Gå til innhold
Arkivverket

[#42541] Jacob Mathiasson Kallevik f. 1833 i Finnaas.


Gjest Helga Kallevik
 Del

Recommended Posts

Gjest Helga Kallevik

Ein eldre bror av min oldefar, Jacob Mathiasson Kallevik f. 1833, (oldefar brukte gardsnamnet Kallevik som etternamn, men Jacob nytta truleg berre Mathiasson). I flg. bygdeboka for Moster (Bømlo) reiste Jacob til Amerika, men det er ikkje oppgitt årstal. Eg finn han att i Ft. 1880 for Kandiyohi county Minnesota. LenkeEg har også fått tilsendt kopi av dødsattest og nekrolog frå aviser som stadfestar at dette er rett mann. Her ser det heller ikkje ut til at dei hadde etterkommere, det er berre Jacob sine yngre brødre som er nemngitt. Desse kjenner eg til, det var 3 stk og alle var busett i Kandiyohi Co. Minnesota og har etterkommere der i dag. I 1880 er det oppgitt at Jacob var gift med Anna som var ca. 5 år eldre enn han.Eg prøver no å finna ut kva tid Jacob emigrerte (finn han ikkje i emigrantprotokollane, heller ikkje i ft. 1865)?Prøvar også å finna ut kven kona Anna var og om dei gifte seg i Norge eller USA?Er det nokon som kan hjelpa?mvh Helga Kallevik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Helga Kallevik

På Family Search finn eg følgjande opplysninger:Individual Record FamilySearch™ Vital Records Index Norway Jacob MATHISEN Age At Marriage: 30Event(s): Birth:Parents: Father: Mathias JACOBSENMarriage: Spouse: Anna TORSTEINSDR Age At Marriage: 35 Marriage: 15 Apr 1864 Place: Sveio, Hordaland, Norway LenkeDette stemmer godt med at Anna var 5 år eldre enn Jacob. Jacob sin far heitte Mathias Jacobson, Jacob si stemor (faren's 2. kone) kom frå Kinn i Sveio. Finnås og Sveio er nabo kommunar.Det som forvirrar her er at eg truleg finn denne Anna Torsteinsdatter (eller Tosteinsdatter) i Sveio bygdebok under garden Kinn s. 82: Anna Torsteinsdatter Kinn f. 1829, men her er det oppgitt at ho gifte seg med Isak Matiasson Kallevåg, Bømlo.I Bømlo bygdebok finn eg ingen Isak i høveleg alder under garden Kallevåg. Heller ikkje finn eg desse i ft. 1865 på Kallevåg i Finnås (Bømlo). Eg lurer difor på om bygdebok forfattaren har tolka skrifta i kyrkjeboka feil og at det eigentleg skulle stått at ho gifte seg med Jacob Matiasson Kallevig (Kallevåg og Kallevig kan vel lett mistolkast, J kan forvekslast me I og k med b?) då er ein vel ikkje langt unna... Men korleis få dette bekrefta? Kanskje eg må smørje meg med tålmodighet til kyrkjeboka for Sveio i dette tidsrommet vert lagt ut på nett? mvh Helga Kallevik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Helga Kallevik

Dersom det stemmer at Jacob gifte seg før han emigrerte til USA, lurer eg på dei då event. hadde barn: Finn ei jente som døde som baby her LenkeKan dette vera datter til denne Jacob? Eg veit ikkje om andre Jacob i Kallevik i passande alder. I så fall må dei ha reist over etter 1867.Helga Kallevik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 5 måneder senere...
Gjest Helga Kallevik

Hei igjen!No er dei scanna kyrkjebøkene for denne perioden lagt ut både for Sveen og Finnaas. Her finn eg ekteskapet til Anna og Jakob i scanna kyrkjebok for Sveio:Vigde 15. April 1864 (s.117 i kyrkjeboka):Ungkar Jakob Mathiesen Haavik 30 å 1/2 år og pige Anna Torsteinsdatter, Kind 35 år. Brugommens far: Mathias Jacobsen Kallevik i Moster. Brudens far: Torstein Torsteinsen Kind.Dette stadfester vel at bygdeboka for Sveio er feil når det gjeld ektefellen til Anna Torsteinsdatter. Ho gifte seg nok med oldefars halvbror Jakob Mathiasen Kallevik, Haavik Indre i Moster.Når det gjeld barnet Laura Helene Jakobsdatter som døydde 7 veker gammal i 1867, ser det ut som ho er datter til ein Jakob frå Kallevaag (ikkje Kallevig) på søre Bømlo. Dette kan vel tyde på at Jacob og Anna emigrerte før ft. 1865 sidan eg ikkje finn dei der. Finn dei altså att i ft. 1880 Kandiyohi co MN. mvh Helga Kallevik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...
Gjest Kjellaug Robberstad Petit

hei Helga,Kan dessverre ikke hjelpe deg her, men jeg har bruk for hjelp sjøl.Dersom jeg husker rett har du Bømlo 3 (jeg har 1, 2, 4) og vi skulle gjerne ha visst hva det står om Sverke Pederson på Lønning. Se ellers her og dersom du har tid til å svare, så hadde det og vært fint om du hadde lagt inn svaret her: Lenke

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.