Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

[#42479] Julius Pederson Skjærstad (Trondenes) 1882 - kven var konene Petra og Emilie?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Julius Pederson Skjærstad, fødd i Kvæfjord 12.6.1882, men voks opp på ein plass under Skjærstad i Trondenes. Han skal ha gift seg første gongen alt kring 1900/1901 med ei:Petra, som visstnok døydde nær Hamar kring 1920(?)So gifte Julius seg att, kan henda kring 1925, med ei:Emilie Osen, oppgjevi fødd 8.3.1897, uvisst kvar.Det er ikkje mogeleg å gissa på kven Petra kan ha vore, men eg finn ein god ''kandidat'' for Emilie i FT1900, nemlig på Osen i Klæbu:~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Mareth Osen hm e Føderaadsenke 1825 BørsenEmelie Rasmusdatter Sønnedatter ug Sønnedatter 1896 Klæbu ST~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~So var det spørsmål om dette kan vera den Emilie Osen som etter kvart vart kona til Julius Pederson Skjærstad.Eg vonar finna einkvan med lokal kunnskap både i Trondenes og i Klæbu som eventuelt kan bidra med fleire opplysningar om denne huslyden og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Anne Ørvig

Hei LarsLurer bare på om du har informasjon vedr. dødsår for Julius og Emilie. Regner vel egentlig med at du har det, men for sikkerhets skyld: Jeg har funnet begge på DIS - gravminner i Norge. Julius døde 06.08.1963 og ble begravet på Vår Frelsers gravlund i Oslo 12.08. Emilie døde 03.10.1965 og ble begravet samme sted 09.10. Og så er jeg veldig spent og glad fordi du nå er igang igjen med å se nærmere på slekten min. Lykke til med arbeidet! Hilsen Anne

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Anne for innlegg. Desse dødsdatoane har eg motteke tidlegare frå eit barnebarn av Julius, men diverre er det eigentleg altfor mykje som framleis manglar om denne ætti, og manuskriptet går til prenting om eit par veker! Huslyden hadde eit heller ''a-typisk'' flyttemønster!Om du Anne er viljug til å bidra med litt hjelp no i sluttfasen, ville eg setja stor pris på det! Send meg ein e-mail so eg får ei oppdatert adresse, so skal eg senda deg nokre spørsmål... Adressa mi er no: lars.e.oyane@sdsl.noMed venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Det er no vorte klart at:Peder Julius Pedersen (Skjærstad), fødd i Kvæfjord 12.6.1882, ogEmilie (Martinusdotter) OLSEN, fødd i Kåterudeige i Stange, Hedmark 8.3.1897gifte seg kring 1925, anten nær Hamar (Stange/Vang) eller i Oslo. Eg har sett igjennom dei scanna kyrkjebøkene for Stange og Hamar utan å finna noko; Vang er ikkje tilgjengeleg, men mest truleg vart dei gifte i Oslo!?Eg har ogso søkt i Paulus i Oslo, der det var mest truleg dei budde, men heller ikkje der finn eg noki vigsle!Eldste dotter var fødd i Christiania 18.7.1926!Let det seg gjera, på bakgrunn av desse opplysningane, å finna denne vigsli til Peder Julius og Emilie?Eg takkar so mykje for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×