Gå til innhold
Arkivverket

[#43022] Oscar Schjølberg, f. 1857, handelsbetjent i Christiania 1875-1888 - gift med ?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Oscar Thomas André Jørgenson Schjølberg, fødd i Vinger 1.11.1856, var i 1875 handelsbetjent og budde i Christiania. Derifrå utvandra han til Amerika i 1888, tydeleg som enkjemann!? I amerika gifte han seg att med ei jente frå Hafslo i Sogn, Øllegaard Olsdotter Feet.FT1900 for Butterfield, Watonwan Co., MN syner at han hadde ei dotter hjå seg:* Nora, fødd i Noreg aug. 1878, utvandra 1893.Kanskje er denne dotteri identisk med Eleonora Schjølberg, som utvandra frå Christiania i 1892, 11 år gamal(?).Er det nokon med lokal kunnskap i Christiania som kan hjelpa meg identifisera den første kona til Oscar, som han må ha hatt i Christiania?Er det kanskje mogeleg å finna litt meir detaljerte opplysningar om dotteri Nora?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Asbjørn Schjølberg

Hei Lars. Våre veier krysses igjen.Fra en etterkommer etter Oscars foreldre har jeg en del opplysninger om de personer som du etterlyser. Detaljene tar jeg på mail, men for evt andre interesserte nevner jeg noe her. Oscar Thomas Jørgensen Schjølberg ( foreldre Jørgen Schjølberg og Caroline Matilde Timmermann) er gift med en Ella Burg. (Hvorvidt de var gift er ikke bekreftet). De hadde en datter Eleanor 'Nora' Burg; født ca 1879 (står det her).Av min kilde fremgår det at Oscar var eier av hotell Butterfield i Butterfield, Minnesota i 1899. Oscar døde 25 mars 1918 og er begravd på Bayview cemetery i Bellingham. Noen kone har jeg ingen opplysninger om, men den har jo du - takk.Ella Burg vet jeg intet om, men fødselsår er antydet ca 1850, intet sted. Det er imidlertid interessant at Oscar tok navnet Burg i USA. Jeg har ikke foretatt søk etter henne hittil.Datteren Eleanor 'Nora' brukte også navnet Burg så langt vi vet (som faren). Hun ble gift med John Lenard Riseland (også kjent som Røiseland) fra Flekkefjord. Jeg har masse etterkommere etter disse i min database. Disse har nok også bodd i Bellingham, der Nora døde 1 juni 1928 og begravdes på Bayview cemetery. Mannen levde til 1938, og han døde i Bellingham og er begravd på Bayview.Detaljene foreslår jeg at vi tar på mail. Jeg har din adresse.M v hAsbjørn Schjølberg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Jon og Asbjørn for imponerande innlegg, særleg det siste frå Asbjørn.Eg har søkt i årevis etter lagnaden til Oscar Burg i Amerika utan å finna noko som helst, og so kjem du med heile fasiten!Då kan eg i denne omgongen leggja til at Øllegaard ''Ella'' Fett BERG døydde i Bellingham, WA 14.10.1912, og ho ligg òg gravlagd på Bayview cemetery i Bellingham, men under namnet BERG!Med omsyn til Oscar og Øllegaard ''Ella'', so fekk eg ein gong oppgjeve at dei gifte seg i Minneapolis,l MN 23.9.1886, men dette året kan jo ikkje vera rett, for då var Oscar framleis i Christiania! FT1900 og 1910 antyder 1891 som vigselsår...Nettopp medan eg heldt på med innlegget mitt, kom meldingi di på e-post. Jau, eg vil gjerne få supplera med detaljar om Oscar sitt første ekteskap og dotteri deira, so eg vonar du vil senda meg dette... Eg kan forresten leggja til at ogso Oscar og Øllegaard fekk ei dotter i lag. Ho var fødd i Butterfield, MN i 1898, men d. kort tid etter! (detaljane har eg diverre ikkje)Eg gler meg til å høyra frå deg att!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Nok ein hjarteleg takk til Asbjørn for direkte tilsendt materiale med mange spennande detaljar om denne ætti!MEN, me står framleis ''fast'' når det gjeld den første kona til Oscar Schjølberg og livet deira i Christiania. Du, Asbjørn, meiner ho heitte Ella, men eg må tilstå at eg tvilar på dette namnet... Eg trur det er ei samanblanding med andre kona hans i Amerika!?Ein eller annan stad i det scanna kyrkjebokmaterialet frå Christiania skjuler det seg nok ei vigsle for Oscar og første kona og likeins ein dåp for dotter deira, Eleonore ''Nora''; den som berre kunne bla litt raskare på nettet...Men kanskje einkvan har kjennskap til ætti eller på eitt eller annan vis har vore borti denne huslyden?Nok ein stor takk for all hjelpi eg har fått so langt!Venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Geir Kamsvaag Berntsen

