Gå til innhold
Arkivverket

[#43248] Martha Andersdotter (1752- ), frå Hafslo til Humledal(?) i Solund - lagnaden?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Den yngste søsteri til Samson Andersson frå tema #25109 var denne jenta:~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Martha Andersdotter, døypt i Hafslo 5.3.1752, flytte i ung alder til Solund og budde på Nesøya då ho 23.6.1795 gifte seg i Solund, Gulen med Hans Johnson frå Humledal i¤¤¤¤¤ (kvar er no det?)Han var son av¤¤¤¤¤ (foreldri hans?)og f.¤¤¤¤¤ (dato og stad før fødsli hans?)¤¤¤¤¤ (yrke og bustad? – 1795 Humledal?)¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hans?)¤¤¤¤¤ (dato og stad for dødsfallet hennar?)¤¤¤¤¤ (born? – barn utan namn født og gravlagd Gulen 1795!)~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Som alle kan sjå, er det ytterst lite eg veit om denne jenta og huslyden hennar. Eg kan ikkje finna dei i 1801, og heller ikkje har eg lukkast i å finna ut kvar HUMLEDAL er...?Eg ville setja stor pris på om nokon er i stand til å kjenna att desse folki og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Sande

Rune har funnet det rette stedet som i bygdeboken omtales under Humlevåg. Der brukes også navnet Humledalsvåg.Bygdeboken lister Hans Jonson blant de personene som brukte Humledal som gard ved vielsen, men som ikke har sitt opphav der. Kanskje enda en indresogning?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Rune og Terje for identifikasjon av Humledal. Då veit me i alle fall det.Men eg er framleis på leiting etter lagnaden til dette parfolket, og ogso opphavet til Hans Johnson. Det er ikkje urimeleg å tenkja seg at han var indresogning, men dette er det heilt umogeleg å prova! Me skulle likevel tru at han må vera einkvan stad i 1801...!?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

Hei Lars!Kanskje et skudd i blinde, sidan eg ikkje har mine slektsnotater framføre meg.Denne Marte kan jo passe aldersmessig, d. 1797, 45 år; [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=13&filnamn=guledo79&gardpostnr=1827&merk=1827#ovre>LenkeEvt denne, d. 1822, 64 år: LenkeOg då kan jo dette evt. vere Hans, d. 1799, 52 år;

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Gisle for nye innlegg!Det er vel ikkje tvil om at Hans og Martha fekk ein son i 1795 som døydde før dåpen. Og då var nok Martha so pass ''vaksi'' at det ikkje vart tid til fleire born.Når det gjeld dødsfalli, so har eg liti tru på Martha frå 1797 og Hans frå 1799; dei bur for langt unna(?). Derimot ser Martha frå 1822 svært interessant ut. Ho hadde jo skyldfolki sine på Nesøya og kan godt vera avlidi der! Men ho finst tydeleg ikkje i Solund (eller nokon stad i Gulen) i FT1801...Eg vonar på fleire innspel og takkar nok ein gong for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...
Gjest Inger Leirvåg

I bygdeboka for Solund er Hans Jonson og Martha Andersdtr. Nesøen gifte i 1795 og omtala som 'Folk som me har for liten kunnskap om'.Humledalen er ein del av / gard på Nesøy i Solund. Nesøy ligg på sørsida av Solund mot Sognefjorden aust for kommunesentert Hardbakke.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...
Gjest Gisle Hersvik

Det var ikkje så lett dette - å finne opphavet til Hans Jonsson. Ikkje veit vi alderen hans og han var nok ikkje fødd under Humledal. Kan han vere konfirmert under Humledal?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.