Gå til innhold
Arkivverket

[#40716] Halvor Christenson/Synneva Olsdotter -frå 1808 på Setet, Julsundet, Aukra-borni?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Halvor Christenson (Hagen) (1763-1832) gifte seg i Hafslo i Sogn 1803 med Synneva Olsdotter (Tornebakken) (1774-1842). Dei budde på Kjerringnes i Hafslo til dei i 1808 busette seg på Setet i Julsundet, Aukra prestegjeld i Romsdalen.Halvor og Synneva fekk sju born; av dei har desse to vore særskilt vanskelege å finna att:* Ole Halvorson, døypt i Hafslo 1.11.1804. Ved eit skifte i 1843 får me opplyst at ''Ole har vore i teneste hjå oberstløytnant Bodan i Trondhjem'' og ein trudde han framleis budde der... Lagnaden hans er elles ukjend!* Berit (Berit Anna?) Halvorsdotter, fødd i Aukra kring 1812, vart ved FT1815 og ved konfirmasjonen 1828 kalla for Berit, men same skiftet frå 1843 omtalar ho som ''Anna, gift med ein enkjemann nær Molde''. Lagnaden hennar er elles ukjend!Eg har vore på leiting etter desse søskeni i lengre tid, men har ikkje lukkast i å finna dei att. No set eg liti mi til Brukarforum og vonar at einkvan med lokal kunnskap kan hjelpa meg spora dei opp?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Grethe Flood

Jeg har sjekket med bygdeboka for Midsund, bind 1 (forf.: Johan Julnes) og der står det heller ikke noe om Berit annet enn at hun er født 1812 og konfirmert 1828 på Hagset. Om storebror Ole står det i parentes: Kan han ha busett seg på Mek i Molde?).Om den yngre søsteren til Berit, Marit, f. 1815, står det at hun ble gift 28/8-1837 med enkemann Peder Tronsen Kjørsvik, f. ca. 1803.Men disse opplysningene har du vel allerede.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 måneder senere...
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Ein forseinka, men like hjarteleg takk til Grethe for innleggi om denne huslyden som kom, medan eg var bortreist i sommar.Eg har i dag kikka litt meir på denne huslyden, og denne Berit Halvorsdotter frå Molde i 1865 KAN so absolutt vera ho eg leiter etter. MEN, so vidt eg hugsar er det noko mangefulle kyrkjebøker frå Aukra frå tidi kring 1812, so der kan ha vore fleire med same namn. Elles er det godt mogeleg at skiftet frå 1843 inneheld feil. Eg har diverre ikkje nemnde skifte for handi nett no, men eg spør meg kva dei eigentleg kan ha meint med ''nær Molde''?* Elisabeth Halvorsdotter var gift med ein enkjemann som var over 40 år eldre enn ho, Lasse Madson, og dei budde på Bjørset i Bolsøy.* Marit Halvorsdotter var som du Grethe seier, gift med enkjemannen Peder Trondson Kjørsvik, og dei busette seg på Tømmerbakk i Fræna.So er spørsmålet: Kva for ein av desse stadene kan me seia er ''nær Molde'', Bjørset i Bolsøy eller Tømmerbakk i Fræna?Elles er det framleis eit mysterium kvar det vart av Ole Halvorson? Eg ser bygdeboki nemner Mek i Molde med eit spørsmålsteikn. På Mek finn eg ikkje nokon, men FT1865 for husmannsplassen Krogen under garden Hatlen i Kleive sokn, Bolsøy syner denne huslyden:~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~John Eriks. Husfdr. Husmnd. med Jord g 32 m Bolsø Prgj.Randi Olsd. Johns Kone g 25 k Bolsø Prgj.Erik Johns. deres Søn ug 2 m Bolsø Prgj.Helina Larsd. hændes Datter ug 4 k Bolsø Prgj.Ole Halvors. Føderaadsmand e 60 m Holens Prgj.Randi Johnsd. Gjeterpige ug 11 k Bolsø Prgj.~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Alderen på denne Ole høver svært so godt, men kvar er HOLENS prestegjeld? Er det feilskrift for HAFSLO?Er det nokon med lokal kunnskap i Romsdalen som kan bidra med noko her?Eg takkar på ny so hjarteleg for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg har nettopp funne att skiftet frå 1843, og det syner at skifteretten i indre Sogn då ikkje hadde opplysningar om meir enn tre born etter Halvor Christenson på Setet i Julsundet, nemlig:* Sivert Halvorson Sæthe, 38 år, busett på Sæthe* Ole Halvorson Sæthe, 36 år, opplysningar som i innlegg #1* Anna Halvorsdotter Sæthe, 37 år, ''gift med en enkemand hvis navn ikke vides, boende ved Molde''Etter dette ligg det svært nær å tru at denne Anna er identisk med Elisabeth, og at Berit godt kan vera ho som i 1865 var ugift og budde i Molde!Eg vonar på fleire innspel når det gjeld:* Ole Halvorson - kan henda på Hatlen i Kleive sokn, Bolsøy? (sjå innlegg #4)* Berit Halvorsdotter i Molde? (sjå innlegg #3)og takkar nok ein gong for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Ole Halvorson frå innlegg #4 vart ifølgje FamilySearch gift i Kleive sokn, Bolsøy 1.11.1829 med ei Ingeborg Endresdotter. Dotteri Randi var fødd på Roaldset i Kleive sokn 16.9.1841. Denne Ole Halvorson Roaldset ser ut til å vera avliden på Hatlen i Kleive sokn, Bolsøy 16.3.1871.Er det han me leiter etter som var fødd i Hafslo?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.