Gå til innhold
Arkivverket

[#42074] Sophie Bertha Olsdotter, f. 1859, frå Flekkefjord-området til Minnesota -opphav?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Frå Amerika vert etterlyst ei Sophie Bertha (Bertha Sophie?) Olsdotter, oppgjevi fødd 24.3.1859. Ho døydde i Minneapolis, MN 20.6.1940. Ho var då enkje etter Henry Nitter Peterson frå Hafslo i Sogn (1859-1901). Sophie gifte seg i Austin, MN 12.11.1884 under namnet Sophie Olson, og dødsattesten syner namnet til faren som Ole Olson! Mori er ukjend.Det vert hevda av barnebarn at Sophie kom frå Flekkefjord, medan andre kjelder antyder Ly og Høyland. FT1900 oppgjev ikkje noko utvandringsår.Er det mogeleg ut ifrå desse opplysningane å identifisera opphavet til denne jenta frå Sørvestlandet?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Rune for spennande innlegg. Det ser fristande ut med denne Berthe Abigael Sophie, men eg ser at mori Wibeche Hasselmann Olsen døydde som enkje i Bergen i 1878, og det harmonerer dårleg med at ho skulle vera frå Flekkefjord... Men eg finn ho heller ikkje gift i Bergen...Kan ho vera i utvandringslista for Bergen? Eg ser ei ''skipperborgers datter'' Sophie Olsen, 21 år, utvandra frå Bergen i 1878. Yrkestitelen passar jo svært so bra, men alderen var litt ''skeiv''...Eg vonar på fleire innlegg og forslag...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Reidun for nye bidrag til denne debatten.Når det gjeld den siste, Berta Olsdotter frå Høiland, so ser eg hjå FamilySearch at ho er fødd 2.8.1861 og at ho heiter berre Berta, so eg trur ikkje det er ho.DERIMOT er kandidaten frå Lye svært so spennande. Alderen er rett, og ho har mellomnamn på S.! Eg ser at kyrkjebøkene frå Lye frå den tidi enno ikkje er skanna, men kanskje einkvan har tilgjenge til originalen?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 år senere...
Gjest Lars E. Øyane

Eg har i dag sjekka ut Bertha S. Olsdotter i Lye, og eg trur eg har funne den jenta som Reidun nemner i innlegg #4: Lenke.Diverre syner det seg at ho heiter Bertha Serine, so då er heller ikkje ho aktuell.Eg har ogso leitt gjennom kyrkjebøkene for Hidra og Nes i Vest-Agder (kring Flekkefjord) for perioden 1858-1860, men finn ingen Bertha Sophie. Eit skikkeleg ''mysterium''!!Eg tek gjerne imot nye tips om opphavet til denne jenta!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.