Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Gisle Hersvik

[#41657] Dødsmeldingar i Hyllestad (Øn) (1907 og 1919) – Knut O. og Ingeborg A. Skorpen

Recommended Posts

Gjest Gisle Hersvik

Mine tipp-oldeforeldre Knut Olsson f. Sandal og Ingeborg Andersdtr. f. Bekken dø hhv 18.4.1907 og 06.11.1919. Bopel: Skorpen.Eg ønsker å vite kven som er nemde i dødsmelding/skifte etter dei.Dersom det finnes dødsmelding/skifte etter første kona til Knut Olsson, Kari Rognaldsdtr., som dø 12.07.1883 (Hellem, Hyllestad) skulle eg gjerne ha visst kven som var nemnde der også.M.v.h. Gisle Hersvik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Yngve Nedrebø

Da Knut O. døde står det at han etterlot seg enke Ingeborg Andersdtr og 6 barn, av dem 3 umyndige. Den yngste var Iver, 12 år.Da Ingeborg døde etterlot hun seg Henrik Jonsen Hersvik, 40, Judith Hersvik, 28 år, Bergen fra sitt første ekteskap, og Annanias Knudsen Storaker, 32, Olai K., 27, Johannes K., 25, Stavanger, og Maria K., 20 år, ukjent oppholdssted. fra andre ekteskap.Det ble ikke holdt skifte etter noen av dem.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gisle Hersvik

Hei og takk for opplysningar, men lurer litt på det du skriv om Ingeborg sine etterlatte. Om ho dø i 1919 stemmer ikkje dei aldre som er oppgitte med fødselsåra.Henrik, f. 1868, skulle gi 51 år i 1919Juditte, f. 1875, --- 44 år i 1919Ananias, f. 1879, --- 40 år i 1919Olai, f. 1885, --- 34 år i 1919Johannes, f. 1887, --- 32 år i 1919Marie, f. 1891, --- 28 år i 1919

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Mary-Ann Hersvik Strøm

Hei !Vedr. Ananias Knudson, f. 1879 så er han født 4 år før Kari Rognaldsdatter døde og før Knut ble gift på nytt. Er virkelig Ananias sønn av Knut ?Min bestefar fortalte at både hans far Henrik og Ananias ble sendt til Færøy på Solund i tjeneste da deres far Jon Ananiassen døde.Mvh Mary-Ann Hersvik Strøm

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gisle Hersvik

Hei Mary-Ann!Ifølge skanna kyrkjebok (klok) for Hyllestad, ved konfirmasjon 13/10-1895 vart Annanias Mathias Skorpen oppgjeven å vere f. 15/12-1879 og dp. 11/4-1880. Fødestad er oppgitt som ”Kin ved Florø” og fld. ”Gm. Knud Olsen, Hustr. Ingeborg Andersdatter Skorpen”, vaksinert 26/9-1884, ”Temmelig god Kundskab og Flid, meget god Opførsel”Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Øn i Hyllestad, Klokkerbok nr. C 3 (1894-1913), Konfirmerte 1895-1896, side 72.Permanent sidelenke: [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=1994&idx_id=1994&uid=ny&idx_side=-43>Lenke (nr. 5)Permanent bildelenke:

