Gå til innhold
Arkivverket

[#43127] Magdeli Jensdotter, f. Hafslo 1773 - konf. 1791 - vart ho gift til Skånevik?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Magdeli Jensdotter, døypt i Hafslo 7.2.1773, einaste barnet til husmann Jens Mathiasson og kona Gunnhild Endresdotter på Berget under garden Fet, vart foreldrelaus i 1785 og sidan konfirmert i Hafslo i 1791. So vert ho borte frå bygdi!FT1801 syner fem mogelege personar med dette namnet i heile landet, og den som ser mest interessant ut, er utan tvil denne som bur på Houen i Skånevik:~~~~~~~~~~~~~~~Halvor Siursen Mand 66 1ste gang gifte Jordløs husmand, og lever af almisse MMarthe Olsdtr Hans hustrue 67 1ste gang gifte KSiur Halvorsen Deres søn 30 1ste gang gifte Soldat, af arbejde og byggerie MMagdele Jensdtr Hans hustrue 28 1ste gang gifte KHalvor Siursen Deres barn 1 M~~~~~~~~~~~~~~~Ved vigsli 8.6.1800 (FamilySearch) er ho kalla Magdeli Jensdotter Oxtvedt. Eg ser at FamilySearch òg har ei Magdeli Jensdotter fødd på Opstveit i Holmedal, Hordaland i 1773. Opstveit er visstnok i Skånevik, men eg veit av erfaring at me ikkje alltid kan stola på FamilySearch...Er det nokon som har lokalkunnskap i Skånevik som eventuelt kan stadfesta eller avkrefta at denne personen var derifrå?Eg er sjølvsagt interessert i og takksam for alle tips om kvar ''mi'' Magdeli har teke vegen...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Marie Skålnes

Under plasset Lambaneset, Vågen i Åkra sokn, Skånevik finn eg:Sjur Halvarsson Slåkje 1769-1836 g. 1800 m. Madela Jensddr. Opstveit(9g)frå Holmedal 1773-1853. I 1801 budde han med kona og eit spedbarn heime på Haugen.Eg har ikkje Holmeddalsbandet av Skånevikssoga, men det kan sjå ut som at Madela er barn nr 7 av ein Jens og truleg Marta (Madela døypte fleire døtre for Marta).Det ser ikkje ut til å vera di Magdeli dette, dessverre!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Marie for avklarande innlegg. Eg frykta nok dette svaret, men det er lov å vona so lenge som råd er...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.