Gå til innhold
Arkivverket

[#40636] Martin Braaten (1883-1919) - frå Grue i Solør til Divide Co., ND - kven var han?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Martin Braaten alias Martin Broten, fødd i Solør 13.4.1883, skal ha utvandra til Amerika i 1902 eller 1903 og hadde då foreldri sine med seg til North Dakota.Det er ymse som kan tyda på at det er den Martin som me her finn i FT1900 for Sopreinteppen under Sander i Grue:~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Kristian Braaten hf g Husmand (jordbrugende) 1848 GrueBerthe Braaten hm g Husmandskone 1847 GrueMartin Braaten s ug Søn (jordarbeider) 1883 GrueGunne Braaten fl ug føderaadspige 1827 Grue~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Desse foreldri skal ha vore Christian Henrikson og Bertha Jensdotter, og Bertha var barnefødd på plassen Bråten under Grue prestegard.MEN, er det nokon med lokal kunnskap i Grue som kan hjelpa meg med desse opplysningane:* Stadfesta fødselsdatoen til Martin og at eg har funne rette foreldri?* Fortelja meg det nøyaktige utvandringsåret for Martin og foreldri hans?* Frå kva gard/plass hadde Christian Henrikson opphavet sitt?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Carsten for interessant innlegg.Det ser ut til at dette må vera rett mann som utvandra i 1903, men kva då med opplysningi om at foreldri utvandra i lag med han? Kanskje det ikkje stemmer ''heilt''...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...
Gjest Berit Gullbekk

Fant fødsel/dåp (1883), konfirmasjon(1898) og utvandring 1903 i Grue Kirkebok. Foreldrene var ikke med ved utvandringen. La inn svar med detaljer tidligere i kveld, men innlegget har forsvunnet på veien.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Berit for nytt og spennande innlegg.Eg tenkte eg ville slå opp i dei skanna kyrkjebøkene for å sjekka ut dei opplysningane som du nemner, men so oppdagar eg at bøkene frå gjeldande tidsrom ikkje finst på lista over skanna kyrkjebøker for Hedmark...!Eg var særleg oppteken av å kontrollera at eg hadde funne rett mann, so kan du Berit hugsa om fødselsdatoen hans stemte med datoen eg har motteke frå Amerika?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Berit Gullbekk

Grue KB nr.12, s.24, nr.44 1883 F.30/4 d.3/6 Martin For: Christian Henriksen f.1849 og Berthe Jensdatter f.1848 Braaten u. PrestegardenGrue KB nr.13, s.130, nr.21 1898 Konf. 2/10 Martin Kristiansen Braaten f.30/4-83, d.3/6.83 For: Hmd. Kristian Henriksen og Birthe JensenGrue KB nr.13, s.243, nr.23 1903 Utfl. 25/4 Hmds. Martin Kristiansen Braaten f.1883, d.3/6-83, konf. 2/10-98, ugiftGrue KB nr.10, s.235, nr.40 1873 Gift 30/12 Ungk. Christian Henriksen Lønhaugen u. Grinder f.1849 og pige hmdd. Berthe Jensdatter Braaten f. Soprein? u. Grue Prestegard f.1847 Fedre: Henrik (Mathisen)/Mortensen(utydelig) Græsberget og Jens Bergersen BraatenGrue KB nr.8, s.26, nr.42 1849 F. 14/1 d.4/3 Christian Henriksen uægte For: Pige hmdd. Gunne Christiansdatter Lønhaugen u. Grinder og Henrik Mortensen Græsberget. Begges 1ste lejermaal. Meldt av pigens moder ?? Marthe Mattisdatter Lønhaugen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Berit for det siste spennande og interessante innlegget. Eg ser det er eit mindre avvik i fødselsdatoen, men det kan ikkje vera tvil om at dette er rett mann, for i Amerika er det òg ei referanse til Grinder der Christian var fødd...!Nok ein gong ein stor takk for hjelpi. No er problemet heilt løyst!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.