten i Lindøyno og ein part i Alvsvåg. Det ser ut som det gjekk noko attende med han økonomisk etterkvart. jordegodset selde han, eller pantsette det og løyste det ikkje inn. Han vart og stemnd for skuld. Han var lagrettemann i mange år, skyldsetjingsmann ved matrikkelen 1668 og legdsmann for skatten.'BB II, s. 75 : Alvsvåg / Bruk A. Halve garden.6 Sjur, (Knutson?) var brukar i 1601 til 1639, då han let sonen Sverke få bruka ein part i garden. Sverke for til Løkling i 1642, og andre sonen, Gabriel, fekk då bruka denne parten. Sjur døydde i 1644, og ekkja Ranvei hadde so bruket saman med Gabriel til 1651. Kjende born: a. Gabriel Alvsvåg. b. Knut Notland. c. Sverke Løkling. d. Anna, g. m. Ola G. Stavland. e. N. N. (Ranvei?), g. m. Ola Geitung, f. Jon Lindøyno. (g. kona til Jakob Svortland?) Sjur var av den ætta som hadde sete lenge på garden. I 1624 åtte han 1 laup 3 mrk. smør, ½ våg fisk i Alvsvåg. I Løkling åtte han 2/3 partar av garden, 2 pd. smør. So åtte han halve Geitung, ½ 1. smør. Dette var odelsgods. So åtte han 9 mrk. smør, 9 mrk. fisk i Lindøyno som var halve garden. Dette hadde han som pantegods. Desse eigedommane auka han noko, seinare. Sjur var ein vyrd mann i bygda. I 1632 var han legdsmann som var med og likna ut skatten. I 1624 fekk Sjur og grannen Torstein 6 rdl. i bot fordi dei synte liten godvilje til å svara skatten. Kanhende var det odelskatten som vart pålagd det året dei var uvillige til å betala.'

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ingebjørg Romulslie

Tusen hjertelig takk! Du er engel! Går det an å få kjøpt disse bøkene tro?Vennlig hilsen Ingebjørg Romulslie

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Jeg hörte i fjor at de skulle ut med nytt opplag. Ta kontakt med Bömlo kommune: http://www.bomlo.kommune.no/Jeg har alle disse i min data ettersom de fleste er blant mine 10 og 11-tippoldeforeldre.Bare hyggelig å kunne hjelpe, for det meste får jeg helst hjelp selv-:)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.