Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

[#43257] Peder Olson Berge, jæger, g Bergen 1812 m Ingeborg Andersdotter - opphav/lagnad?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Mellom vigde i Bergen finn me 23.2.1812:Peder Olson Berge, jæger, og Ingeborg Andersdotter, tenestejente.Dette paret får to born i Bergen:* Ole Andreas, fødd 12.11.1812 i 15. rode nr. 71* Ole Andreas, fødd 5.12.1813 i 15. rode nr. 72Ved siste høve er mori kalla Lunde, og eg trur ho er identisk med ei Ingeborg Andersdotter Lunde, døypt i Hafslo 17.3.1776 og flytt frå Hafslo etter 1805.Eg finn ikkje dette parfolket i FT1815 for Bergen, i alle fall ikkje i 15. rode nr. 71 eller 72 eller under ættenamnet Berge.* Er det mogeleg, utifrå desse opplysningane, å finna opphavet til Peder Olson Berge?* Er det mogeleg å finna lagnaden til Peder og Ingeborg?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Thorstensen

Da er kanskje dette et alternativ.Lenke Mvh. Rune Thorstensen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Odd Brede og Rune for interessante innlegg.Eg har kikka litt på denne Ole Berge(sen), men er komen til at det truleg IKKJE er nokon samanhang mellom denne Ole og han som er far til Peder Olson Berge.Då har eg meir tru på ein av desse:* Peder Olson, 36 år, ugift ''landeværn'', 1801 på Berge i Gaular* Peder Olson, 21 år, ugift, ''indrouleret matros'' på Berge i SeljeHadde me berre hatt ein detaljert oversikt over dei militære rekruttane i Bergen først på 1800-talet....Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg har leitt meir etter dette parfolket, Peder Olson (Berge) og Ingeborg Andersdotter, men kan no slå fast at:* Dei bur ikkje i Bergen 1815* Dei er ikkje avlidne i Bergen (bortsett frå den første sonen Ole Andreas)* Ole Andreas Pederson (Berge), fødd 1813, synest ikkje vera gift eller avliden i BergenDet ser altso ut til at Peder og Ingeborg må vera flytte bort frå Bergen alt i 1814, og eg vil tru eit sannsynleg flyttemål vil ha vore heimbygdi hans, kvar no enn det var...? For til Hafslo flytte dei i alle fall ikkje!Eg ser av basen for fødde i Sogn og Fjordane at:* ein Peder Olson Berge vart døypt 19.3.1780 som son av Ole Olson og Martha Pedersdotter på Berge nedre i Selje. MEN, vigde i Sogn og Fjordane syner at ein Peder Olson Berge gifte seg i Selje 5.8.1805 med ei Metta Danielsdotter Aarsheim, so då er vel ikkje lenger denne Peder nokon aktuell kandidat....?Kanskje me skal til Gaular i Sunnfjord i staden??Eg er fortsatt svært takksam for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×