Det enkleste er nok å slå opp i de lokale folketellingene i 1882 og 1885. I kombinasjon med adressebok skulle det ikke være så vanskelig å finne ham/familien om han brukte navnet Schølberg.Jeg får vel muligens tid ikveld om ikke andre kan bidra med noe før dette. (Håper du leser svaret i så fall, det er ikke hver eneste gang jeg vet vet at du gjør det).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Geir for spennande svar. Jau, eg ville setja stor pris på om du har høve til å sjekka dette i kveld, sjølvsagt med atterhald om at ikkje andre svar kjem inn i løpet av dagen...Jamen er de heldige som har so mange lokale folketeljingar frå den tidi...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg har nettopp motteke dødsattesten for Eleonore Burg Risland, og denne fortel at Eleonore var fødd 22.8.1878, men diverre vantar namnet til mori!So eg vonar at Geir har hellet med seg i kveld...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Geir Kamsvaag Berntsen

Oskar Skjølberg født 1856 i Kongsvinger er losjerende i Rosenkrantz Gade 2 ved tellingen 31.12.1885. Han er kontorbetjent hos Cappelen (bokhandel). Han står ikke i adresseboken for 1883 (med henblikk på tellingen 1882), forsåvidt heller ikke i 1882. Han er heller ikke på 1885-adressen ved tellingen 1882. (NB. losjerende er ofte ikke med i adresseboken på dette tidspunkt)Det var da naturlig å kikke på Fødselstiftelsen, men Eleonore var ikke døpt der, ei heller i Vor Frelsers Kirke - de to mest nærliggende.Er det sikkert at han var enkemann da han kom til Amerika?Skal se om jeg rekker å kikke på et par andre kirker mht. Eleonore, Trefoldighet er en naturlig start.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Geir Kamsvaag Berntsen

Hun er døpt 'Eleonora Oskardine', født 22. august 1878, døpt i Johannes kirke i Christiania nesten 1 år senere, 16. juni 1879. Hun var 'uekte' og moren står som Hanna Katharinaog resten er borte på min film. Men du finner henne i ministerialboken til Johannes på oppgitte datoer i 'Skanna kyrkjebøker' (nb. datoene hopper litt fram og tilbake, du kommer fram til slutt)...jeg har gitt opp å vente for å få opp siden og ikke minst bla videre.Dessverre, enkelte (heldigvis få) av filmene jeg i sin tid kjøpte var absolutt ikke av god kvalitet, her er det ikke originalen som er dårlig (tror jeg), det ser ut som det ligger et firkantet ark oppå som jeg aner skrift under. Det samme er øverst på samme side. Håper ikke du finner det samme på nettet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Geir for imponerande forsking! Dette var skikkeleg bra!Eg har no leitt meg fram til side 126 i ministerialbok nr. 1 i for Johannes, og der finn eg at Eleonora Oskardine var dotter av ''pige'' Hanna Kathrine Eleonora Walldeu(?) [vanskeleg å tyda], f. 57, Toldbodg. 32, og Oskar Thomas André Schjølberg, f. 56, Lands(?) præstegjeld.Etter dette kan me vel slå fast at Oscar Schjønsberg ikkje var gift, medan han budde i Christiania, med mindre han og Hanna gifte seg seinare...(?).Men, kven kan denne mori ha vore? Eg har kikka litt i FT1865. 1875 og 1900, men finn i grunnen ikkje nokon som høver... Kanskje var ho svensk eller av anna opphav?Nok ein gong ein stor takk til Geir!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Asbjørn Schjølberg

