Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Pål Gjerde

[#41086] Knut Askildsen Frøysa, Sunnylven

Recommended Posts

Gjest Pål Gjerde

Knut Askildsen gifta seg med Synnøve Knutsdatter Frøysa og bygsla et bruk på Frøysa etter svigerfaren i 1739. Han døde der i 1765 (Kilde: Sunnylven og Geiranger).Er det noen her på forumet som kjenner noe til opphavet til Knut ? Navnet Askild er ikke så vanlig i Sunnylven på denne tida, jeg har bare funnet en bruker i Skoskatten 1711 med dette fornavnet (Askild Olsen på Hellesylt, kilde: soga.no).I Manntallet 1701 er det en bruker i Norddal, Askild Dyrkorn, 47 år, som i tillegg har en sønn Knut på 12 år. Dette kan jo også være 'min' Knut.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tor Myklebust

Eg meinar at Knut Askildsen skreiv seg for Gjerde då han vart gift i 1738. Eg trur han var son til Askild Håvardson Lille Ringdal, Lenke. Dei budde på bruket Lille-Gjerdet.Skal sjå nærmare på det når eg er tilbake frå ferie neste veke.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tor Myklebust

No har eg sjekka vigselen til Knut Askildsen og Synnøve Knutsdtr i kyrkjeboka.1738 Feria 4de Nativ: Christi troloved Knud Aschieldsen og Synneve Knudsdatter Frøse. Forløftings mænd Lars Frøse og Ole Larsen Frøse. 1738 Feria 5te Nativ: Christi Copulered Knud Aschieldsen og Synneve Knudsdatter FrøseDermed seier ikkje vigselen noko om opphavet til Knut. Det er likevel ting som tyder på at han kan ha vore son til Askild Håvardsen Lille Ringdal. Askild var son til Håvard Sakariassen Lille Ringdal. Han busette seg på ein del av garden kalla Lille Gjerdet, Ringdalsgjerdet eller berre Gjerdet. Kona til Askild var truleg Synnøve Knudsdtr Gjerdet som døydde 74 år gammal i 1743. Borna til Askild som eg er sikker på er: 1) Gjertrud gift 1g. med Ole Jochumsen Åsen og busett på Lille Gjerdet, 2) Sissel g.m. Ingebrigt Halvorsen Åsen og busett der og 3) Håvard g.m. Ingeborg Jonsdtr Mersunde frå Stryn og busette på Nes i Skodje. I tillegg er der ein ”Zacharias Aschelsen Giere” som i 1755 giftar seg med ei enkje på Heimste Eide i Norddal.Askild Håvardsen hadde ein bror Rasmus Håvardsen. Truleg er det han som giftar seg med Anne Endresdtr på br. 8 på Røyrhus og vert busett her. Då Håvard Askildsen hadde sonen Peder til dåpen i 1740 er Rasmus Røyrhus blant fadderane. Rasmus Håvardsen døydde i 1751 70 år gammal. Ved skiftet er Knut Askildsen Frøysa oppnemnd som formyndar for dottera Gjertrud.Fadrane på borna til Knut Askildsen og Synnøve Knutsdtr er for det meste slekt og naboar på Frøysa. Men vi finn også Anne Røyrhus (kona til Rasmus Håvardsen?) og Halvor Åsen.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Pål Gjerde

Hei !Tusen takk for nyttig informasjon! Bygdeboka er litt tynn på informasjon om slektsfobindelsene på Frøysa (og også Lille Ringdal). Det ser jo unektelig ut som om det må være en forbindelse mellom Askild Håvardsen og Knut Askildsen. Jeg regner med at det ikke finnes skifte etter Askild som evt. kunne bekrefte at Knut var sønnen ?Jeg har også et annet spørsmål fra Frøysa som du kanskje kan hjelpe med, det gjelder opphavet til Brit Knutsdatter Frøysa, gm Ole Iversen Bjørdal (iflg. Bygdeboka, s. 97).Den informasjonen jeg har om disse personene ligger på hjemmesiden min: http://www.palgjerde.org/slekt/lp2-4.htmUtgangspunktet er Ole Knutsen Bjørdal som flyttet til Lenvik i Troms og giftet seg med en kvenpike der.Nok en gang tusen takk for hjelpen !

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tor Myklebust

Der er ikkje skifte etter Askild. No fann eg i mine notat bygselen til Knut Askildsen henta frå tingboka og datert 3. oktober 1739. Han er der kalla Knut Askildsen Gierde. Nok eit indisium på at han kan vere frå Lille Gjerde på Lille Ringdal.Når det gjeld opphavet til Brit Knutsdatter Frøysa er det større uvisse. Der var berre ein brukar på Frøysa med namnet Knut tidleg på 1700-talet og det var svigerfaren til Knut Askildsen, Knut Knutsen Frøysa. Han fekk bygsel på Frøysa-bruket i 1711 då han gifta seg med enkja Anne Serkvesdatter. Bygdeboka nemner berre to barn i dette ekteskapet, Peder og Synnøve. Men der skal vere to til i følgje skiftet etter Anne i 1738, nemleg Brite og Kari. Men denne Brite Knutsdatter er truleg ho som vart trulova i 1742 med lensmannssonen Peder Ivarsen Hellesylt. Dei fekk sonen Ivar, men Peder døydde før dei vart gifte. Ved skiftet etter Peder i 1743 var Knut Askildsen Frøysa ein av formynderane til sonen Ivar. Brite vart så gift i Borgund i 1752 med Didrik Pedersen Emblem og busett på Hanken i Borgund. Dermed må det vere ei anna Brite Knutsdatter Frøysa som vart gift til Bjørdal. Kva tilknyting ho har hatt til Frøysa er vanskeleg å seie. Trur ein må sjekke fadrar m.m. for å sjå om ein kan finne ein fellesnemnar.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.