Gå til innhold
Arkivverket

[#40704] Anders Ellendson (1815) og kona Marit (1817) - Dodgeville, WI - kven var no dei?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

FT1870 for Dodgeville township, Iowa Co., WI syner m.a. denne huslyden:~~~~~~~~~~~~~~~ALLENSEN, Andrew 55 Nor farmerALLENSEN, Marit 53 Nor wifeALLENSEN, Allen 27 Nor son farmlaborerALLENSEN, Marit 16 Nor dauALLENSEN, Karen 14 Nor dauALLENSEN, Christine 6 WI dauALLENSEN, Sever 4 WI son~~~~~~~~~~~~~~~I 1880 har dei fått namnet Ellenson, og Marit er vorte til Mary. Eldste sonen Ellen, sidan kjend som Ellen Anderson, vert oppgjeven fødd i Noreg 4.6.1841, og han hadde ein bror som i 1897 vert referert til som:John Anderson (Hove)men utan at bustaden hans er nemnd. Kanskje var han att i Noreg?Ellen gifte seg hausten 1870 med ei enkje Bertha Andersdotter, som var fødd på Greenstøa i Sigdal 2.10.1843, men som utvandra med foreldri sine i 1854.Er det på bakgrunn av desse opplysningane mogeleg å identifisera det norske opphavet til Anders Ellendson og huslyden hans?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Lan denne vigsla ha noko med saka å gjere, klipt og limt frå Familysearch? IGI Individual Record FamilySearch™ International Genealogical Index v5.0 Norway Search Results | Download | Pedigree-------------------------------------------------------------------------------- ANDERS ELLENSEN Male Family -------------------------------------------------------------------------------- Event(s): Birth: Christening: Death: Burial: -------------------------------------------------------------------------------- Parents: Father: ELLEN ANDERSEN Family -------------------------------------------------------------------------------- Marriages: Spouse: MARIT JOHNSDR Family Marriage: 12 MAR 1842 Norderhov, Buskerud, Norway-------------------------------------------------------------------------------- Messages: Extracted marriage record for locality listed in the record. The source records are usually arranged chronologically by the marriage date. -------------------------------------------------------------------------------- Source Information: Batch No.: Dates: Source Call No.: Type: Printout Call No.: Type: M424056 1838 - 1847 0124057 Film NONE

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Aase for eit lovande og svært interessant innlegg. Det ser ut til å vera dårleg med registreringar frå Norderhov på FamilySearch, for ingen born av Anders og Marit er opplista. MEN, dette parfolket ser svært lovande ut, so no vonar eg at einkvan med detaljkunnskap i Norderhov kan stadfesta at dette er rette folki? Eg er særleg interessert i:* Stadfesting av fødselsdatoen til Ellend Andersson, 4.6.1841 (eller kanskje 1842)?* Utvandringsåret til denne huslyden?* Bustaden (gard/plass) til denne huslyden?* Frå kva gard/plass hadde faren Anders Ellendson opphavet sitt?* Frå kva gard/plass hadde mori Marit Johnsdotter opphavet sitt?Eg takkar nok ein gong for glimrande hjelp!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Gro Berit for nytt innlegg.Dersom so mykje er registrert på FamilySearch frå Norderhov, kvar er då barnedåpane? Eg kan i alle fall ikkje finna dei...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Thorleif Solberg som direkte har meldt attende følgjande:Anders Ellendson var gardbrukar på Aspholt (Ospholt) i Hedalen, Sør-Aurdal, medan Marit Johnsdotter, andre kona hans, var frå Øvrevollsbråten i Ådalen, Norderhov. Dei budde på Aspholt i Hedalen til dei i 1861 utvandra til Amerika. Med dei over var borni:* Ellend, f. 1842* John, f. 1845* Anna, f. 1849* Marit, f. 1854* Kari, f. 1856Ellend Andersson var m.a.o. fødd i 1842, og det einaste spørsmålet som står att for meg å finna svar på no, er:* Fødselsdatoen til Ellend Andersson? Var det 4.6.1842?Nok ein gong ein stor takk for framifrå hjelp so langt!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gro Berit Sternang

Jeg kom tilfeldigvis over sida Valdresslekt, vet ikke om du kan finne noe her. Litt lang ned på sida er det lenke til utvandra fra Valdres, men Nord- og Sør-Aurdal ser ut til å være bytta om.LenkeGro Berit.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Gro Berit og Aase for nye interessante innlegg.Skal me tru emigrantprotokollane frå Valdres, so er fødselsdatoen til Ellen(d) 1.6.1842, noko som ikkje avviker meir enn tre dagar frå dei opplysningane eg har motteke frå Wisconsin... Det hadde likevel vore kjekt å samanlikna med originalkyrkjeboki frå 1842...?Ein ny stor takk for framifrå hjelp!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Rune Thorstensen

Her er i alle fall fødsel og dåp hentet fra FamilySearch VRI, noe som vel er langt mer å stole på enn IGI.Lenke Mvh. Rune Thorstensen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Rune for nytt interessant innlegg!No ser eg at eg har mistolka opplysningane frå utvandringsprotokollane med omsyn til dag og månad. Då er altso fødselsdatoen 6.1.1842, og eg vil slå meg til ro med det!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.