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Torbjørn Hillersøy

Hei Gisle! Eg driv med slektsforskning for garden Batalden i Kinn pr.gj. og kan koma med nokre opplysningar vedrørande desse personane. Ingeborg Andersdtr. var gift 2 gonger, men hadde born med 3 menn. Ho vart gift 1. gong 20/1 1867 med enkjemann John Ananiasson Batalden. Med han fekk ho borna: Henrik f. 2/1 1868 i Batalden Bolette f. 20/2 1870 +27/2 1870 i BataldenJohn Ananiasson døydde 5/4 1874.Ingeborg fekk dottera Juditte Andrea Elise f. 9/2 1875 i Batalden. Faren var ein sjømann Jon, meir står det ikkje i kyrkjeboka om han.Så gifte Ingeborg seg i 1885 med Knut Olsson Hellem (garden Hellem ligg i Lifjorden, og han budde vel der i sitt 1. ekteskap). Dei fekk 6 born saman: Ananias, Olai, Johannes, Jonas, Marie og Iver.I 1888 kjøpte Knut garden Indre Skorpa på øya Skorpa i Hyllestad for 1400 kr..Mor til Ingeborg Andersdtr.; Anne Bårdsdtr., og Ingeborg flytta til Batalden frå Lavik i 1852, for å få seg arbeid under det rike sildefisket i Batalden på den tida. Anne vart truleg fødd på husmannsplassen Eikeneset under garden Årnes i Lavik. Far til Ingeborg heitte Anders Iverson Hatleli og han døydde då han og Anne var forlova, og ho gjekk gravid med Ingeborg. Anne gifte seg i Batalden 5/6 1853 med Alexander Sørenson f. 1813 på plassen Saueholmen under Batalden. Desse fekk 4 born: Elen Oline, Karl Olai, Erik Olai og Anne Oline. Ingen av borna vaks opp.Familien budde på Saueholmen. Alexander døydde i 1876. Det er truleg at Anne budde hos dottera Ingeborg og svigersonen John på plassen Grøe under Batalden etter at mannen døydde.Så flytta dei altså til Indre Skorpa i 1888.Til forvirring kan det nevnast at John Ananiasson vart fødd i 1805 på øya Skorpa i Kinn pr.gj.!Kan sende deg meir om hans forfedre om du er interessert.Helsing Torbjørn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gisle Hersvik

Hei Torbjørn! Takk for opplysningar, men det som framleis er litt ope er kven som var foreldra til Ananias, f. 15/12-1879 og dp. 11/4-1880. Kva seier kyrkjeboka for Kinn? Hadde Knut og Ingeborg eit forhold allereie i 1879, altså 5-6 år før dei gifta seg?M.v.h. Gisle Hersvik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Torbjørn Hillersøy

Hei Gisle! Ja, iflg. kyrkjebok for Kinn fekk dei Ananias 5 år før dei vart gifte. Det er ikkje så uvanleg at det vart fødd born utanom ekteskapet i dei travle sildefiskeåra ved Batalden, då folk kom frå heile Vestlandet. Folketalet vart omtrent 10-dobla i Batalden i det hektiske fisket kvar vår. Det som vel er uvanleg i dette tilfellet er at dei gifta seg etter 5-6 år. Ananias er kanskje også den einaste av borna deira som er fødd i Batalden. Har ikkje funne dei andre i kyrkjebok for Kinn. Dei 5 andre borna vart vel fødde innafor ekteskap.Torbjørn Hillersøy

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Torbjørn Hillersøy

Glømde å seie at Knut var iflg. kyrkjebok gift mann då Ananias vart fødd, altså ennå gift med 1. kona! Torbjørn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gisle Hersvik

Takkar og bukkar Torbjørn!Noko fell på plass, medan andre ting byrjar å slå sprekker...Dersom Anders Ivarsson Hatleli d. 1848 (når og kvar?) så er mine spekulasjonar her - Lenke - feil. Kven var i så fall foreldra til Anders Ivarsson (når og kvar vart han fødd)?M.v.h. Gisle Hersvik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Torbjørn Hillersøy

Hei igjen! Det er mogleg at eg har gjort meg skuldig i å kome med uttalelsar eg pr. i dag ikkje har dekning for. Eg har iallefall leita i mine etter kvart betydeleg mengde notatar om slektforskning (i byrjinga skreiv eg for hand), og kan ikkje finne ut i kva for kjelde eg fann ut at Anders Iverson Hatleli døydde i 1848. Så lenge eg ikkje kan det, må eg trekke den opplysningen tilbake og beklage at den kom på trykk! Det er berre litt rart at Anders og Anne vart forlova, men ikkje gifte.Når det gjeld 1. kona til John Ananiasson Batalden; Henrikke Olsdtr. (f. 1803), så kom ho frå Batalden. Ho var dotter av losen Ole Paulson Batalden, som budde på plassen Grø (bestemt form Grøet) under Batalden.Torbjørn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gisle Hersvik

Hei Torbjørn!Eg føler meg ikkje heilt trygg på denne Anders Iverson Hatleli, kanskje har eg klart å blande saman to stk. Eg får sjå litt meir på dette og evt komme tilbake med ei oppsummering.Takk for info om Henrikke. Eg har ikkje samla noko særleg om hennar forfedre, men skulle du - eller Mary-Ann H. Strøm - ha noko meir så er eg sjølvsagt interessert i det.M.v.h. Gisle (ghersvik@frisurf.no)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Torbjørn Hillersøy

