Gå til innhold
Arkivverket

[#43229] Mons Larsson og Elsa Jensdotter i Bergen - vigde i Fana 1767? - opphavi deira?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Mons Larsson og Else (Marie) Jensdotter fekk sju born i Bergen:* Bertha, døypt (pakterb) DK 6.12.1767* Ragnhild, døypt (pakterb) DK 6.12.1767* Lars, døypt (pakterb) DK 3.4.1769* Bertha Karine, døypt (køyrekarb) DK 11.9.1771* Ragnhild Karine, døypt (køyrekarb) DK 24.4.1774* Anna Johanne, fødd (køyrekarb) DK 7.1.1777* Olai Martinus, fødd (arbeidsmb) DK 9.3.1780Foreldri er ikkje vigde i Bergen, men FamilySearch og databasen over vigde i Fana syner ein Mons Larsson Skage og ei Else Jensdotter Aaland vigde i Fana 28.6.1767. Eg mistenker dette for å vera foreldri, men kan eventuelt bygdeboki for Fana stadfesta dette?Eg er elles interessert i eventuelle dåpsdatoar for Mons og Else samt namn og bustader for foreldri deira?Og dersom bygdeboki for Fana har opplysning om dødsfallet til Mons, ville det vera av interesse. Han døydde truleg kring 1781, men eg finn han ikkje i Bergen...Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg var nok litt kjapp med å senda av stad dette spørsmålet i stad. Eg var ikkje merksam på at døypte i Fana òg ligg på Digitalarkivet; der finn eg dåpsforretningane til både Else og Mons, og når mødrene heitte Ragnhild pg Britha, er det vel ingen tvil om at dette er paret eg leiter etter.Berre eitt spørsmål står att å løysa:* Lagnaden til Mons Larsson, truleg død i Bergen kring 1781?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Svein Rindedal

Ser ut til at Else gifter seg for andre gang med en Ole Andersen Lunde, det er vel henne som er i 11.rode 232 i 1801 og som begraves 1809. Noen av barna kaller seg Rosenberg, vel navnet på bruket som faren paktet, men dette hadde du vel ?, ser nå at du hadde nytt innlegg. mvh

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Svein for nytt innlegg!Jau, det var Else som gifte seg att i Bergen med Ole ARNESON Lunde, og den seinare lagnaden deira er kjend.MEN; namnet Rosenberg var nytt for meg. Eg veit det er ein stad i Bergen dei kalla Rosenberg (jmf. Rosenberg asyl), men kvar var det? Nygårdshøgdi?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars Johannessen

Fanaboka sier bare at Mons var bosatt på Skare, muligens Laksevåg. Men der finner jeg bare en Mons Larsen i databasen over døde i Laksevåg på DA, og der stemmer ikke alderen, han er oppgitt til å være 77 år ved dødsfallet i 1780 (alder kan jo være feiltolket). Det er også skifte etter en Mons Larsen i samme periode: Lenke

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Rune og Lars for dei siste innleggi!Eg har i dag hatt eit spørsmål på Arkivforum om ein Mons Larsson som opptrer i skifteaktregisteret for Bergen frå 1783, og det syner seg at det var ein ''fulltreffar''. So då står att spørsmålet om sjølve dødsfallet til Mons. Eg kan ikkje sjå nokon god ''kandidat'' i dødsregisteret for Bergen!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.