Gå til innhold
Arkivverket

[#42501] Ulrik Konradsen frå Bodin/Bodø til Amerika, f. 1887 - fødselsdato og utvandring?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Denne huslyden finn eg i FT1900 for Baksundholmen i Bodin ved Bodø:~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Konrad Jakobsen hf g Husmand, jordbrugende Fartøifører u J 1858 Bodin NorSofie Uldriksen hm g Husmandskone 1866 Vadsaas sogn Bindalen NorUldrik Konradsen s ug børn 1887 Bodin NorHans Konradsen s ug børn 1890 Bodin NorSigvardt Konradsen s ug børn 1892 Bodin NorArne Konradsen s ug børn 1896 Bodin NorThoralv Konradsen s ug børn 1899.08.15 Bodin Nor~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Eg har søkt gjennom konfirmantlista i den skanna kyrkjeboki for Bodin, men finn ikkje Ulrik konfirmert. Eg finn han heller ikkje utvandra over Trondheim, endå eg veit han gifte seg i Winnipeg, MB kring 1914.Er det nokon med lokal kunnskap eller eventueltb tilgjenge på bygdebøkene for Bodin som kan hjelpa meg med:* Nøyaktig fødselsdato for Ulrik (1887)?* Utvandringsåret til Ulrik?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Gunn for nytt innlegg. Ulrik kalla seg alltid for Konradsen, som i Amerfika vart til Ulrik K. Conradson, men kanskje slektnigane hans i Noreg kalla seg Jacobsen...?Eg vonar du finn ut noko, Gunn, og takkar nok ein gong for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Manuskriptet mitt skal snart i trykken, og eg er framleis like langt når det gjeld opplysningar om opphavet til Ulrik Konradsen.No har eg vore i kontakt med ei av døtrene hans som lever i California, og ho fortel at Ulrik døydde i Detroit, MI kring 1947; ho er svært interessert i å koma i kontakt med slektningar i Noreg! Er det nokon som kan hjelpa meg, t.d. ved hjelp av oppslag i bygdeboki for Bodø?Dotteri trudde at Ulrik hadde Konrad ogso som mellomnamn, og me veit frå før at han skreiv seg Ulrik K. Conradson. Ho hugste ikkje fødselsdatoen hans!FT1900 (sjå innlegg #2) syner at Ulrik hadde fleire søsken, so det burde vel ikkje vera umogeleg å finna nolevande ættlingar...?Eg kan eventuelt kontaktast direkte på lars.e.oyane@sdsl.noEg takkar nok ein gong på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Rune Thorstensen

Tålmodighet er en dyd, og behovet for den slags er vel ekstra stor når man holder på med dette, men desto større er gleden når man finner det man leter etter. Og den gleden må man dele med noen.I skannet klokkerbok for Bodin/Straumen side 76 post 4, 1901-1917 ,finner jeg dette:Ulrik Kristian Angel Konradsen født 24.06.1887 og døpt 31.07.1887, ble konfirmert i Straumen kirke 24.08.1902. Foreldrene var Konrad Andreas Jacobsen og hustru Sofie Marie Ulriksdtr. Bosted var Holmen og han var vaksinert 20.11.1890. Mvh. Rune Thorstensen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Rune for kjempeflott innlegg! Eg vil fortelja dette til dotteri, når eg ringer ho litt seinare i kveld, og eg er overtydd om at ogso ho vert svært nøgd!Men, er det mogeleg å finna ut kva år Ulrik utvandra?Og kva med skyldfolki hans i Bodø?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I WW1 registrationcards 1917 - 1918 sies Ulrik Conradson å være født i Bodo, Nortland, Norway 24. juni 1887 - han 5 fot 10 - medium bygget - blå øyne - lyst hår, men skallet - er gift - har 3 barn - bosatt i Detroit - arbeider som Assembler på Dodge Brothers Motor. Han er ikke naturalisert.I 1930 sies det at han, kona Borghild og den 15 år gamle sønnen Arnold innvandret til USA i 1916. Arnold sies i 1930 å være født i Canada - engelsk del. Så de innvandret nok gjennom Canada. (Han ble jo også gift der i 1914.) Men emigrasjonen? Sorry - ikke funnet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Rune Thorstensen

Jeg har prøvd å lese gjennom utflytterlistene i kirkebøkene for Bodin og Bodø, uten å finne Ulrik som utflyttet. Kan han ha reist over dammen som sjømann? Eller utvandret via Sverige. Jeg har dessverre ikke nok kunnskap om utvandring via Canada til å kunne hjelpe deg. Mvh. Rune Thorstensen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Jon og Rune for nye interessante innlegg. Denne utvandringi til Ulrik er tydeleg vanskeleg å finna...Men kanskje det står noko om dette i bygdeboki for Bodø?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg vil i kveld gjerne få trekka fram att denne saki som enno berre er delvis løyst.Er det nokon med tilgjenge til bygdebøkene for Bodø som kan fortelja meg om det der er oppgjeve eit UTVANDRINGSÅR for Ulrik Konradsen frå Baksundholmen i Bodø?Eg vonar på hjelp og takkar so mykje på førehand!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.