Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

[#42552] Trygve ''Terry'' Paulsen, f. Finnøy 1907 - til Amerika 1912 - kven var foreldri?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Trygve Paulsen, fødd ''på Stavanger-kanten'' 19.2.1907, døydde ved eit ulukkeshende i Brooklyn, NY 1.1.1954. Han kalla seg der borte for Terry Paulsen.Utvandrarlista for Stavanger syner at Trygve utvandra til Amerika i 1912 i lag med mor og fleire søsken. Fødestaden er oppgjeven til Finnøy, men eg finn ikkje fødsli hans i nokre av dei to sokni for Finnøy der kyrkjebøkene er utlagde i skanna form, so kvar vart han døypt?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Her er lenka til emigrasjonen i 1912. LenkeSom nemt i innlegg 1 reiste han saman med mor og søsken. Dei skulle til faren som då må ha reist over på eit tidlegare tidspunkt.Dette er jo så seint at emigrasjonen kanskje også kan finnast på 'Ellis Island'. Kan faren sitt namn vera oppgitt der mon tru?mvh Helga Kallevik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Helga for innlegg!Eg har funne huslyden på Ellis Island, men skipsmanisfestet er so lite i storleik at eg ikkje greier lesa kva som eventuelt måtte stå om faren... Guten er registrert som Trygeve Paulsen, om nokon andre vil gjera ein freistnad...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Hei igjen!Prøver med litt 'vill' gjetting. Sidan også Trygve si mor heitte Paulsen, så er det vel ein mulighet for at Paulsen også er faren sitt etternamn og at far hans igjen då kanskje heitte Paul.I ft. 1900 finn eg kun ein Paul som då event. kunne ha vore Trygve sin farfar LenkeDette er altså kun gjetting og familien kan jo ha sitt opphav heilt andre stader enn Finnøy sjølv om mor og barn budde der i 1912.mvh Helga Kallevik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Hei!Kva med han her som reiste over i 1909? (Teodor Paulsen - gift snekker) LenkeDet er jo ikkje så langt frå Finnøy til Stavanger, mannen var gift då han reiste, men kan ikkje sjå at det var noko kone som reiste saman med han. Yrket er oppgitt til snekker, så det kan jo stemma med møbelsnekker som er oppgitt ved kona sin emigrasjon. Ser at han er fødd i 1887, så han må i tilfelle ha vore 6 år yngre enn kona, noko uvanleg men likevel mogleg. Barna er jo ikkje oppgitt til å vera fødde før 1907 og 1908. Ingen fødde i tidsrommet 1909-1912, kan stemma med at far var i USA.Rein gjetting dette her også, men det er vel lov å prøva.....

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Hei Igjen!Her er truleg denne Theodor Paulsen død i New York i 1963:Theodor PAULSEN Birth Date: 17 Sep 1887 Death Date: Oct 1963 Social Security Number: 062-03-8000 State or Territory Where Number Was Issued: New York Actual Death Residence: New YorkKanskje det er mulig å finna adressa hans og sjå om der er noko kopling til Trygve eller mora si adresse?Kva med census 1920 og 1930?mvh Helga Kallevik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Helga for nye spennande innlegg om denne huslyden!Og det syner seg at du har rett! FT1930 for Brooklyn syner Theodor Paulsen med kona Sofie og borni Terry og Agnes. Faren var då byggmeister!Kanskje er det slik at borni var fødde i Stavanger, men at mori hadde opphavet sitt på Finnøy og budde der dei åri ho var åleine etter at mannen utvandra til Amerika? Dette er sjølvsagt berre gisning, men høyrest vel ikkje so urimeleg ut...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Thorstensen

Skipsmanifestet bekrefter at hun skulle til sin mann Theodor Paulsen. Hun var 25 år gammel i 1912 og siste faste bosted var Stavanger. Mvh. Rune Thorstensen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tove Tjøstheim Eek

Må beklage men linken i innslag 4 har ingen sønn Theodor , bare en sønn Dagfinn som riktig nok dro til Amerika ca 1886 i følge bygdeboka for Finnøy.Tove

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Hei igjen!Ved søk i ft. 1900 på Theodor og fødselsår 1887 finn eg kun 2 stk LenkeDen eine her: Theodor Hagland er også oppgitt til å vera fødd i Brooklyn USA. Skjønar ikkje heilt kor Paulsen namnet kjem inn. Kanskje frå farfaren?mvh Helga KAllevik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Hei Tove!Beklager eg også, innlegg 4 var kun gjetting, og det var før eg fann fram til Teodor. Det viser seg at Finnøy nok ikkje har noko med fars slekta til Trygve Paulsen å gjera. Kanskje ein likevel kan finna mora sitt opphav der?mvh Helga KAllevik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Thorstensen

Kanskje dette er Theodor i 1900. Han er skrevet som Teodor Pauls. og født i 1887. Lenke Mvh. Rune Thorstensen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Johan Arthur Hansen

Denne lenken i nr. 12 forandret seg. Første gang jeg så på denne var det Torkel Paulson f. 1841 i Fjelberg g.m Kirsten f.1843. Hvis det skulle være disse så er Torkil Paulson sønn av Paul Johanneson f.1795 i Skålaskog, Sveio og Ingeborg Mikkelsdtr. f.1800 på Kjellasvik i Fjelberg. Disse ble gift 2.7.1821 i Fjelberg. Kirsten født Larsen er født på Hvidingsø (Kvitsøy) 2.10.1843. Mvh. Johan Arthur Hansen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Johan Arthur Hansen

Her er Kirsten Larsdtr. f. 1843 på Hvidingsø. Se Lenke Mvh. Johan Arthur Hansen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Thorstensen

Her er lenken fra nr.12 igjen. Jeg vet ikke hvorfor noen lenker endrer seg, om det skyldes at noen blar i søkeresultatet etter at lenken er lagt på plass, men det gjelder altså 1900-tellingen i Stavanger. Teodor Pauls. (skrives nøyaktig slik)post 15948 i tellingen.Lenke Mvh. Rune Thorstensen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Thorstensen

Den som leter finner. Trygve Paulsen ble født i Stavanger 09.02.1907 og døpt i ST. Petri 14.04.1907 av foreldre Theodor Kristian Paulsen og Anna Sofie f. Asbjørnsen.NB. post 36. Mvh. Rune Thorstensen

bilete1322.jpg

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Rune, Tove, Helga og Johan Arthur for fleire interessante og nyttige innlegg og særleg det siste frå Rune, som då endeleg stadfester opphavet til Terry Paulsen. Eg er skikkeleg velnøgd med nytt godt teamarbeid gjennom Brukarforum og oppfattar dette problemet som heilt løyst for mitt føremål!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×