Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Anders J. Moen

[#41771] Ørsta - Poul Eide født ca. 1841

Recommended Posts

Gjest Anders J. Moen

En Poul Eide født ca. 1841 i Ørsta Prestegjeld var handelsbetjent i Florø i 1865.Noen som vet noe mer om han?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Odd Brede

Finner ingen gård med navn Eide i Ørsta, men derimot i Volda. Kanskje du skal dit?Odd Brede

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Anders J. Moen

Jeg er usikker. I folketellingen er Fødested oppgitt som Ørstein Prgj. Aalesund. Se lenken: Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tor Myklebust

Der er ein Poul døypt i Ørsta på denne tida. Han var fødd på Ose. Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Odd Brede

Paul i innlegg 4 finner jeg under gården Ose i Ørstingar I side 546:Pål Gullikson 1841-73. Sønn av Gullik Olson Ose (1806-54) og Sylvei Pålsdotter Myklebust (1810-81).Odd Brede

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Anders J. Moen

Dette var bra. Med tanke på hvordan folk på denne tiden skiftet etternavn etter stedet de bodde på er dette et godt utgangspunkt for videre lesing av bygdebøker og kildesjekking.Takk skal dere ha!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Jonson Dale

Ørsta prestegjeld var ikkje skipa i 1865. Det kan dreie seg om Ørskog, men dette prestegjeldet hadde ingen gard Eide...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arnstein Rønning

'Norsk stedsfortegnelse' har en gård EIDE i Ålesund, med postadresse Mauseidvåg (i 1971). Dessuten Eide i Ørsta og Eide i Volda, Vanylven, Rauma, Norddal, Nesset, Molde og Aure.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ivar S. Ertesvåg

Til (8): Eide i Ålesund (1971) var venteleg Solevågseidet, gnr. 61 i Borgund, som vart innlemma i Ålesund i 1964. Eide i Ørsta (i 1971) ligg i Hjørundfjord, som var (og er) eige prestegjeld, og som fram til 1964 var eiga kommune. Borgund, Hjørundfjord, Volda, Vanylven og Norddal kunne sikkert få adresse 'pr. Ålesund' i 1865, men har ikkje noko med Ørsta å gjere. Volda var rett nok hovudsokn, og Ørsta var annekssokn, i Volda prestegjeld - det ligg kanskje til rette for litt skjemt. Men det ser ikkje ut til at det er fødd nokon Paul Eide i Volda kring 1841.Paul Gullikson Ose, 'Gmdssøn', f.1841, er død og gravlagd i Ørsta i april 1873, Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gunnar Ellingsen

Har du ingen andre ledetrådar om Paul Eide - t.d. om han finst i folketeljinga for Florø i 1875? Der var ein Paul Martinus Eide som vart fødd på Eide i Hjørundfjord i mai 1839 og som utvandra frå Bergen 26. mai 1884. Han var ugift skulelærar, busett i Bergen på det tidspunktet, men finst tilsynelatande ikkje der ved folketeljingane i 1865 og 1875 (heller ikkje heime i Hjørundfjord). Kan han ha drege sørover kysten og 'mellomlanda' i Florø og vore handelsdreng før han utdanna seg som lærar? Eg tvilar likevel på om det er denne Paul'en du er på jakt etter. Rett nok ligg Eide i Hjørundfjord på grensa til Ørsta, men som både Bjørn J. Dale og Ivar S. Ertesvåg påpeikar var Ørsta ikkje eige prestegjeld på den tida - i motsetning til t.d. Hjørundfjord.Med venleg helsing frå Gunnar Ellingsen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Anders J. Moen

Jeg har ikke sjekket folketellingen for 1875. I forhold til alder oppgitt tror jeg nok kanskje vi har riktig mann med Paul Gullikson Ose.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ivar S. Ertesvåg

Det er fleire ting her som ikkje stemmer. 'Ørstein' kan godt vere feilskrift for 'Ørsten' - men når det først er feil, kan det også vere meir feil - t.d. for 'Ørskaug' (Ørskog). At Ørsta var sokn, ikkje prestegjeld (før i 1900), er det ikkje sikkert rodemannen visste - eller tok så nøye. Ørskog var prestegjeld.Det er ingen gard Eide i Ørsta, og det er vanskeleg å sjå kva tilknyting Paul Gullikson Ose skulle ha til dette namnet. Det er heller ingen gard Eide i Ørskog. Men på den tida var Sykkylven sokn del av prestegjeldet - og der er det ein gard Eidem. Det ville vere verd bryet å sjå etter om det er fødd ein Paul Eidem i Sykkylven kring 1841.Eg ville nok også sett etter i 1875-teljinga, og også i originalen (eller fotokopi) av 1865-teljinga.Paul Ose er ikkje å finne i Ørsta i 1865 og 1875. Det vil seie at det _kan_ vere han som er i Florø i 1865 - men det er langt frå ei stadfesting. Det ville vere verd innsatsen om du leita i inn- og utflyttingslistene i kyrkjebøkene - både for Ørsta og for Kinn.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Randi Ingunn Selnes

Er Ørstein prestegjeld Aalesund lest ut fra den håndskrivne originalen av 1865 folketellinga? Det kan jo være feil avskrift?Tankene spinner omkring dette problemet, men de fører vel bare til nye blindspor. Vi har jo Ulstein prestegjeld, tidligere skrevet Ulfsten, utenfor Ålesund. I Ulstein prestegjeld lå også kirkesognet Hareid med garden Hareide.Med hilsen Randi Ingunn Selnes

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.