Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

[#42792] Johan Strand, gift 1909 og busett (ei tid) i Harstad, Trondenes - kven var han?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Marie Olufine Pedersen (Skjærstad), fødd på Skjerstad i Trondenes 14.5.1884, skal ifølgje familienedteikningar ha gift seg i june 1909 med:JOHAN STRAND.Dei busette seg i Harstad, og fekk visstnok to døtrer same stad, men flytte sidan til Rogaland, visstnok til Sandnes, der Johan Strand skal ha vore tilsett i tollvesenet(?).Eg har søkt i dei skanna kyrkjebøkene for Trondenes sokn i Trondenes, men finn ikkje denne vigsli mellom Johan og Marie Olufine. Er kan henda Harstad i eigi bok (som ikkje enno er skanna)?Eg vonar at einkvan med lokal kunnskap sit med det naudsynte kjeldematerialet og kan hjelpa meg:* identifisera Johan Strand (opphavet hans)?* finna den nøyaktige datoen og staden for vigsli deira i 1909?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Anne Ørvig

Hei Lars Kan det ha noe å si at Marie var medlem av 'baptist samfunnet'? I følge kirkebok for Trondenes meldte hun seg ut av statskirken 28.02.1903. Hilsen Anne

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Anne for siste innlegg.Eg har kikka litt på baptistkyrkjelyden sine kyrkjebøker for Aune i Trondenes, men finn ikkje noko der av interesse i denne samanhangen!Derimot har eg i dag fått greie på at:Johan ARNEBERG Andreasson Strand var fødd i Sortland i 1883. So opphavet hans er OK. Men eg veit ikkje om dette kan bidra til å finna vigsli til Johan og Marie...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Grethje Flood

Blant utflyttede 1904-1905 i skannet kirkebok for Sortland finner jeg en kar som heter Johan Arneberg til fornavn, men resten av navnet er Pettersen Sortland og han er født i 1885. År: 1905. Flyttet til Trondheim.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Grethe for siste innlegg!Det ser ut til at namnekombinasjonen Johan Arneberg vart nytta innanfor fleire huslyder på Sortland i 1880-åri, men eg har fått ei stadfesting av identiteten til ''vår'' Johan Arneberg hjå Johan Borgos, bygdebokskrivaren for Sortland, so eg reknar meg trygg på dette opphavet.Men, Borgos har ikkje registrert vigsli til Johan Arneberg Strand. Han nemner berre at Johan òg skal ha butt på Melbu i Hadsel, so kanskje han gifte seg der i staden for i Harstad?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×