Gå til innhold
Arkivverket

[#41121] Knut Andreas Enokson Åamås


Gjest Wenche.O. AbeltunTarberg
 Del

Recommended Posts

Gjest Wenche.O. AbeltunTarberg

vet noen kor ej kan finne ut om han Knut Andreas Enolson Åamås f.26.08.1892 -1960(han var bryggearbeider) gift med Katrine Hambly de flyttet til Seatle,noe meir veit ej ikkje. Vet noen om dei fikk barn og evt kor ej kan sjå /søke for å finne dei

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Wenche.O. AbeltunTarberg

Ja det er denne karen ej søker,ej veit han han for til Seatle og trur han vart der til han døde,mener han skal ha ei datter der borte som er 85 år men er ikkje helt sikker.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gunnar Ellingsen

Eg er usikker på om du kjenner til Ragnar Standal si utvandrarsoge for Ørsta, 'Mot nye heimland', men eg tek i alle fall med det han skriv om Knut Andreas Enokson Aamaas:'Aamaas, Knut Andreas Enokson, f. 1892, var eldst av 12 sysken og utvandra 1/5 1911 saman med Sverre Olav Lystad frå Ålesund på tilsend billett. Reisemålet var Spokane, og han drog til syskenbarnet sitt, Olger Barman frå Volda. Året etter var han å finne i Alberta, Canada, og veksla så nokre år mellom den staten og British Columbia. Ved juletider 1915 fekk han seg arbeid i Hedley Gold Mine, British Columbia, og vart verande der 7-8 år. Der møtte han kona si, Katerine Hambly, av engelsk ætt. Dei hadde berre ei dotter, Doreen. I 1924 flytta dei til Seattle, der han fekk seg arbeid som bryggesjauar. Knut (Andy Enokson) døde i 1960, medan kona var i live i 1983.'Den amerikanske folketeljinga for 1930 syner at Andrew Enokson (f. ca. 1893), kona Kathie H. Enokson (f. ca. 1900) og dottera Doreen V. Enokson (f. ca. 1921) budde i Seattle.Med venleg helsing frå Gunnar Ellingsen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Wenche.O. AbeltunTarberg

Hei GunnarNei den boka kjenner ej ikkje til er den og få tak i på bibloteket kansje?du nevnte og ein Olger Barman det er ein ej har prøvd lenge og finne noke ut av uten lykke vet du om han med kan ver nevnt i den boken?MVH Wenche

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Wenche.O. AbeltunTarberg

Hei GunnarNei den boka kjenner ej ikkje til er den og få tak i på bibloteket kansje?du nevnte og ein Olger Barman det er ein ej har prøvd lenge og finne noke ut av uten lykke vet du om han med kan ver nevnt i den boken?MVH Wenche

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gunnar Ellingsen

Hei igjen!1. Utvandrarsoga 'Mot nye heimland' finst nok på biblioteka, i alle fall her i Ørsta og i Ålesund. Ho kom ut i 1985.2. Eg har leita litt etter den personen som Ragnar Standal kallar Olger Barman og som skulle vere Knut sitt syskenbarn i Volda. Det næraste eg kjem, er ein familie som i folketeljinga i 1900 budde i Halkjelsvik - truleg på Abeltun, og der det var ein pleieson som heitte Ole Barman og var fødd i 1892. Han var såleis jamnaldring med Knut. Det interessante er at Ole Barman var pleieson hos Abel Monsson Heltne, for Abel var jo morfar til Knut (mor til Knut heitte jo Karen Abelsdotter, som du heilt sikker veit). Ole Barman er ikkje nemnd i Voldasoga (bd. 1, s. 404), men altså i folketeljinga i 1900. Konklusjonen min er elles at Ragnar Standal har teke litt feil når han skriv Olger, ikkje Ole Barman.Med venleg helsing frå Gunnar

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Wenche.O. AbeltunTarberg

hei Gunnar han Abel var Ole Barmanns bestefar for oles mor var Oluffa Sevrine Abelsdotter hun fikk Ole Med ein presteson frå Sunnylven/ Hellesylt. Det sies at han het Ole men i brev ej har sett han har skrevet heim til sin bestemor (som budde i Ulsteinvik)skrev han Olger. Det er ikke lett og finne noke meir om han da ej har prøvd og finne ut kem hans far var og om han har søsken. Fikk tak i boken på bibloteket så der fann ej det du har skrevet.vet du om det finnes evt ei slik bok for Volda med fan ei frå Ørsta.Med vennlig helsing Wenche

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Wenche.O. AbeltunTarberg

Hei OddTakk det kan kansje stemme ej har navnet på denne personen frå før av så det kan kansje stemme,ikke heilt sikker da ej ikke klarer og finne noen Ole Barmann f 23.12.1892 i noken kirkebøker har sett i Volda,Ørsta,Ulsteinvik.Hadde vert flott om noen kunne hjulpet mej her.Wenche

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gunnar Ellingsen

Hei!1. Det finst, så vidt eg veit, ikkje tilsvarande utvandrarsoge for Volda som den som Ørsta har.2. Kyrkjeboka for Ålesund syner at Ole Barman vart fødd der 22. desember (ikkje 23.) 1892 og døypt der 15. januar 1893. Foreldre var ungkar og handelsborgar Ole Barman og 'Pige' Oluffa Elina Kornelia Abdelsdotter frå Ulstein.3. Faren Ole Barman er nok identisk med den ugifte 'Agent' Ole Barman, fødd i 1865 i Haram, som finst i folketeljinga for Borgund. I same huset budde mellombels også denne Ole sin far Ole Barman, pensjonert prest. Etter at han var prest i Sunnylven, var han prest i Haram 1867-1889. Eg trur for øvrig at opplysninga om at Ole Barman vart fødd i Haram i 1865 er feil, og at han vart fødd i Sunnylven - men voks opp i Haram.4. Kyrkjeboka for Volda syner at din Ole Barman vart konfirmert der 6. oktober 1907, og at han då budde på Heltne.5. Digitalarkivet sin database 'Emigranter fra Oslo 1867-1930' syner at Ole Barman, fødd 22. desember 1892 og heimehøyrande i Volda og ugift, reiste frå Kristiania med 'Aaro' 15. januar 1910. Reisemålet var Minnesota, og føremålet med reisa var 'bedre fortjeneste' - altså å tene meir enn han tydelegvis gjorde her heime.Helsing Gunnar

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Wenche.O. AbeltunTarberg

Hei GunnarTusen takk det ej fikk vite nu var til stor hjelp nu he ej fått vite at det er denne Ole Barman f 1865 i Sunnylven,så tusen takk så mye for hjelpen Helsing Wenche

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Wenche.O. AbeltunTarberg

Hei Gunnardu skrev i innlegget ditt at du fann han Ole Barman i kirkeboka for Ålesund ej har vert og sett der men det eineste ej ser er Klokkarbok for Ålesund 1873 -1898 og der står det kun innflytta.Kor var det du fant han hen? ellers fant ej han på Lista på Emigranter, Så tusen takk for hjelpen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gunnar Ellingsen

Hei igjen!Du finn nok ikkje dette på internett enno, så eg tok meg ein tur til biblioteket på Høgskulen i Volda. Der har dei drøssevis av kyrkjebøker på mikrofilm, så der fann eg både dåpslistene for Ålesund i 1892 og konfirmasjonslistene for Volda i 1907.Helsing Gunnar

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.