Gå til innhold
Arkivverket

[#43163] Nils Johnson og Kari Olsdotter - vigde i Hustad (Bud) i 1826 - var dei frå Sogn?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

FamilySearch syner at:Nils Johnson og Kari Olsdottervart vigde i Hustad (Bud) i Romsdalen 23.7.1826.Dette paret får visstnok ingen born i Bud, men derimot får foreldre med same namn seks born i Sogndal i Sogn, og dei vart ikkje vigde i Sogndal!Er det nokon som har tilgjenge til kyrkjebøkene for Hustad (Bud), og som kan fortelja meg kva som står der om brudgom og brur? Var dei fødde i Sogndal?Eg takar so mykje på førehand for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Knut R Sande

Det er truleg lite eg kan bidra med. Eg kan heller ikkje sjå at dette paret fekk born her. Eg har notert at paret må vere Nils Jørgensen Sandblost (ikkje Johnsen) og Kari Olsdotter Farstad. Sandblost og Farstad var altså bustaden til dei to ved giftemål. Håper nokon kan hjelpe å identifisere dei. Farsnemn er ikkje notert ved giftemål i Hustad på den tida, diverre.Knut R Sande

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Grethe Flood

Har ikke så mye å bidra med jeg heller, men her er kanskje giftermålet mellom Nils Jørgensen og Kari Olsdatter:NIELS JORGENSEN Spouse: KARI OLSDRMarriage: 22 JUL 1826 Bud, More Og Romsdal, Norway Dato for giftermålet er dagen før Nils Jonsen og Kari Olsdatter: NIELS JONSEN Spouse: KARI OLESDRMarriage: 23 JUL 1826 Hustad, More Og Romsdal, Norway

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Knut og Grethe for interessante innlegg.Det kan nesten sjå ut som om me her talar om to vigsler i Bud med ein dag imellom? Er det kan henda ei eigi bok for Hustad sokn på den tidi?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.