Gå til innhold
Arkivverket

[#42408] Olufine Karine Carlsdotter Erstad, fødd i Alversund 1883 - opphav og lagnad?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Olufine Karine Carlsdotter Erstad var fødd på Erstad i Alversund 25.1.1883 som dotter av gardbrukar Carl Rasmusson på Erstad og kona Olina Olsdotter.Olufine gifte seg på Voss 26.7.1903 med Jens Torkildson Skavlen (Skavland), fødd i Hafslo i Sogn 14.9.1877. Han var på den tidi jarnbanearbeidar og budde på Mjølfjell, men i 1910 veit me at han budde i Stavanger, og i 1912 er han oppført som ugift steinarbeidar busett i Bergen!Er det nokon med lokal kunnskap i Alversund som kan hjelpa meg finna svar på nokre av desse spørsmåli:* Frå kva gard/plass hadde Carl Rasmusson Erstad opphavet sitt?* Frå kva gard/plass hadde Olina Olsdotter (Erstad) opphavet sitt?* Kvar vart det av Olufine Karine Carlsdotter etter 1903? Døydde ho, eller vart ho skild frå Jens Skavland? Fekk dei born?Kanskje finst det ei bygdebok frå Alversund som kan fortelja oss noko meir om denne huslyden?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Carsten og Rune for fleire svært interessante og verdifulle bidrag!Etter det eg no har lese, tolkar eg det slik at Olufina Karine vart skild frå Jens Skavland, og truleg skjedde dette i Stavanger kring 1910, då me veit at ogso Jens budde der. So har Olufine gift seg att med Ingvald Bertin Carlson Odland (eller Fiskeseth) frå Alversund, og dei utvandra i 1912 med ein son Joseph, 11 år gamal og fødd i Alversund!Dei utvandra i 1912 til St. Andrew, New Brunswick, men flytte sidan til Brooklyn, NY, og i 1930 finn me dei att i Hempstead, Nassau Co., NY som Engwald og Olofina Carlsen med STESONEN Joseph (Jacobson stroke over!)! Og i SSDI:Ingvald Carlsen, f. 22.1.1889, d. juli 1967 East Rockaway, Nassau Co., NY!No står det att å sjekka:* Opphavet til Olina Olsdotter, mor til Olufina?* Fødsli til Ingvald Bertin Carlson Odland eller Fiskeseth og opphavet hans?* Fødsli til Joseph i 1901 - og sjå kven som var faren...?* Dødsfallet til Olufina i Amerika?Men kanskje ei bygdebok for Alversund har svari på nokre av desse spørsmåli?Eg takkar nok ein gong for gode innspel i denne saki!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Johan Ludvig Kvamme

Ingvald Bertin er ifølge bygdebok for Alenfit, bind 2, sønn av Karl Larsson Håland f.1864 som kjøpte Fiskeset, bruk 2 på auksjon i 1889. Han var gift 1887 med Ingeborg Helena Monsdatter f.1871 på Breivik i Askøy. 1 barn Monsine Martoline ble født på Askøy i 1888 og 2 ble født på Fiskeset: Ingvald Bertin i 1890 og Klara Dortea i 1892. I 1893 selde dei bruket og flytte til Ådland i Meland.Bygdebok for Meland, bind 1, på Nordre Ådland, bruk 1: Karl Larsson var bruker fra 1901 til 1915. Karl døde på Langeland i 1941 og kona døde 1913 på Ådland. 9 barn er nevnt. Om Ingvald Bertin står at han ble gift med Olufine Erstad. Han utvandret til Canada i 1912. Han var da gift og hadde arbeidet en tid ved hermetikkfabrikk i Stavanger. I 1922 var han og Olufine hjemme på besøk, men de reiste tilbake til USA. Bst. Brooklyn, New York, USA.Mvh. Johan Ludvig Kvamme

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Rune Thorstensen

Da finner vi familien her i 1900. Ingvald er blitt til Engval og fødselsåret er blitt til 1899 i stedet for 1889. Ikke rart de var vanskelig å finne.Lenke Mvh. Rune Thorstensen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Rune og Johan Ludvig for oppklarande opplysnngar om denne ætti og særleg om Ingvald Bertin Carlsen og opphavet hans. Dette er verkeleg bra!Men, er det mogeleg å identifisera denne Joseph, som Olufine må ha fått i Alversund i 1901? Og kven var faren?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Rune Thorstensen

I følge skannet ministerialbok for Alversund/Alversund 1897-1926 finner jeg på side 11 post 1 Josef født 10.01.1900 og døpt 13.01.1901. Barnets mor var tjenestepige Olufine Karine Karlsdtr. Som barnefar oppgav hun kontorbud Jacob Jacobsen (Enehaug?)Vanelven,Selje Pr.gjeld. Blant fadderne var faren Karl Rasmussen Erstad og trolig broren Rasmus Karlsen Erstad. Mvh. Rune Thorstensen

bilete1305.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Rune for nyttig og godt innlegg. Her har me altso Joseph Jacobson, som var fødd, medan Olufine framleis vart svært ung! Men diverre finn eg ikkje att spor etter Joseph i Amerika...MEN, eg har i kveld fått greie på noko anna som eg finn svært so interessant: Det første ekteskapet til Jens Skavland med Olufine Erstad skal ha vore ein stor ''hemmelegheit'', men framleis lever det ei svigerdotter i Rogaland som hugsar å ha høyrt om dette og at Jens i ekteskapet med Olufine skal ha hatt TO DØTRER!So då tek vel jakti til att etter desse jentene, men kvar kan dei vera? Kan henda minst ei av dei vart fødd på Mjølfjell der parfolket budde då dei vart gifte i 1903?Eg takkar på ny for alle gode tips i denne saki!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg står framleis fast på dette problemet og vil gjerne få koma sttende til innlegg #3, huslyden på Erstad i 1900:~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Karel Rasmusen hf g Gaardbruger og Løsarbeider 1853 AusterheimOlina Olsen hm g Gaardmandskone 1853 Alversund SBRasmus Karelsen s ug Arbeider ved Gaveri 1881 Alversund SBMagnus Karlsen s ug Tjener gaardsarbeide 1884 Alversund SBEllert Karlsen s ug Søn 1886 Alversund SBOlufina Karlsen d ug Datter 1883 Alversund SBBertolina Karlsen d ug Datter 1888 Alversund SBGina Karlsen d ug Datter 1890 Alversund SBOlga Karlsen d ug Datter 1893 Alversund SB!! Karlsen* ug Søn 1900.10.10 Alversund SBOle Karlsen s ug Skomagerlærling 1878 Alversund SB~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Dersom det er slik at Olufine hadde fleire born i ekteskapet med Jens Torkildson Skavland frå Hafslo, so er det godt mogeleg at andre barneborn etter Carl og Olina Erstad KAN vita om desse, og eg lurer difor på om det kan finnast etterkomarar etter denne ætti i Alversund i dag?Kan bygdeboki for Alversund gje oss eit svar på dette?Elles er framleis opphavet til Olina Olsdotter eit ''mysterium''...?Eg takkar på ny for alle gode tips. Opplysningar kan eventuelt sendast meg direkte på: lars.e.oyane@sdsl.noMed venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.