Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

[#40682] Thea Braaten (1889-1969) - frå Modum/Sigdal/Flesberg til N.Dakota - kven var ho?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Frå Amerika har eg fått opplyst at Thea Braaten var fødd på Modum 22.5.1889. Ifølgje FT1930 utvandra ho i 1891, medan FT 1900 seier utvandringsåret var 1892. Eg veit ikkje kven foreldri hennar var, men ho skal ha vorte adoptert av ein onkel og tante, og her er kva eg finn i Coulee township, Ramsey Co., ND 1900:~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~BRAATEN, Christ, laborer born Nov. 1866 Nor Nor Nor em. 1892BRAATEN, Jorgine, wife born Jan. 1867 Nor Nor Nor em. 1892, married 9 years, no childrenBRAATEN, Thea, adopted dau born May 1889 Nor Nor Nor~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Kyrkjeboki for Snarum sokn i Modum syner at:Kristofer Helgesen, skomakar i Saastadeiet, fødd Sigdal 1866 som son av husmann Helge Nilsen Greeneiet i Sigdal, ogJørgine Torgersdotter, fødd Flesberg 1867 som dotter av gardbrukar Torger Torgerson Dokken i Flesberg,vart vigde i Snarum sokn 28.6.1891.Er det ut ifrå desse opplysningane mogeleg å identifisera Thea og finna svar på følgjande spørsmål:* Thea sitt fulle namn, fødselsdato og fødestad?* Fulle namn på dei rette foreldri til Thea med yrkestitel, bustad og opphav til båe?* Utvandringsåret til Thea og adoptivforeldri hennar?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Ketil for spennande innlegg.Då konstaterer eg at både Kristoffer og Jørgine utvandra frå Sigdal, og det same dag i 1892, men kvar er Thea?? Eit mysterium...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Carsten Schanche

Hei LarsDet reiser ei Thea Hansen i 1893 som har samme reisemålLenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ketil Firing Hanssen

Samme dato som Thea reiser også ungkarene Helge H. Braaten (20 år) og Edvard H. Braaten (18 år), begge fra Sigdal. Brødre av Kristoffer?Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Carsten og Ketil for nye spennande innlegg! Det kan vel sjå ut som om at ''nettet'' no tek til å ''snøra seg'' kring Thea Braaten, so kunne me no berre funne fødsli hennar...? Kanskje er ho fødd i Sigdal heller enn i Modum? Eller kanskje bygdeboki for Sigdal har noko å by på?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Laila Kornstad

Hei! Bygdeboka sier at de fire yngste barna til Helge Nilsen(1835-1893) og Turi Torstensd.(1833-1922) i Bråtan under Gren hadde sju barn, de fire yngste var4. Kristoffer 1866, til Modum 1891, gm. Jørgine Dokka fra Fønsetgrenda i Numedal, til Amerika.5. Karoline 1870, til Modum 1892.6. Helge 1873, til Amerika 1893.7. Edvard 1876, til Amerika 1892.Utvandringsårene er nok fra da de 'fikk seg attest', så dette stemmer bra!Hilsen Laila Kornstad.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Ein forseinka takk til Laila for siste innlegget frå i fjor.I dag er truleg problemet endeleg løyst! Kyrkjeboki for Nykirke sokn Modum syner at Thea Hansdotter var fødd på Åsterud i Modum 22.5.1889. Far hennar var gardbrukarson Hans Johnson frå Åsterud, medan mori var Christiane Torgersdotter, som den gongen tente på Åsterud, men ho er då ganske sikkert søster av Jørgine Torgersdotter og frå Dokken i Flesberg!?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Odd K. Stuvstad

Familien til Torger Torgersen og Ingebjørg Pedersdatter er omtalt under Dokka i Flesbergboka (bind 5, s.61). De hadde 15 barn:#11. Jørgine f.1867, g.1891 m. Kristoffer Helgeson Bråtan u. Gren, Sigdal. Til Modum 1891, sea til Amerika. Begge levde i 1941 og budde i Everett i Washington.#13. Kristiane f.1870 til Amerika g. der med en Holien

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Odd for endeleg stadfesting av løysingi på dette problemet. Då er eg godt nøgd!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.