Som interessent i dette tema, jfr (3), må jeg også sende en stor takk til Geir for utmerket jobb, og velvillig bistand. Stor takk også til Lars. Jeg har også fått masse gode innspill til min database og det har vist seg at også 'hjelperen har fått hjelp'. Til Lars: Dette burde tilsi at Ella Burg egentlig er den samme som Øllegard Olsdatter slik jeg har antydet tidligere. Noen har nok under løpets gang blandet kortene litt for mye. Jeg ser frem til ditt sammendrag i den saken. Jeg har også søkt diverse steder etter Hanna Katrine, men uten hell. Kanskje finnes det her noe i Adressebøker på disse årene. Det er synd at ikke Oslos adressebøker ligger på nett slik som Trondheim har.Vennlig hilsenAsbjørn

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Etter ny telefonkontakt med Whatcom Co. WA kan eg no leggja fram følgjande status på huslyden til Øllegaard Olsdotter Feet frå Hafslo:~~~~~~~~~~~~~~~~~~ 3. Øllegaard Olsdotter, f. i Hafslo 8.11.1861,Ella Fett utvandra til Amerika i 1882 og gifte seg i Minneapolis, Minn. 23.9.1891 med Oscar Thomas André Jørgenson Schjølberg, opphavleg frå Nor vestre i Vinger, i Amerika kjend som Oscar Burg. Han var son av tollassistent Jørgen Jørgenson Schjølberg på Nor vestre og kona Caroline Mathilde, kjend som Mathilde Jacobsdotter Timmermann frå Vatneødegard i Stange og f. i Vinger 1.11.1856. Oscar var ei tid handelsbetjent i Christiania, men utvandra derifrå til Amerika i 1888. Oscar og Ella busette seg i Butterfield, Watonwan Co., Minn. der Oscar ei tid livnærte seg som hotellvert (“hotel keeper”), men kring 1905 flytte han og Ella til Kendall precinct nær Bellingham, Whatcom Co., Wash. der Oscar var fiskeindustriarbeidar (“fish hatchery laborer”). Ella d. i Bellingham, Wash. 14.10.1912, medan Oscar Burg d. same staden 25.3.1918. Oscar og Ella fekk ei dotter i lag, men Oscar hadde òg ei dotter frå før, som me vil nemna:a. Eleonora Oskardine Oscarsdotter Schjønsberg, kjend som Nora Burg, dotter av Oscar og Hanna Cathrine Eleonora Walldeu(?), var f. i Christiania 22.8.1878 og budde i Christiania til ho i 1892 utvandra til Amerika for å bu hjå faren og stemori. Ho d. i Bellingham, Wash. 1.6.1928. Nora gifte seg i Bellingham, Wash. 14.12.1904 med Johan Larsson frå Røyseland i Kvinesdal, i Amerika kjend som John L. Riseland. Han var son av gardbrukar Lars Torjeson på Røyseland, opphavleg frå Tjørnhom, og kona Anna Larsdotter frå Røyseland og f. i Kvinesdal 25.12.1862, men utvandra til Amerika i 1883. Han d. i Bellingham, Wash. 18.6.1938. John og Nora var kolonialhandlarar (”grocery store owners and operators”) og budde i Bellingham, Whatcom Co., Wash. Dei fekk to born i lag.b. Udøypt dotter Burg, f. og d. i Watonwan Co., Minn. i 1898.~~~~~~~~~~~~~~~~~~Eg vonar du Asbjørn finn nytte i desse opplysningane, og samstundes ønskjer eg velkomne eventuelle tilleggsopplysningar om Hanna Cathrine Eleonora Walldeu(?)...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg har nettopp fått greie på at barnet som Øllegaard ''Ella'' og Oscar fekk i lag, var ei dødfødd jente fødd 22.12.1898.Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Asbjørn Schjølberg

