Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

[#43369] Askvoll - Morten Gjertson Mjaaset og Hans Trulsson Sauesund -oppslag 1700-talet?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg gjer med dette eit nytt framstøt med nokre av dei personane som er omskrivne under tema #38851, som etter kvart er vorte noko ''uoversiktleg''.Ætteboki for Askvoll synest ogso vera noko ''uoversiktleg'', so no vonar eg at kanskje einkvan har kjenskap til desse to personane i og/eller frå Askvoll?* Gjert Monsson og Lucia Olsdotter, busette på Mjåset i Askvoll, skal ha hatt ein son med namn Morten Gjertson, som eg trur må vera fødd kring 1736. Han skal vera avliden på Mjåset kring 1763. Alt eg treng å vita for mitt føremål, ei tilvising i bygdeboki for Luster, er nøyaktige datoar for dåp og gravferd for Morten Gjertson?* Hans Trulsson frå Bjørvik, Sauesund i Askvoll, gifte seg i Askvoll 8.1.1769 med enkja etter Gjert Monsson, og dei skal ha butt nokre år på Dorghella i Askvoll. Kanskje er Hans Trulsson identisk med ein Hans Trulsson som vart gravlagd frå Buttedal i Fjaler 27.1.1778, 40 år gamal? Han var i alle fall avliden før 1785! Alt eg treng å vita om den ''rette'' Hans Trulsson er datoar for dåp og gravferd samt namn og bustad til foreldri hans?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Anders J. Moen

Jeg finner Martin Gjertson gift 21.10.1762 med Cathrina Michelsdtr. i Askvoll.Jeg finner også en Martinus Gjertsen døpt 21.04.1776 i Davik, med foreldre Geert Klubben og Synneve.Foreldrene til Martin i Askvoll skulle jo være Gjert og Lucie, men Gjert ble senere gift med Synnøve ca. 1763?Kan det være en sammenheng?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Anders for nytt innlegg.Det er fleire namnelikskapar her, men eg har vanskeleg for å tru på nokon samanhang.Derimot er det no gjennom Arkivforum stadfest at Hans Trulsson ''frå Bjørvik, Sauesund'' i Askvoll er den same som Hans Trulsson, som døydde på Buttedal i Fjaler i 1778. Då får me omtrentleg alder oppgjeve på denne karen, men finst det nokon Hans Trulsson fødd i Askvoll kring 1738? Han er i alle fall ikkje nemnd i ætteboki for Askvoll under Sauesund...!?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Grethe Flood

Men ai, ser at Lucie Olsdatter, enka etter Gjert, giftet seg på nytt i 1769. Da kan jo ikke hun være identisk med Lussi som jeg har funnet i skifteregisteret...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Grethe for nye innlegg!Jau, eg er merksam på skiftet etter Morten på Mjaaset, men det er gravferdsdatoen eg leiter etter...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.