Gå til innhold
Arkivverket

[#42929] Hans Teiste til Fet (1555-1591)og Brynhild Thorsdotter Benkestok (1565-) - ætti?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg har problem med å tolka ''logikken'' attom ættetavla til lagmann Hans Olson Teiste ''til Fet'' i Hafslo, som fra 1585 var lagmann i Stavanger. Eg har m.a. funne opplysningar hjå FamilySearch som syner at Hans var gift med Brynhild Thorsdotter Benkestok frå Orre i Klepp. Ho må vera fødd i Klepp kring 1565 og var svært ung då ho kring 1581 vart gift med Hans Teiste.Hans var fødd på Bjelland i Kvinnherad, men må i ung alder vera komen til grandtanta Barbro Johansdotter f. Kruckow på Fet i Hafslo og tok over eigedomen etter ho.MEN, Hans skal vera son av Ole Johnson Teiste til Bjelland i Kvinnherad (fødd 1526) og Maren Christophersdotter Rustung (fødd ??). Ole skal vera son av godseigar John Olson Teiste til Kroken i Hafslo (1500-1555), men korleis kan mori vera Anna Johansdotter Kruckow etterdi ho ikkje kan vera fødd før kring 1519 (ho døydde kring 1602)? Var kanskje John olson Teiste gift ein gong før?Eller er farsnamnet til Hans Teiste feil? Var han i staden son av godseigaren John Olson Teiste og Anna Johansdotter Kruckow? Utifrå alderen kan dette tykkjast meir sannsynleg!! Og einaste kjende dotteri etter Hans Teiste hadde namnet Anna...Eg er elles òg interessert i opplysningar om kvar det vart av Brynhild Thorsdotter f. Benkestok etter at mannen Hans Olson Teiste var avliden i 1591?Og fekk Hans Teiste og Brynhild Benkestok fleire born enn dotteri Anna Hansdotter Teiste, fødd 1586 og sidan gift med Nils Jacobson Friis i Landvik i Aust-Agder?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg lyt leggja til at Ole Lasseson på Fjøsne i Luster (1560-1636), som visstnok var mannen som tok over styringi av garden på Fet etter Hans Teiste, men som sidan vart gardbrukar på heimebruket på Fjøsne i Luster, skal ha ått jord i Bjelland i Kvinnherad. Kanskje Ole var gift med ei søster av Hans Teiste??Kva veit ein eigentleg om Teiste-ætti på Bjelland?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Karin Romstad

Bjelland eies i 1647 av Welb.Trund Teiste. Ref. Skattematrikkelen 1647 XI Hordaland fylke.Kanskje noen fra Kvinnherad kan gjøre et oppslag i gards-og ættesoga.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Karin for nytt innlegg!Namnet Trond Teiste høyrest unekteleg ut som ei ''blanding'' av Teiste og Benkestok! Eg vonar òg at einkvan med tilgjenge til bygdeboki for Kvinnherad kan gjere litt greie for denne ætti! Men når eg no ser litt nærare på noko av det materialet som ligg på nettet om ætti Benkestok, anar eg samanhangen:Den Hans Teiste som gifte seg med Brynhild Thorsdotter Benkestok, var son til Ole Johnson Teiste på Bjelland og Maren Christophersdotter Rustung, og det er berre rett og rimeleg at Hans og Brynhild fekk ein son Trond..., oppkalla etter Trond Thorson Benkestok, som døydde so tidleg (1611?)!Elles er eg vorten merksam på tema #2702 som stadfester dette:Kona til Hans Teiste er ukjend, medan dotteri Anna gifte seg første gongen med nemnde Trond Thorson Benkestok til Hananger i Vanse (Lista)!Då sit me att med spørsmålet om kven som var kona til Hans Johnson Teiste på Fet i Hafslo!? Men dette spørsmålet ser det ut til å ha vore spekulert på før ''i det vide og det breie'' utan å koma fram til noko endeleg svar! Ho sat nok att som enkje på Fet i Hafslo i 1591, og då kan det vera fristande å tru at ho kanskje har gift seg att med Ole Lasseson Fjøsne som tok over på Fet etter Hans Teiste!? Men i so fall vil eg tru at Ole var gift to gonger. Me kjenner til fire born etter Ole Lasseson:* Kirsti Olsdotter (1598)* Lasse Olson (1600)* Ellef Olson (1609)* Johannes Olson (1611)Namneoppkallingar tyder heilt klart på at mori til desse borni heitte Britha, men Kirsti kan jo godt vera ei oppkalling etter første kona til Ole...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jo Rune Ugulen