Ja her går det unna. Hva skulle vi gjort uten de gode hjelperne på Brukerforum. Takk igjen til Lars for de siste meget interessante opplysningene. Min kilde forteller at han faktisk kjente til navnet Waltheau (skal det visst være) men ingenting mer. Dette har skjedd etter at jeg fikk opplysningene om Oscar m fl. Det skal visst også være slik at Hanna Katrine døde i f m fødselen, og det kunne jo vært greitt å vite hvor det er registrert. Jeg prøver, evt håper på at noen kan hjelpe til også her. Noe mer om Oscar skal jeg også kunne bidra med etterhvert. Ellers lurer jeg på Lars om du bruker Schjønsberg som etternavn på Nora ved en feiltakelse , eller?Vennlig hilsenAsbjørn

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lillian Kristiansen

Hei.Kan dette være et alternativ til Hanna Kathrine Walldau/Walldou....da har hun evt. vært en tur i Danmark først!! Kopiert fra Emibas:Post 476517Waldow, Hanna Catharina Piga (ogift kvinna)f. 21/4 1857 i Landskrona, Malmöhus län (Skåne)Utvandrad 19/5 1874 från Norra Förstaden 30, Landskrona, Malmöhus län (Skåne) till DanmarkKälla: Husförhörslängd, s. 116Emibas emigrationsakt: Landskrona M 1874 015Mvh.Lillian

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lillian Kristiansen

Hei. Hennes søster emigrerer også til Danmark - 10 år senere - er det en mulighet for at Hanna også har reist tilbake til Danmark så det er grunnen for at dere ikke finner henne i noen FT her i Norge!!Kopert fra Emibas:Post 475718Waldow, Johanna Christina Piga (ogift kvinna)f. 6/10 1861 i Landskrona, Malmöhus län (Skåne)Utvandrad 6/10 1884 från Fröjdenborg 20, Landskrona, Malmöhus län (Skåne) till Köbenhavn amt, DanmarkKälla: Husförhörslängd, s. 149Emibas emigrationsakt: Landskrona M 1884 088Onormerade namnformer:Destinationsort: Köpenhamn Destinationsland: DanmarkJeg har sjekket Husförhör og de er søsken disse to.Mvh.Lillian

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Asbjørn Schjølberg

Tusen takk til Lillian for svært interessante opplysninger. Har du mulighet for å sjekke Hannas fødsel og dermed foreldre og Eleanoranavnet?M v h Asbjørn

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Etter fleire døgn utan internettsamband er eg attende og vil gjerne få retta ein hjarteleg takk til Asbjørn og Lillian for nye interessante opplysningar.Jau, det var ein ''prenteleif'' frå mi side når eg kalla Nora for Schjønsberg; det skal sjølvsagt vera Schjølberg!Elles er eg glad for at opphavet til mori no ogso synest vera avdekka.Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lillian Kristiansen

Hei Asbjørn. Jeg kan gå i Husförhörslengdene å se, men her får jeg ikke kopiert noe - da må jeg skrive ut og skanne inn og til slutt sende på mail til deg?Når du skriver sjekke Elenora navnet - da mener du om moren(eller lenger bakover) til Hanna Chatarina het det samme?Kommer tilbake om litt!!Til Lars.Tenkte nok det var noe i den dur - da har du vært urolig tenker jeg - godt det er OK igjen nå.Mvh.Lillian

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Asbjørn Schjølberg

Hei LillianRef (11) så har Hanna et tredje fornavn Elenora, og det var egentlig det jeg mente (kontroll av rett person for sikkerhets skyld). Videre tenkte jeg at med et slikt oppslag så fant du vel foreldrenes navn. Derifra kan jeg jo bruke andre kilder og slå opp selv ved behov. Mail asschjo@online.noMvh Asbjørn

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lillian Kristiansen

Hei Asbjørn.Da er nok ikke dette rett person - denne heter BARE Hanna Cathrina f.21/4 1857 av forelde Artellirist mäster(I husförhör ser det ut som Måns) Walldow och ægta försteqvinna Johanna/Johanne Svendsdotter...så da var vel det et BOMSKUDD!! Det rare var at hadde Schønberg vært rett så bodde det en Jens Schønberg samme sted som Hanna flyttet ut fra i Sverige!!Jeg har sett på den dåpen i Johannes for jeg har kortene for den kirkeboka selv - det står nok Walldou der!!Sender deg en mail i tillegg!!Mvh.Lillian

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.