Gå til innhold
Arkivverket

[#42458] Hjelp til oppslag på person Askeld Knudson Træfald


Gjest Kåre Trefall
 Del

Recommended Posts

Gjest Kåre Trefall

Ut frå data nemde seinare i denne artikkelen, pluss støtte i Evanger Bygdebok, Band I, har eg 'dikt opp' ein person født i Norge. Eg skulle svær gjerne skulle fått bekrefta eller avkrefta om desse data er korrekte. Eg har so langt ikkje hatt tilgang til norske kjelder der personen er nemd, så antakelsane bygger i hovudsak på kjelder i USA dit vedkomande utvandra. 'Fiktiv personen' er:Askeld Knudson Træfald, f. 2. februar 1830 på Trefall i Eksingedalen (Træfald i Exingedalen, Efanger (Evanger) sokn, Voss Prestegjeld) av foreldre Knud Jakobson Træfald f. 1788 og Elisabeth Askeldsdotter f. 1802, gift med Ingeborg f. 1831 (1830) før 1861, fått sonen Knud (Knut) Askeldson Træfald i 1861, utvandra til Amerika mellom 1861 og 1868 saman med kona Ingeborg og sonen Knud. Bakgrunnsdata for 'fiktiv personen':På High Lake-Jack Creek Cemetery, High Lake Township, 2380 450th Avenue, Wallingford, Emmet County, Iowa, finn eg gravsteinen: Askel Traefald, f. 2. februar 1830, død 25. januar 1916.I 1880 folketeljinga kallar han seg A.K. Trafald og bur i Highwater, Cottonwood, Minnesota, saman med kona Ingeborg født i 1930 eller 1931 i Norge, og ein son født 1861 i Norge, ein son født 1868 i Iowa, og to døtre frå 1872 og 1874 født i Minnesota. I 1910 folketeljinga kallar han seg Askel Traefald og bur saman med kona Ingeborg hos familien til eldste sonen, Knute Traefald, i High Lake, Emmet Iow.I folketeljinga i 1865 for Voss finn eg på garden Træfald, prestegjeld Voss, sokn Efanger, skuledistrikt Exingedalen og Efanger: Knud Jakobson Træfald, Vilkaardsmand, 78 år, fødestad Voss Prestegjeld, hans Kone: Elisabeth Askeldsdotter, 63 år, og deres Søn Helge Knudson, Daglønner, ugift 20 år.Før omtalte A.K. Trafald i 1880 - Askel Traefald i 1910 og 1916 - finn eg ikkje i Norge, då eg ikkje har tilgang til nødvendige kyrkjebøker og liknande kjelder. Ut frå borna sine fødselsår og fødestad må han ha utvandra frå Norge i mellom 1861 og 1868, men eg finn han heller ikkje som utvandra i www.digitalarkivet.no sitt materiale. På forhånd takk for hjelp, mvh Kåre Trefall, Kongsberg.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kåre Trefall

Takk for svar. Fødselsåret som eg har funne er imidlertid 1830, nærare bestemt 2/2 1830. Ser du har søkt på 1831, 1832 og 1833. Kunne du sjekka 1830 også (ev. 1829). På forhånd takk!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Norodd Hagenson

Hei sann, her var det ny informasjon om hvor det ble av min oldefars søster. Og ektemannen henner er helt reell. Du har gjettet riktig på foreldrene til Askjell.Ingebjørg Torgilsd Nedre Opheim var født 8. juni 1829 og gift 11. juni 1860 med Askjell Knutson Trefall. Askjell var født 17. februar 1830 av foreldre Knut Jakobson Trefall, gift 1827 med Elisabet Askjellsd Århus.Vielsen til Ingebjørg og Askjell står i klokkerbok for Vossestrand nr 3. Referanse til Askjells dåp har jeg ikke for hånden, men jeg fant den i en av kirkebøkene for Voss.Askjell står ikke i bygdebøkene for Evanger, og heller ikke foreldrenes ekteskap. Og i Ættebok for Vossestrand er kan feilaktig kalt Nilsson.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kåre Trefall

Hei, og tusen takk for oppklaring!Nettstaden til High Lake-Jack Creek Cemetery der Akjell ligg er [url="http://www.rootsweb.com/~iaemmet/cemhighlake.htm>http://www.rootsweb.com/~iaemmet/cemhighlake.htmUtgangspunktet for 'forskinga' var ei melding i gjesteboka mi på http://www.trefall.com/gjestebok/ frå ein Traefald, som etter kvart viste seg var frå Minnesota og etterkomar av Askjell og Ingeborg. Meir om dette kjem etter kvart under Trefall på

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Norodd Hagenson

Det ligger tydeligvis noen etterkommere på samme kirkegård også, for Traefald er et ekstremt uvanlig navn i USA.Det kan også se ut om om Ingeborg ligger begravet der også, som Ingeborg Opheim. Fødelsdatoen avviker kun to dager fra dåpen i 1829.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kåre Trefall

Ja der ser ut til at dette er Ingeborg!Rolf Erik Veka tipsa meg om at det kanskje er Akjell og Ingeborg og sonen Knut (+ ein son til, Sjur) me finn under namnet Synvæ, og utvandra til Quebec i 1866, sjå [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=37&filnamn=Quebec65&gardpostnr=3259&merk=3259#ovre>Lenke Og at Synvæ og Sundve er same navnet.Eg var innom desse då eg søkte etter ein eller anna Askjell utvandra frå Vosse-traktene på denne tida. Alder og namn stemte, og det at dei hadde ein son til som ikkje er å finna i USA 1880 folketeljinga, kunne forklarast med at han var død. Men eg 'forkasta' dei, og kopla heller ikkje Synvæ med Vossestrand navnet Sundve.Eit søk på garden Sundve i 1865 folketeljinga (sjå

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.