Gå til innhold
Arkivverket

[#40652] Eilev Iversen, f. 1826 i Lom, til Luster - og so?


Gjest Atle Brandsar
 Del

Recommended Posts

Gjest Atle Brandsar

Eilev var son til Iver Nilsson f. 1797 i Lom og Ingeborg Kristensdotter f. 1800 i Berge, Luster. Mora døydde då Eilev var åtte år gamal, og han kom til besteforeldra sine til oppfostring to år etter, sikkert avdi at faren ikkje var formuande.Han hadde to sysken, Kristen kom til Glømsdal i Bøverdalen til oppfostring og Brit kom til Åkerjordet.Iver og Ingeborg budde i Åsen under Røysheim i Bøverdalen då Ingeborg døydde.Spørsmålet mitt er kvar det vart av Eilev etter at han kom til Berge hjå besteforeldra sine, ein i ætta hans har antyda at han _kanskje_ reiste til anten Nordland eller Danmark, og kanskje til USA frå ein av desse stadene...han er iallfall ikkje nemnd i FT 1865 Lyster det eg ser...Kva for namn Eilev nytta er ikkje visst, det kunne ha vore 'Iversen', 'Åsen/Aasen' eller 'Berge', sidan det er der han fløtte frå. Profesjon er ukjend.På førehand; Takk!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...
Gjest Atle Brandsar

Oppdatering:Denne i ætta har eg tala med pånytt; og han sa no at han _reiste_ til Danmark, og gifta seg der, og så reiste til USA frå der.Er det nokon som er gode til å leite, som kan hjelpe meg?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.