Gå til innhold
Arkivverket

[#42480] Ole Mikal og Harald Pedersen frå Trondenes til Haugesund -kven var konene deira?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Ole Mikal Pedersen (Skjærstad), fødd i Trondenes 12.11.1885, skal ha gift seg i Haugesund i eller kring 1913 med ei Anna Ingebrigtsen, visstnok fødd kring 1879, uvisst kvar. Parfolket budde i Haugesund, men Ole Mikal fór fleire gonger til Amerika, først i 1910, so i 1921 og til sist i 1925, og i 1929 følgde Anna etter!Harald Pedersen (Skjærstad), fødd i Trondenes 2.3.1898, skal ha gift seg i Haugesund i eller kring 1919 med ei Anna, fødd kring 1893/1894. Etter fleire år i Haugesund utvandra Harald våren 1923 til Amerika, medan Anna følgde hausten same året!Er det nokon med lokal kunnskap i Haugesund som kan hjelpa meg finna nøyaktige vigselsdatoar (or vigselsstader) for desse to pari og likeins identifisera dei to Anna'ene?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Johan Arthur Hansen

Har ikke funnet noe ut enda, men det er en familie i Haugesund som heter Skjærstad. Atle Skjærstad ble f.5.12.1912 og døde 13.8.1980. Om han er i slekt med de før nevnte vet jeg ikke. Han var gullsmed. Skal se mer i scannede kirkebøker i morgen tidlig. Det går mye fortere på den tida av døgnet. Mvh. Johan Arthur Hansen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Johan Arthur for at du vilo leita etter desse folki for meg!Eg har ikkje full oversikt over ''neste'' generasjon Skjerstad/Skjærstad, so eg kan ikkje seia om Atle høyrer til denne huslyden, men eg tvilar på det...Eg har forresten bladd litt sjølv etter ekteskapet til Ole Mikal, men måtte gje meg p.g.a. systemet...Om det kan vera til hjelp for å identifisera dei to Anna'ene, so veit eg:* Harald og Anna hadde ei dotter i Haugesund:** Solveig, fødd 1919* Ole Mikal og Anna hadde to døtrer i Haugesund:** Margrethe, fødd 1914/1915** Nellie, fødd 1920/1921* Ole Mikal og Anna hadde òg ein fosterson som truleg var fødd i Haugesund, kan henda ein nevø..:** Odd, fødd 1918/1919Lukke til med leitingi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Nye undersøkingar har avslørt identiteten til Anna Ingebrigtsen, kona til Ole Mikal Pedersen (Skjærstad). Namnet hennar var Anna Oline Ingberta Ingebrigtsen. Ho var dotter av fyrvoktar og gardbrukar Nils Ingebrigtsen på Lovik i Dverberg og kona Johanna Margrethe og fødd i Dverberg 5.9.1879. Ho utvandra over Oslo i 1929, og der finn me òg namn og fødselsdatoar for dei to døtrene:* Johanna, fødd 29.10.1914* Aagot, fødd 26.6.1920Det står ikkje kvar dei er fødde, men dei var alle busette i BERGEN i 1929, og BERGEN var ogso bustaden til Ole Mikal då han utvandra i 1925! Derimot utvandra Ole Mikal i 1921 over Trondheim i 1921, og då hadde han med seg ein attest frå soknepresten i Trondenes.Kanskje budde ikkje denne huslyden i Haugesund i det heile men det er likevel eit mysterium kvar dei budde, medan døtrene vart fødde... Eg kan ikkje sjå at Johanna vart døypt i Trondenes hovudsokn, og heller ikkje vart foreldri gifte der...!Når det gjeld Harald og kona hans, må dei ha butt i Haugesund, og opplysningar manglar framleis...Eg vonar på nye tips og takkar nok ein gong for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Frå Amerika har eg fått greie på at kona til Harald Pedersen (Skjærstad) heitte:Anna BERNTSENog at ho skal vera fødd i 1892, men om dette hjelper med å finna opphavet hennar, veit eg ikkje...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Rune Thorstensen

Her kan man se , at sammen med Anne og datteren dro også en Petra Berentsen f.1898. Det er kanskje en søster av Anne. Kanskje det kan hjelpe med å identifisere Anne.Lenke Mvh. Rune Thorstensen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Oddvar Søreide

Spinner vi litt videre, så finner vi denne, der faren er født på Skjærstad ( dette kan jo være ein heilt annen gård). Der er ei Petra født i 1899 og ei Hanna født i 1894 Lenke

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Rune og Oddvar for interessante innlegg!Eg har venta litt med å svara, og for fem minutt sidan tikka det inn ein e-mail frå California med interessante opplysningar:* Harald Pedersen Skjærstad gifte seg i (eller nær) Haugesund kring 1918!* Første kona til Harald var: Anna Nicoline Berntsen, fødd i (eller nær) Haugesund 21.11.1892!* Andre kona til Harald var: Malfrid K. Iversen, fødd i (eller nær) Bergen 30.4.1909. Ho skal ha utvandra i 1929(?) og var først gift med ein Bjarneson.Ut ifrå desse opplysningane, er det mogeleg å finna den nøyaktige vigselsdatoen til Harald og Anna? Kva med identifikasjonar og opphavi til dei to konene hans?Eg takkar på ny for all den gode hjelpi eg har fått og vonar på ei endeleg løysing av desse problemi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Johan Arthur Hansen

