Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Knut R Sande

[#42857] Frå Fræna til Bergenstraktene

Recommended Posts

Gjest Knut R Sande

Gurine Nilsdotter frå Oxegrov i Fræna var fødd 1832. Ho reiste som ung til Bergen og vart gift 2 gonger der: Første gong 27.5 1861 i Ullensvang/ Eidfjord med ungkar Nils Nilsen Sæd, son av Nils Halstensen. Dei fekk etter det eg veit ein son Nils Bernhard f 16 12 1862, døpt i Nykirken i Bergen. Nils Nilsen var sjøfarande og skal ha omkomme ute. Nils Bernhard flytta til Søre Bjørnsund i Fræna, og slo seg seinare ned på Rindarøya i Aukra. Han har etterslekt der.Gurine skal ha gifta seg 2. gong i Nykirken 26.5 1872 med enkemann Nils Thorsen Alvøen, fødd på Askøen, far Thor Alvøen.Arve Hammerøy skal skrive bygdebok for Søre og Nøre Bjørnsund. Han er interessert i fleire opplysningar om Gurine og hennar menn. Mellom anna, hadde ho fleire born, når og kor døydde ho. Alle opplysningar er av interesse. Vi håper det er lokale granskarar som har arbeidd med desse personane. Vi vil på førehand takke for opplysningar.Knut Reidar Sande

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Thorstensen

Det ser ut som om hun dør i Bergen allerede 06.07.1876.Lenke Mvh. Rune Thorstensen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Thorstensen

Gurine og Nils fikk også en datter Anne Nicoline Gurine født 03.10 og døpt 15.10.1865.Lenke Mvh. Rune Thorstensen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Knut R Sande

Takk til Rune for nye opplysningar.Kan det vere nokon som kjenner vidare skjebne til Nils Andreas f 1868? Ved dåpen i 1868 ser det ut til at faren er død. (Afg.matros tyder vel det?) Kan det vere nokon som kjenner tilhøva kring dette dødsfallet?Forøvrig, eldste born Nils Bernhard vaks opp på Bjørnsund, fekk familie og etterslekt, som nemnd i 1)Knut R Sande

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Knut R Sande

Nils Andreas Nilsen nemnd ovafor kan vere handelsborger og trælasthandler i Bratlandssmuget 14b ved FT 1900, eg forsøker ei Lenke Mine lenker verkar ikkje alltid.Bygdebokskrivar for Bjørnsund vil gjerne komme i kontakt med etterkommarar etter denne personen. Det kan vere at desse kan veit noko om korleis Nils Nilsen Sæd kom bort. Håper nokon kan komme med tips. på førehand takk.Knut R Sande

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Du er nok på rett spor. Her vert Nils Andreas gift: LenkeDu finn han i Syndnessmuget i ft1891 som gesell hjå ein trelasthandlar og her i Bratlandssmuget. Dei to smuga ligg tett attmed einannan på Nøstet, innmed Dragefjellet og oppom trelastverksemdene i Jekteviken. Medan stefaren, Niels Thorsen, framleis bur ute på Nordnes (Fæstersmuget) både i 1891 og 1900.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.