Hans Teiste må nok vera ein son av Jon Teiste Olavsson og Anne Kruckow, og ikkje ein soneson. At han ikkje er omtalt mellom arvingane etter Anne Kruckow i starten av 1600-talet, skuldast enkelt og greitt at han var død før mora.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Jo Rune for eit nyttig og stadfestande svar.Men eg har eit nytt spørsmål til deg:* Borni etter Hans Teiste må vel vera nemnde mellom ervingane etter Anna Kruckow Teiste? Var det fleire enn dotteri Anna Hansdotter Teiste?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jo Rune Ugulen

Til spørsmålet om barna til Hans Teiste: Nei, ikkje det eg veit.Og her ligg også svaret på det andre spørsmålet. Det var nemleg framleis barn av Anne Kruckow i live, og dermed arva ikkje sønedøtrer. Berre sønesøner, dersom far deira var død. I tillegg til døtrer og søner. Eg hugsar ikkje i farten kor mange av barna til Anne som framleis var i live då ho døydde i 1602(?, skifte 1607), men sonen Jon Teiste Andersson var i alle høve i live. Og sonesonen Hans Olavsson Teiste til Bjelland (som ikkje er identisk med Stavangerlagmannen). Finn Teiste, som etter Absalon Pedersson døydde i 1570, er truleg ein annan son av Jon Olavsson og Anne Kruckow, og han er kan henda identisk med Finn på Lindane i Kvamsøy i 1563. Kor vidt døtrene (til Jon og Anne) Karen og Gudrun framleis var i live i 1602, er eg uviss på (eg har ikkje tilgjengeleg all referanselitteraturen min på det mellombelse kontoret eg er på no).Elles kan eg opplysa om Simon Nielssøn, som du spør om i ein annan tråd, at han alt i 1614 må ha vore gift med Øllegård Pedersdatter. Dette er første gongen eg har sett han nemnt i kjelder frå Sogn.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Jo Rune for nytt og avklarande svar. Det var underlege arvelover dei hadde den gongen...Elles skulle du vel aldri vita kven Hans Johnson Teiste var gift med...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Karin Romstad

Jeg tror jeg må ha det inn med teskje. Til 6. Hans Teiste, sønn av Jens Olafson Teiste og Anna Krukow. Til 8. Anna Krukow gift med en Anders, mor til Jon og Olaf? (far til Hans på Bjelland) Også nevnes døtrene til Jon Og Anna hvem?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jo Rune Ugulen

Nokså enkelt:-)Anne Kruckow var gift to gonger. Først med Jon Olavsson Teiste (død kring 1555), deretter med Anders Nilsson. I første ekteskap mange barn, mellom anna Olav Jonsson til Bjelland og Hans Teiste til Fet. I andre ekteskap ein son: Jon Teiste Andersson på Kroken i Sogn (kalla opp etter Anne Kruckows første mann), stamfar for den yngre Teiste-slekta i/frå Sogn (som då eigentleg ikkje er av Teiste-slekt i det heile...).Olav Jonsson til Bjelland, var far til Hans Teiste til Bjelland, og farfar til Trond Teiste.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Karin Romstad

Et spørsmål til.Jeg har lurt på hvorfor Hans Olafson Teiste pantsetter Lofthus til Christen Trane, som jeg har forstått var g.med Margrete Nilsdotter,søster til Jens Nilsson til Semeleng, og Samson Nilsson Sterri/Tjugum. Kan Anders Nilson, Anna Krukow sin andre ektefelle være en bror av dem?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jo Rune Ugulen

Nei, det er ikkje noko som tyder på at Anders Nilsson var bror til desse. Snarare tvert om. Han fører eit våpen i seglet sitt som liknar på det som den danske lågadelsslekta Tornekrans fører. Det har medført at han til tider har vore kalla Tornekrans også, men han kan ikkje koplast til slekta på noko vis, så dette er høgst uvisst.Elles er pantsetjing slett ikkje avhengig av slektningar. Det er ingen grunn til å tru at det er noko slektskap eller svogerskap mellom Hans Olavsson Teiste og Christen Trane.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Karin Romstad