Her er en mulighet når det gjelder Anna Nicoline Berntsen. Det er en Anna Nicoline med foreldre Bernt Andres Andersson f.1856 på Spanne i Torvastad g.m Brita Kristina Asbjørnsdtr. Fra Vikshåland i Torvastad. De bodde ved FT i 1900 på Litlasund i Skåre i nåværende Haugesund. Da Anna Nicoline ble født bodde de på Visnes der faren var verksarbeider ved gruvene på Visnes. De hadde 12 barn og minst 5 av dem reiste til USA. Kilde Skåre bygdebok II, side 961, nr. 76

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Johan Arthur for spennande og svært interessant innlegg!Eg har ''tråkla'' meg fram gjennom kyrkjebøkene og ser at Anna Nicoline var fødd 21.11.1893 på Vigsnes i Avaldsnes, so det er ingen tvil: Du har funne den rette huslyden, so då er det spørsmål om ikkje vigsli bør vera i Skåre i 1918 eller 1919...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Etter ny leiting kan eg ikkje sjå at Harald Pedersen Skjærstad og Anna Nicoline Berntsen vart vigde i Skåre Haugesund, so kvar fór dei då for den handlingi...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Johan Arthur Hansen

Målfrid Konstanse Iversen ble f. 30.4.1909 i Skåre dpt. 4.7.1909 av foreldre Laurits Marcelius Iversen f.1866 og Malene Kristine Knutsen f.1870. De bodde da på Sørhaug i Skåre i nåværende Haugesund. Mvh. Johan Arthur Hansen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Johan Arthur Hansen

Må korrigere innlegg nr. 16. Bommet på linjene. Laurits Marcelius var f.1886 og Malene Kristine i 1890. De bodde på Litlasund i Skåre i nåværende Haugesund. Mvh. Johan Arthur Hansen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Etter fleire døger utan internettsamband vil eg no, då eg er attende, få retta ein hjarteleg takk til Anne og Johan Arthur for nye spennande innlegg!Det er liten tvil om at de båe har rett. Dette er Målfrid Iversen Sherstad!Soleis er ein ny ''brikke'' på plass i puslespelet vårt, men framleis er det eit stort ''mysterium'' kvar Harald gifte seg med den første kona si?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg vil i kveld gjerne gjera eit siste framstøyt for å finna vigsli til Harald Pedersen Skjærstad (f. Trondenes 1898) og kona Anna Nicoline Berntsen (f. Avaldsnes 1893). Etter nye opplysningar som eg har motteke frå Amerika, er det truleg at dette paret ikkje gifte seg so tidleg som me før har trudd. Dei var gifte innan våren 1923, då Harald utvandra til Amerika, men truleg var dei ikkje vigde før i 1921 eller 1922. So er det at vigselsprotokollane for Haugesund for den perioden ikkje er skanna... Er det nokon som har tilgjenge til desse vigselsprotokollane og som kan sjekka ut denne vigsli for meg?Eg takkar nok ein gong so mykje for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Johan Arthur Hansen

Jeg har sett etter Solveig datter til Harald og Anna som skal ha vært født i Haugesund i 1919.(nr. 3) Har ikke funnet henne født her. Jeg har også sett under Haugesund, Skåre og Avaldsnes etter giftermålet, men heller ikke funnet noe der. Kan de ha giftet seg en annen plass? og er Solveig også født en annen plass? Mvh. Johan Arthur Hansen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Geir og Johan Arthur for nye interessante innlegg.Når det gjeld Solveig, so er fødselsdatoen hennar oppgjevi til 11.3.1919. Ho skal vera fødd i Haugesund, MEN ymse tyder på at ho IKKJE var dotter av Harald og Anna, men ei FOSTERdotter. Og eg ser det er ei Solveig som er fødd i Skåre 11.3.1919 av faren Torbjørn Økland; eg trur dette godt KAN vera ''vår'' Solveig, men sikker er eg ikkje...Kjelda mi for dei nye opplysningane om Harald og Anna er den einaste attlevande dotter deira, fødd i Detroit, MI i 1926, og ho meiner at dersom foreldri ikkje vart gifte i sjøve Haugesund, so må det ha vore svært nær Haugesund, og ho nemner KARMØY særskilt...! Kanskje dei gifte seg i Avaldsnes eller i Koppervik?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Johan Arthur Hansen

Denne Torbjørn Økland f.1879 i Haugesund og død 1956 var g.m Berta Taletta Benjaminsdtr.Lanes f.1881 på Uvik i Avaldsnes d.1962 i Haugesund. De hadde 9 barn født mellom 1900 og 1919. Mvh. Johan Arthur Hansen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Johan Arthur Hansen

Ble denne eventuelle pleiedatteren Solveig med til Amerika? Jeg har en del av forfedrene hennes i mitt slektstre. Mvh. Johan Arthur Hansen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Johan Arthur for nye innlegg.Jau, Solveig vart med til Amerika; ho er avlidi for ein del år sidan, men har born etter seg.Før me eventuelt tek til å utgreia Økland-ætti, tykkjer eg me lyt få stadfest at denne Solveig verkeleg var fosterdotter hjå Harald og Anna Skjærstad. Dette har me førebels ikkje prov for, men om du Johan Arthur kjenner til denne ætti, so kanskje du kan få svar på dette?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.