Gå til innhold
Arkivverket

[#43247] Ole Andersson (1748-1813) frå Hafslo til Solund - g.m. Engel Karine Dahl -eller?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Samson Andersson frå tema #25109 hadde to søsken som òg flytte til Solund frå Hafslo. Den eine av desse var broren Ole:~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Ole Andersson, døypt i Hafslo 21.12.1749, flytte i ung alder til Solund og budde på Nesøya då han 23.7.1786 gifte seg med enkja Engel Karine Mikkelsdotter, opphavleg fr?¤¤¤ (opphavet hennar?)Ho var dotter av¤¤¤¤¤ (foreldri hennar?)og f.¤¤¤¤¤ (dato og stad for fødsli hennar? – 1740? – ei Engel Mikkelsdotter vart døypt på Monslaup i Austrheim, Lindås 3.4.1742 – kan det vera ho?)¤¤¤¤¤ (før gift til Tungodden i Solund!? – 1801: båe i første ekteskap!! – men var det ikkje ho den Engel Karine Dal som gifte seg i Bergen/Gulen 27.8.1783 med Didrik Kruse??)Ole og Engel vart buande som husmannsfolk på ein plass under Tungodden i Solund, Gulen, og derifrå vart Ole gravlagd 5.2.1813. Engel d.¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1801!)Dei var barnlause, men Engel hadde¤¤¤¤¤ (talet på søner og døtrer?)frå første ekteskapet sitt.~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Det er ikkje so mykje eg veit om dette paret, og Solundbøkene nemner berre so vidt Ole i ei bisetning under Tungodden. Men kanskje er det nokon som sit med meir detaljerte kunnskapar om desse folki som kan hjelpa meg ''komplettera'' oversikti mi?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Terje for funnet av dødsfallet til Engel Mikkelsdotter! Det er nok ho...Elles ser eg at Didrik Kruse si kone har eit heilt anna namn i Krosskyrkja i Bergen, so Engel Mikkelsdotter i Solund har nok ikkje vore gift med Didrik likevel...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg har i dag fått nye interessante opplysningar frå bygdeboki for Austrheim. Engel Mikkelsdotter var frå Monslaup, og første mann hennar var Endre Olson, som hadde hatt plassen under Tungodden før Ole kom dit.Etter litt leiting finn eg dessutan at Endre Olson og Engel før hadde vore leiglendingsfolk på Gjønnevåg søndre, og der fekk dei ei dotter Martha, døypt 6.10.1768. Denne Martha vart 25.4.1791 gift med husmann Iver Bottolfson på Norrøya under Norra, døypt frå Kolgrov 5.4.1764. Dei fekk sju born i lag. No ønskjer eg berre å føya til to dødsdatoar i skriftene mine:* Dato og stad for dødsfallet til Iver Bottolfson (på Norrøya) 1835?* Dato og stad for dødsfallet til Martha Endresdotter (på Norrøya) 1844?Eg takkar på ny for hjelpi med denne huslyden og vonar einkvan har tilgjenge til dei rette kjeldene for desse datoane.Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Rune for siste bidrag! Eg trudde ikkje fylkesarkivet hadde registrert so langt...Etter dette er det berre Martha frå 1844 som står att...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Heisan, Gisle; eg var ikkje merksam på temaet som du nemner. Men det ser ut til at me er komne til same konklusjonar...Eg trur elles at Endre Olson må vera komen til Solund i lag med Engel, for vigsli deira er ikkje innført i Solund eller Gulen...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Alf for den siste manglande detaljen om Martha Endresdotter! No vonar eg at du kanskje ogso har noko å by på når det gjeld tema #25109...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.