Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

[#42409] Johanna Kristine Olsdotter Sørstokke, f i Koparvik, Karmøy 1892 - opphav/lagnad?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Johanna Kristine Olsdotter Sørstokke (eller Larsen?), fødd på Sørstokke, Koparvik 13.9.1892, døydde i Hafslo i Sogn 22.8.1923. Ho var då gift med Jens Torkildson Skavland frå Hafslo og hadde butt i Hafslo frå kring 1919. Dei gifte seg kring 1915, men dato og stad er ukjende.Johanna var dotter av innerst og fiskar Ole Mandius Larsen og kona Anna Serine Christophersdotter som i 1892 var busette på Sørstokke i Koparvik (tidlegare ein del av Avaldsnes!). Eg finn Ole Mandius Larsen i FT1865 busett med foreldri sine (gardfolk) på Sørstokke, men har ikkje funne huslyden i FT1900!Er det nokon med lokal kunnskap på Karmøy som kan hjelpa meg finna svar på nokre av desse spørsmåli:* Frå kva gard/plass hadde Anna Serine Christophersdotter (f. 1863?) opphavet sitt?* Kvar vart det av Ole Mandius Larsen og kona Anna Serine, d.v.s. kvar vaks Johanna Kristine opp?* Dato og stad for vigsli til Jens Torkildson Skavland og Johanna Kristine Olsdotter? Dei ser ikkje ut til å ha gift seg i Koparvikl, korkje landsokni eller bysokni!Kanskje finst det ei bygdebok for Koparvik eller Avaldsnes som kan gje svar på noko av dette?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Johan Arthur Hansen

Ole Mandius Larson f.1864 på Sørstokke i Stangaland på Karmøy. g.m Anna Serine kristoffersdtr. f.1862 på Høyland i Sandnes. Barn: Lars f.1890, Johanna Kristine f.1892 og Helene Olava f.1900. Ole Mandius og Anna Serine budde i Sandnes i 1890, men var komme hit til Sørstokke i 1892. 11.4 1894 fekk han skøyte på bruket frå faren som sette seg i folga. I 1919 selde dei til sonen Lars. Kilde:Bygdebok for Stangaland og Kopervik side 18, nr. 2 Mvh. Johan Arthur Hansen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Johan Arthur Hansen

Her er nok Anne med foreldrene ved FT i 1865 i Høyland. Se Lenke Mvh. Johan Arthur Hansen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Johan Arthur Hansen

Bruket på Sørstokke ble solgt til en Johan Thorkildsen i 1935. Kan han være sønn av Jens og Johanna Kristine? Mvh. Johan Arthur Hansen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Thorstensen

Her er fødselen til Anna Serine Christophersdtr. Lenke Mvh. Rune Thorstensen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Johan Arthur og Rune for spennande og nyttige innlegg. Etter dette er spørsmåli om opphavet til Anna Serine og bustaden til Anna Serine og Ole Mandius Larsen løyste. Jens Skavland vart forresten gift ein tredje gong kring 1926 (uvisst kvar) med Helene Olava, søsteri til Johanna, men framleis er det eit mysterium kvar desse ekteskapi fann stad...Det er forresten ikkje noko samband mellom Jens Skavland og Johan Thorkildsen...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×