Gå til innhold
Arkivverket

[#43194] Her er statistikk over ant. Gårdbrukere, Husmenn osv i 1801 og 1855. Geografisk


Gjest Lars Ove Wangensteen
 Del

Recommended Posts

Gjest Arnfinn Kjelland

1801-teljinga er viktig for å få eit inntrykk av omfanget av husmannsvesenet rundt om i landet. Men det er òg viktig å hugse at ei folketeljing kan samanliknast med eit fotografi - det syner eit øyeblikksbilde av eit område: kva for gardar og plassar som var busette, kven som budde der, kor gamle var dei osv.I prinsippet gjeld altså dette bildet berre den dagen teljinga vart teke opp.Sjølv har eg gjort ei relativt grundig gransking av husmannsplassane i Lesja gjennom bygdebokarbeid, og eg fann der noko som nok kan vere litt overraskande. Sitat frå ein artikkel eg skreiv i tidsskriftet Heimen om dette:Ustabil buform: fråflytte plassar i 1801Eit litt overraskande trekk ved dei eldste plassane i Lesja er elles kor ustabile dei var. Gjennom bygdebokarbeidet fann eg i alt 283 plassar som hadde vore busette før 1801 i denne bygda. 56 av desse eller 20 % var permanent fråflytte før 1801 (dvs. dei vart aldri busette att), og 29 (10 %) var mellombels fråflytte; dvs. i alt 85 plassar eller 30 % av dei som var rydda og folkesett før 1801 var enten fråflytte for godt eller mellombels det året folketeljinga vart gjennomført.Ein grunn til desse høge tala er at drifta ved jernverket vart avvikla i 1790-åra. Av dei 283 plassane som var busette før 1801, låg 35 under jernverket, og av desse var 13 fråflytte før 1801. Det utgjer knapt 5 % av det totale antalet plassar før 1801. Så om vi likevel ser bort frå verks­plassane, var ¼ av dei plassane som var rydda før 1801, fråflytte dette året.Viss dette er ein landsomfattande trend, må dei konklusjonane som er dregne i oversynsverk og andre samanhengar om husmanns­institusjonen på grunnlag av 1801-teljinga, truleg revurderast.---Artikkelen ligg elles i fulltekst her: Lenke Den stod i eit temanummer av Heimen om framvesten av husmannsvesenet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ivar S. Ertesvåg

Er det nokon som har undersøkt kor pålitande Ft1801 (og andre Ft) er når det gjeld merkelappar som husmann, strandsitjar, o.a.? Eg veit iallfall om brukarar som er husmenn etter definisjonen 'brukar av jord som ikkje er særskilt skyldsett/matrikulert' (men høyrer inn under ei anna brukseining) - men som i Ft1801 er kalla 'Bonde og gaardbruger'.Den tekniske definisjonen er tilsynelatande grei nok. Men iallfall på vestlandet er det ikkje heilt liketil å setje grensa mellom husmann og bygselmann/leiending. Vi har bygselhusmenn - som bygsla plassen direkte av eigaren og hadde lite anna enn naboskap som tilhøve til brukaren på bruket plassen i prinsippet låg under. Vi har husmenn som har betre kår enn mange bygselmenn; og gjeldstyngde sjølveigarar med ringare kår enn ein del husmenn. Og det finst jamvel tilfelle der husmannen åtte bruket han var plassemann under - altså var brukaren leilending under sin eigen husmann.Men døme er ein ting - å seie om det er 'vanleg' eller 'uvanleg' er noko anna...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arnfinn Kjelland

Til (3): Eg er ikkje kjent med at 'merkelappane' i 1801 er systematisk undersøkt. Sjølv fann eg i Lesja eit ikkje ubetydeleg antal eldre plassar som vart frådelte frå garden dei var rydda under, med tinglyst skøyte og det heile, i tiåra før 1801. Men presten førte dei likevel som husmenn i teljinga - noko eg i ein anna samanheng har tolka som utslag av dei _førestillingane_ bygdesamfunnet har, om sosial differensiering.Kjelde, artikkel frå 1996: LenkeSist i denne artikkelen er det elles ei litt morosam historie om kapteinen, seinare majoren, som var husmann på Lesja i 24 år (kona i 34), på plassen Tjukholen under storgarden Holåk.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.