Gå til innhold
Arkivverket

[#42612] Rochum Crasto, New Orleans, LA, US President Ulysses Grant's personlege lækjar


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Ein kjem fram i mange underlege problemstillingar når ein jobbar med utvandringsforsking:Christopher Knutson Lunde frå Hafslo (f. 1853) utvandra i 1881 til New Orleans, LA der han same året gifte seg med Eliza Hughes Crasto (f. 1851?), enkja etter Dr. Rochum Crasto. Denne lækjaren av italiensk opphav var løytnant i unionshæren under Borgarkrigen, og general, seinare president, Ulysses Grant vart so begeistra for mannen at han etter krigen tilsette han som personleg lækjar.Men kven var no denne italienske emigranten? Han døydde kring 1876 og ligg gravlagd på Metairie-kyrkjegarden i New Orleans, LA, i den delen av byen som vart oversvømt under flaumen i fjor.Er det nokon som er ''kløpparar'' til å leita i meir eller mindre tilgjengelege kjelder som kan finna ein biografi om denne mannen?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jan Peter Wiborg

Hei, ikke akkurat nok til en biografi..., men det ser ut til at han var 50 år når han døde 16. juli 1875. LenkeIfølge 1869 New Orleans City Directory så hadde han kontor i 235 Canal c. Franklin.Jan Peter

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Jan Peter for eit interessant innlegg. Eg hadde òg oppdaga gateadressa hans frå 1869, men ikkje dødsfallet frå 1875. Eg ser forresten at dei sorterte han i lag med namnebrørne til ein sidan so velkjend diktator av spansk herkomst...!Eg har elles funne at han ''enlista'' som løytnant i borgarkrigen i 1861, men elles er det lite å finna...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jon Torp

LarsDa har du vel dette:American Civil War Soldiers Recordabout Roch CrastoName: Roch Crasto ,Enlistment Date: 12 October 1861Distinguished Service: DISTINGUISHED SERVICESide Served: UnionState Served: New YorkUnit Numbers: 1357 1357Service Record: Enlisted as a Lieutenant2nd Class on 12 October 1861 at the age of 37 Commission in Company E, 1st Infantry, Union Brgd Regiment New York on 12 October 1861. disch , consolidation Company E, 1st Infantry, Union Brgd Regiment New York on 07 February 1862 Commission in Company F, 101st Infantry Regiment New York on 07 March 1862. Discharged Company F, 101st Infantry Regiment New York on 08 August 1862.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Jon for nytt spennande innlegg i denne saki.Jau, ein del av desse opplysningane er kjende for meg, men eg er redd dei ikkje hjelper oss so mykje, bortsett ifrå å illustrera litt av den militære lagnaden til Rochum...Eg har elles i kveld oppdaga at det er ein stad på nordaustlege Cicilia (Italia) som heiter Crasto, visstnok eit fjell og eit populært reisemål for turistar, men om Rochum har noko med denne staden å gjera, er vel ikkje so godt å seia...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Jon for endå eit innlegg som kryssa mitt siste!Jau, eg har ogso funne Rochum Crasto i FT1870, men her er det noko underleg: Han seiest vera gift med Eliza Hughes (dotter av kopparsmed George Hughes frå England og kona Mary frå Irland), men etter vigselsregisteret for New Orleans, LA gifte dei seg ikkje før 3.7.1872! Var dei sambuarar...? Dei fekk forresten ein son Joseph i 1873 og ogso ei dotter, men namnet hennar er ukjent. Det er forresten underleg at me ikkje kan finna Rochum korkje i 1850 eller 1860... Og ikkje heller finn me enkja hans og borni deira i 1880!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Jon for nye innlegg!Jau, det er nok rette huslyden du har funne i FT1880, sjølv om nokre av namni er noko ''underlege''. Dei to siste borni er nok borni til Dr. Crasto, og i originalen er Josephine kalla Joseph, og han er gut! Mori Ellen Hughes må vera ei stemor, medan Anna er vorti til Emma...Nettet tek til å ''snøra seg'' kring Dr. Crasto, men framleis hadde det vore kjekt å få greie på soga hans frå tidi før borgarkrigen...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.