Til15Takk igjen for oppklarende svar.Jeg er enig i det siste, men a.o.t.synest pantsettelse å skje så ofte i de adelige kretser, at man kan få inntrykk av at de utveksler pantebrev under middagsselskap.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Karin Romstad

Til 8.Kan Karen Teiste som var gift med Anders Christenssen, borgermester i Bergen, være datteren til Anna Krukow og Jon Teiste, dvs. søsteren Olaf Jonson Teiste?.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Jo Rune og Karin for mange interessante innlegg om denne ætti.Jau, for å svara på siste spørsmålet, so har eg oppført tre born etter John Olson Teiste og Anna Krickow til Kroken i Hafslo:* Ole Johnson Teiste, f. kring 1542, busett Bjelland i Kvinnherad* Hans Johnson Teiste, f. kring 1645, busett Fet i Hafslo* Karen Johnsdotter Teiste, f. ??, gift med Anders Christenson, birgarmeisteren i Bergen.Kanskje nokon veit om det var fleire born i denne huslyden? Eller er det nokon som har fleire opplysningar (årstal) om Karen og mann hennar?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jo Rune Ugulen

Karen Teiste var gift to gonger. Andre gong med adelsmannen Henrik Munn/Mund til Iden (Io i Herdla skipreide).Du har vel også gløymt Gudrun Jonsdotter Teiste, som var gift med Jørgen Pedersson (Staur).Finn Teiste, som døydde 1570, er også ein mogleg son av Jon Olavsson og Anne Kruckow. Og han er moglegvis identisk med Finn på Linde i Kvamsøy som er nemnt i 1563, og som då er den absolutt største jordeigaren mellom 'bøndene' i Sogn.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Jo Rune for nye spennande opplysningar. Eg har enno eit stykke fram før garden Kroken i Hafso skal omskrivast, so denne ætti har eg ikkje studert so svært nøye, enno. Men, om du skulle ha leveår til Karen og mennene hennar og/eller til Gudrun og mann hennar, ville det vore interessant og fått på plass... Finn veit me jo tydeleg ikkje so mykje om...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Per Nermo

(18:) Det er vel rimelig å tro at Ole/Olav/Oluf Johnson Teiste var eldste sønn (han kan selvsagt ha hatt en eldre bror som var død før han selv ble født), oppkalt etter farfar. Jeg syns du har ham født noe sent (ca.1542). Ole ble i Bergen (Saltøen) 1570 g.m. 'admiral-datter' Maren/Marina (Karen ?) Christophersdatter ('Rustung'/'Tronds'). Jeg kunne også godt tenkt meg hjelp til å tidfeste levetiden til disse Jonsbarna Teiste bedre.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 8 måneder senere...
Gjest arne kvitrud

Legger ved Langebeks avtegning av seglmerket til Hans Teiste til 'Fiith' fra 1575.Kilde DRA, HSS I, Jakob Langebek, XV Segltegninger, 7. Langebek oppgir at det er fra Rosenholmarkivet (Doc. Arch. Rosenh.).

bilete3127.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest arne kvitrud

Til (15). Seglmerket til Anders Nilsens 'til Krogen (i Norge)' i 1575 er gitt nedenfor.Kilde er som over DRA, HSS I, Jakob Langebek, XV Segltegninger, 7. Denne har nummer 1. Langebek oppgir at det er fra Rosenholmarkivet (Doc. Arch. Rosenh.).Langebek legger til: 'NB. Hans Kruckou kalder ham sin broder.'

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjateleg takk til Arne for interessante seglmerker. Eg har ikkje arbeitt so mykje nmed slikt materiale, men eg vart forundra over den siste merknaden om skyldskapen mellom Anders Nilsson til Kroken og Hans Kruckow! So vidt eg hugsar, har Anders Nilsson sitt seglmerke lite til felles med Hans Kruckow sitt, so om dei var brør, må dei i so fall ha vore halvbrør, og då gjennom felles mor? Var Guri Thorsdotter (Smør) gift to gonger??Kanskje nokon har tankar om dette...?Med varm sommarhelsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.