John Ananiasson og Henrikke Olsdtr.(eller Anna Mathea Henrikka som ho var døypt) gifte seg 19/7 1829. John sine foreldre var Ananias Jonson og Gjertrud Pålsdtr. (Paulsdtr.) Skorpa (i Kinn pr.gj.), og John vart døypt 29 /9 1805. Henrikke sine foreldre var Ole Pålson (Paulson) og Abelone Larsdtr. Grø, og Henrikke vart døypt 3/4 1803. John og Henrikke var syskjenborn.Helsing Torbjørn John var losdreng hos svigerfaren (han var som sagt los), og då denne døydde i 1846, tok John over bruket Grøet.John og Henrikke fekk 6 born (som eg veit sikkert): Anna Mathea (1829-1898) Pål (Paul) Andreas (1831-?) Morten Johannes (1834-1835) Maren Johanne (1836-?) Bendik Elias (1838-1849) Bolette Karine (1841-1841)Anna Mathea fekk dottera Amalie Bolette (f. 1856) med ein jekteførar Anders Andersson. I 1866 vart ho gift med Mikael Olson (f. 1840 ved Mongstad). Dei fekk 3 born og budde på Fanøy under Batalden.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Torbjørn Hillersøy

Borna til Bendik og Nille var: Juditte Bergitte f. 29/1 1876 d. 29/1 1912 Alette Serine f. 28/9 1870 d. 2/9 1882 Gregorius Andreas f. 6/3 1874 d. 3/1 1889 (drukna) Ananias Elias f. 11/10 1878 d. 8/11 1935 Albert Severin f. 21/7 1884 d. 7/7 1896 Anne f. ?/? ???? d. 5/10 1888 Elisabeth Marthea f. ?/? 1888 d. 8/7 1971 Alle borna vart fødde på Russøya i Batalden (Batalden består av mange øyar og holmar, og på det meste budde det folk på 15-20 av dei).Ellen Klausdtr. (f. 1831 på øya Færøykavlen ved Florø) var tenestejente på Russøya og fekk altså dottera Karen Fredrikke (f. 26/5 1862) med Bendik. Karen vart gift ca 1885 med Gregorius Korneliusson (f. 10/6 1862) frå øya Reksta i Kinn pr.gj. Dei fekk 7 born mellom 1887 og 1899. Dei var busett i Florø frå ca 1885 til etter 1900. Seinare flytta familien til garden Barekstad på øya Hovden i Kinn pr.gj..Bendik f. 30/11 1844 og d. 25/6 1922. Nille f. 29/9 1853 på Ånnøy i Kinn pr.gj. og d. 19/6 1915. Bendik og familien budde fyrst på Russøya, men flytta seinare til 'Bendiksneset' på Vevlingen (ei anna av øyane i Batalden).Ellen Klausdtr. budde altså hos dottera i Florø i 1885. Har ikkje undersøkt kva tid ho døydde.Karen f. 26/5 1862 og d. 12/7 1945 i Barekstad (same dag som mannen Gregorius).Torbjørn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gisle Hersvik

Takkar og bukkar! Då har eg endå meir å tygge på.Elisabeth Marthea f. 29/1 1888 d. 8/7 1971 Gjelsa, Askvoll, gr. 14/7 1971 (Vilnes sokn). Ho vart g. 16.3.1916 (sjå lenke under) m. Knut Olsson Rogne, f. 30/1 1892, d. 15/11 1962. Dette er mine oldeforeldre (fld. til mormor mi).Kildeinformasjon: Sogn og Fjordane fylke, Vilnes i Askvoll, Ministerialbok nr. C 1 (1879-1922), Ekteviede 1916, side 193.Permanent sidelenke: [url="http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?idx_kildeid=2045&idx_id=2045&uid=ny&idx_side=-186>Lenke / Permanent bildelenke:

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Torbjørn Hillersøy

Takk for fødselsdato til Elisabeth, den hadde eg ikkje! Men dato for giftermål er vel iflg. lenkene 16. mai 1916?Eg vart litt nysgjerrig! Heiter mormor di Maria eller Jorunn?Torbjørn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gisle Hersvik

Hei! Beklager 16.5.1916 skal det vere. Maria, f. 25.11.1918, d. 19.8.1997 er mormor mi.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gisle Hersvik

Har sikkert litt meir å spørre om, men fortsetter då her; Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.