Gå til innhold
Arkivverket

[#42836] Iver Johannessen frå Sogndal g 1860 m Siri Sjursdotter frå Haus - Bergen og so?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Iver Johannessen, fødd i Sogndal 30.5.1838, gifte seg i Domkyrkja i Bergen 28.5.1860 med Siri Sjursdotter Solberg, fødd i Haus kring 1827. Iver var skomakarsvein, og han og Siri (Serene) fekk seks born i Bergen:* Jacob Johan, f. 13.7.1860* Carl Severin, f. 13.11.1862* Carl Severin, f. 15.10.1865* Karen Jørgine, f. 16.3.1868* Johannes Martin, f. 22.4.1870* Ingolf Severin, f. 3.10.1872Huslyden bur i 1875 i 23. rode nr. 182d, men so vert dei borte frå Bergen. Kvar vart dei av?? Alle søskeni til Iver utvandra til Amerika; kanskje Iver og Siri òg fór dit?Er det elles nokon med lokalkunnskap i Haus, som kan fortelja meg kva dato og nett kvar i Haus Siri var fødd?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Rune Thorstensen

Jeg synes dette ligner mistenkelig på familien du leter etter. Siri er riktignok blitt til Serenne, men de har en sønn Jacob f.1860 som er enkemann boende i huset med sin sønn.Lenke Mvh. Rune Thorstensen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arnfrid Mæland

Solberg er ein gard i Gjerstad sokn, tidl Haus herad, no Osterøy kommune. Du finn den i 'Haus i Soga og Segn, Gjerstad sokn' s 292-312, men eg har ikkje den boka heime nett no.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Rune Thorstensen

Jeg finner en Iver Jo(p)hannessen med løpenr.171 som død 12.08.1912 og en Serenne Johannessen med løpenr. 192 død 24.03.1913. Kanskje en sjekk av dødsmeldingene kan avklare om det er rette folket. Mvh. Rune Thorstensen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Rune, Gisle, Oddvar og Arnfrid for flotte og oppklarande innlegg. Alle spørsmåli mine om dette parfolket er då løyste, òg takk vera fødselsregistreringi til Siri (Serenne) hjå FamilySearch og FT1912. Kyrkjeboki for Krosskyrkja innheld dei to dødsfalli i 1912 og 1913, og der står det tydeleg at Iver var fødd i Sogndal, medan Serenne var fødd i Hosanger(!). Eg oppdaga dei ikkje før i FT1912, fordi fødselsdatoen til Iver var feil.Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arnfrid Mæland

Garden Solberg / Soelbjørg / Solbjørg ligg i Gjerstad sokn, ikkje i Hosanger, og høyrde til Haus herad og i 1801. I dag høyrer garden til Osterøy kommune. Men ho kan sjølvagt vera fødd i Hosanger, men då på ein annan gard.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Arnfrid for siste innlegg.Siri var nok fødd i Haus og ikkje i Hosanger, skal me tru FamilySearch, men originalkjeldene kan stundom òg innehalda feil. Iver sjølv er jo både i 1900 og 1912 oppgjeven fødd i Bergen!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.