Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

[#42798] Ingebrigt Johannessen og Helene Christine Jæger - vigde i Bergen 1818 - bustad?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Ingebrigt Johannessen, fødd i Bergen 2.1.1782, nemnd som matros i Bergen i 1804/1805, må vera identisk med den I. J. som 26.7.1818 gifte seg i Bergen med Helene Christine Gabrielsdotter Jæger frå Blidensol, Skjerjehamn i Gulen, døypt i Gulen 19.2.1789. Dette paret får fire born i Bergen, alle fødde i 10. rode nr. 104 (Nøstegaten):- Gabriel Andreas Jæger, fødd i Bergen 19.10.1824.- Anna Margrethe, fødd i Bergen 20.6.1827.- Ingeborg Helene Christine, fødd i Bergen 14.7.1828.- Lucie Marie, fødd i Bergen 25.8.1830.Ingebrigt Johannessen er ikkje å sjå i FT Bergen 1815, og eg tykkjer òg det er underleg at Ingebrigt og Helene ikkje har born mellom 1818 og 1824. Ingebrigt var matros og kan godt ha vore borte frå Bergen, men kvar budde i so fall huslyden mellom 1818 og 1824? Kan dei ha vore i Gulen eller i Solund?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gisle Hersvik

Gulen Bygdebok: 'Den 20/7 1804 kjøpte Lars Helland også plassen.... Enkja etter Jæger, og dottera Helene Kirsti, flytte då bort, uvisst kvar'.FT1815:Er dette enkja - Anna Margrete Meyer, f. 1745 - etter Gabriel Jæger; [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=2&filnamn=berg1815&gardpostnr=5822&merk=5822#ovre>Lenke, og dette dottera;

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Berit Knudsen

Det bør vel finnes et skifte etter Ingebrigt hvor det står hvilke barn han hadde.Var det ikke han som døde 55 år gammel av mavesmerter 29/6 1832 DK, adresse 11-104. Helene giftet seg igjen 6/9 1835.Jeg ser også at barna Gabriel døde 1824, Anna Marg. 1827 og Ingeborg 1828. Kanskje de fikk flere barn før det, men at de også døde.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Gisle for nytt innlegg. Jau, det er nok enkja og dotteri du har funne att i Bergen 1815. So kanskje dei aldri flytte attende til bygdi?På hi sida, so veit eg at Ivar Kleiva i hovudsak nytta konfirmantlister i staden for dåpslister då han arbeidde med bygdebøkene for Gulen, ''for å sleppa henga seg opp i born som døydde unge'', so Ingebrigt og Helene kan godt ha fått eitt eller fleire born i Gulen utan at Kleiva har regoistrert dei...Eg vonar på nye tips og takkar nok ein gong for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Berit for siste melding, som kryssa mi!Erfaringi mi syner at det er dårleg med skifteregistreringar frå Bergen på den tidi då Ingebrigt døydde, og særleg når me veit at han livnærte seg som dagarbeidar... Det var ingen skifteregistrering etter kona Helene då ho d. i 1846!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Berit Knudsen

Var det ikke slik at når man giftet seg opp igjen så måtte man fremlegge en skifteattest, vel og merke om det fantes felles levende barn ?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Berit for siste innlegg.Du hadde forsovidt rett. Det vart halde skifte etter Ingebrigt Johannessen, men dette skjedde kort etter dødsfallet hans, og ikkje i samband med at enkja gifte seg att...Uansett, so var det ikkje fleire born som då levde att etter Ingebrigt Johannessen enn den vesle dotteri Lucie, so om dei hadde fleire born fødde før 1824, so levde dei ikkje opp...Då er det vel ikkje so mykje meir me kan gjera med denne saki, med mindre noko skulle ''dukka opp'', t.d. i kyrkjebøkene for Gulen...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.