Gå til innhold
Arkivverket

[#42935] Simon Nilsson, fødd kring 1580(?) - fut i Sogn - busett i Hafslo - kven var han?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Simon Nilsson kom til garden Kroken i Hafslo i Sogn kring 1515 ved å gifta seg med enkja Øllegaard (Teiste). Han budde sidan på garden Fet, men hamna til sist på Sjøtun der han døydde barnlaus i 1654.Han testamenterte halve eiga si til Kongen og hi helfti til kona og ættlingane hennar, men kven var Simon? Er det nokon som har gjort seg tankar kring opphavet hans?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Arnfrid for interessant innlegg! Her var det fleire nyttige detaljar både om Simon og garden Fet, som eg ikkje var merksam på!Men me får vel kan henda aldri greie på kven Simon eigentleg var...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 9 måneder senere...
Gjest Arnfrid Mæland

God kveld Lars,eg sit og les i arkivet etter sal. morfar.Der finn eg fylgjande (gjeld gjenstandar frå kyrkja i Kyrkjebø på Kulturhistorisk Museum i Bergen):«...So står det at denne tavla vart «bekosted» av Ølgaard Pedersdatter og Simen Nielssen. Men dette er noko utydeleg. Futen i Sogn på denne tida heitte Simen Nielsen. Men den kvinna er ukjend, kanskje kona til futen. Alt er framifrå vakkert malt, so det er nok ikkje rett å kalla målaren «elendig fusker» slik som Dahl (prosten) gjer.»Mvh Arnfrid

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arnfrid Mæland

Øllegard var enke etter Jon Anderssøn Teiste;«Futen drap Jon Anderssøn Teiste Gjøde Pederssøn vitja Kroken. Det enda ikkje bra. I 1607 fekk ein seinare ætting av Teiste-ætta i Kroken, Jon Anderssøn Teiste, ei dramatisk avferd frå denne verda: Han fekk vitjing av den illgjetne futen Gjøde Pederssøn frå adelsgodset Kaupanger. Under opphaldet i Kroken, skal Gjøde Pederssøn ha fekta med ein pistol. Skotet gjekk av og råka Jon Anderssøn Teiste. Han døydde nokre dagar seinare av skadane. Gjøde Pederssøn vart tiltala både for denne hendinga og eit drap på Bryggen i Bergen, men slapp fri. Etter at futen hadde gjort ende på Jon, gifta enkja Øllegaard Pedersdotter seg opp att - først ein gong med futen Peder Frost som då budde i Dale i Luster. Og då han var ute av verda, gifta ho seg med futen Simen Nielssen, som kom til Kroken kring 1615. Denne futen var ikkje av adelsætt, for han måtte svare skatt frå eigedomane sine - noko som adelsætta slapp på den tida. Simen var elles busett både på Fet i Hafslo og i Solvorn, og vart dømd for underslag og avsett frå embetet i 1632. Men Øllegaard hadde barn frå ekteskapet med Jon Anderssøn Teiste, og sonen deira, Jan Jonson Teiste, vart i byrjinga av 1600-talet eigar av Kroken, som no var samla igjen til ein gard. No vert også den kjende Heiberg-slekta blanda inn i ættebanda i Kroken, for Jan Jonson Teiste gifta seg med syster til sorenskrivar Anders Heiberg, som budde på garden Talle på vestsida av Lustrafjorden. Heiberg-slekta var ikkje adeleg, og med dette giftarmålet med Mette Søffrensdatter Heiberg mista også Teiste adelsprivilegia sine.Då Jan Jonson Teiste døydde, gifta Mette seg opp att med ein rikmann frå Bergen, Bernt Berntson Nagel. Han høyrde til ei slekt som vi m.a. seinare finn att som store jordeigarar fleire stader i Sogn, og som futar på Svanøy i Sunnfjord - sjå: Ny stordomstid under futane Nagel.Kroken var i Teiste-ætta si eige heilt fram til 1729. Då skranta det på økonomien, og den rike Lærdals-presten Hans Leyrdahl (bror av 6tipp Ove Andreas Leyrdahl) kjøpte eigedomane.Nokre av Teiste-folket flytta til Danmark, men ei kvinne som heitte Maren Teiste gifta seg med handelsmannen Zacharias Davidsson Svaboe på Årdalstangen. Sjølv om ho flytta frå garden, sat ho framleis med odelen på Kroken.»Dette tyder, slik eg skjønar det at Øllegard var gift Teiste.- men kven var hennar far og mor....

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arnfrid Mæland

Nermo har dette: Øllegård PEDERSDATTER Family 1 : Jon Andersson TEISTE RESIDENCE: 1593, Eide Indre Kroken, Luster BIRTH: ABT 1565, til Indre Kroken og Bjelland (s. av Karine Teiste !) DEATH: 1607, (drept) Fmily 2 : Peder FROST RESIDENCE: 1603, Bos. på Fuhr i Luster, SF ? OCCUPATION: Fogd i Luster (i 1590) BIRTH: ABT 1560, (?) Family 3 : Simon NILSSON

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Arnfrid for nye innlegg om denne huslyden. Eg ser ikkje noko ''revolusjonerande'' nytt, men desse opplysningane skal eg studera nærare når eg kjem heimatt...Med varm og solfull sommarhelsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.