Gå til innhold
Arkivverket

[#43068] Johannes Sevreson (Horvei?), f. 1778 - dragar i Bergen - men kvar kom han ifrå?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Johannes Sevreson gifte seg i Bergen 20.7.1806 med Bertha Simonsdotter, døypt i Gulen 17.8.1783. Parfolket vart buande i Bergen der Johannes døyde 24.3.1816, 38 år gamal.Men kven var denne Johannes?Problemet har vore oppe som ein del av tema #35267 der det m.a. kjem fram at Johannes undervegs nytta fleire ættenamn. Ein gong er han soleis nemnd HORVEJ, som er eit gardsnamn på Evanger, Voss. Elles kjem ogso namn som SVERKILDSON og SVENKESON fram i andre kjelder, men SEVRESON synest vera den mest nytta formi...Den beste ''kandidaten'' andsynes FT1801 må vel fvramleis vera den Johannes Sevreson, 21 år, som var tenestedreng på Kårhus i Skjold (Vats). Denne personen er førebels ikkje identifisert. Bygdebokskrivar Nils-Olav Østrem har fortalt meg at ein Johannes Sevreson var fødd på plassen Glette under Sundvor i Skjold i 1773, men denne personen døydde i 1807. Kanskje er det same mann som i 1801 tente på Kårhus, men i so fall er alderen feil...!Elles kan namneoppkallingane tyda på at mor til ''vår'' Johannes Sevreson hadde namnet Randi eller Rannei.Kanskje er det nokon i Brukarforum som er i stand til å identifisera denne Johannes Sevreson?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arnfrid Mæland

(2) Sævre Ingvaldsens born finst dom døypte her på DA, ingen Johannes, så eg gissar på at vi skal til Skjold. På Sundfør i Skjold bur det ein Sevri i 1801 på 60 år, men kona heiter ikkje Randi, men Anna, 52 år. Det er rimeleg å tru at nokre av dei Sevrisborna som er tjenare i Skjold i 1801 kan vera deira born, grunna alderen. Den eldste som bur heime i 1801 er 15 år.LenkeMvh Arnfrid

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Grethe Flood

Ved giftermålet er Johannes kalt Sverkildson [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=27&filnamn=vigd1663_1&gardpostnr=12053&merk=12053#ovre>LenkeFørste barn jeg finner heter Sivert Johan og da er Johannes kalt Horvej Lenke og i 1813 er det en ny sønn, og da kalles Johannes Sæurresen? Lenke. Sønnen Johannes i 1816 Lenke - da er farsnavnet Sevresen.Har sjekket i bygdeboka for Tysvær, under gården Sundfør, og der står det Sevri (Severin) Johannesson og Anna Jonsdatter hadde en sønn som het Johannes, men han var født 1773 på Flatnes i Sveio, død ugift 1807.På Kårhus i Vats sogn, Skjold prestegjeld dukker denne karen opp

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...
Gjest Gisle Hersvik

Sjå elles diskusjon i følgande debatt: LenkeTruleg er vi på jakt etter ein Johannes Sjursson / Sivertsson all den tid Johannes fekk to søner med namnet Sivert Johan (begge dø unge). Sidan han ved eit høve er kalla Horvej skal vi truleg også til Evanger.MVH Gisle

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Det har du nok rett i, Gisle. Men blant konfirmanter på Voss, finner vi de samme som i ft 1801. Jeg har leita etter en Johan(n)es med farsnavn som begynner på 'S'. En av dem kan vi altså eliminere (han fra Bergstad med tilknytning til Horvei som gifta seg i 1802 og fikk barn fram til 1820-åra))Det er vel og tvilsomt at Simonsen eller Storksen er blitt til Sivertsen / Sieursen / Sverkesen...Da har vi to igjen, en fra Store Honve i Vang: [url="http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=31&filnamn=Kf12351780&gardpostnr=696&personpostnr=696&merk=696#ovre>LenkeDet kan vel ikke tenkes at Honve er blitt til Horvei, at 'r' og 'n' er blitt missforstått??Den andre er fra Løen i Vinje, der ser jeg ingen forbindelse:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Eg er heilt overvelda over den storstilte innsatsen som vert synt for å finna opphavet til Johannes Sevreson i Bergen.Kandidaten til Kjellaug frå innlegg #8, Johannes Sjurson (Siverson) frå Honve i Vangen sokn på Voss er heilt klart ein god ''kandidat'', men eg er framleis ikkje so trygg på at Johannes verkeleg heitte Siverson. Sevreson eller Sverkeson finst jo òg som namn; berre at desse namni truleg var ganske so ''greske'' for prestane i Bergen først på 1800-talet. Eg har eit konkret døme på ei Svenkesdotter frå Sætesdalen som vart til Svendsdotter då ho kom til Luster i Sogn kring 1820. Og likeins ser eg at Salomonson vart til Samuelson berre ved å flytta over Sognefjorden frå Luster til Lærdal...MEN, so var det dette med Horvej (eller Honvej?) då; nei, eg veit ikkje kva eg skal tru. Eg hadde nok følt meg tryggare om lagnaden til Johannes Siverson frå Honve kunne avslørast...! Men er det mogeleg?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

Ref. Lenke34. Store HornveHo Gjertrud var f. 1733 og gifte seg 1754 med Sjur Arnfinnson Ullestad f. 1729.Sjur døydde 1809 og hadde sju born: Arnfinn f. 1755, Olav f. 1761, Torgis f. 1767, Johannes f. 1770, Marta, Rannveig og Kari.Denne Johannes bur saman med Arnfinn på Stoe Honve i 1801, men han er kanskje for gamal eller er han iannfor feilmarginen?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Finner han ikke i kirkeboka, men her er han nok allikevel: Lenke Døpt 21/1-1770 Faren er Siur StorehondveDet må da være den samme som Siur Anfinnson?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Denne Johannes Siursen/Sivertsen finner jeg ikke gift på Voss frem til 1816.De andre tre er der jo.Heller ikke finner jeg han blant døde frem til 1817. Det er heller ikke utflytningslister skannet for tidsrommet det gjelder.Kanskje det står noe om han i bygdeboka fra området.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Finner heller ingen som kan være hans barn på Hondvegårdene i 1865, det er en Halsten Johannesen (41 år), men far hans er en Johannes Johannesen: LenkeHvor ble han så av? Han kan med andre ord være en god kandidat.Det var da ikke en annen Siur på Honve i 1801 eller før den tid? Hva med skifte, ser ikke ut for at Honve/Hondve er med i skifteregisteret.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

Bygdeboka (Lenke) seier dessverre ikkje kvar det vart av Johannes S., f. 1770 St. Hornve og det kan kanskje tyde på at han for frå bygda?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

Skifte etter mulig foreldre til Johannes S.: LenkeJohannes S. Honve var 'ej tilstede' ved skifet etter foreldra i 1809.MVH Gisle

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.