Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

[#43372] Bergitte og Hanna Lunde, enkje og dotter i Tveitevåg, Askøy 1908-seinare lagnad?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Knut Pederson Lunde frå Hafslo, møllermeister, døydde på Haugland søndre ved Tveitevåg på Askøy i 1908. Han let m.a. etter seg enkja:Bergitte Sofie Agnete Lunde, fødd i Øksnes 6.9.1876,og ei ung dotter:Hanna (Knutsdotter) Lunde, fødd i Bergen 17.9.1904.Bergitte og Hanna synest vera ''sunkne i jordi'' etter 1908. Kanskje gifte Bergitte seg att; kanskje flytte dei til Bergen eller andre stader? Dei kan då ikkje berre ''forsvinna'', særleg når me veit at Bergitte ogso hadde ein ''uekte'' son som vart buande på Askøy!?Eg vonar på at einkvan med lokal kunnskap kan hjelpa meg spora opp desse damene og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Oddvar Søreide

Legg denne inn, da eg vil anta at dette er den 'uekte' sonen som blir konfirmert og at dette er omtalte Bergitte som da har farsnamnet Korneliusdatter. Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Oddvar Søreide

Ser at farsnavnet på Bergitte avviker i forhold til når ho gifter seg i Bergen. Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Oddvar for nye innlegg!Jau, Bergitte var dotter av ein Cornelius Nilsson i Øksnes, men når eg skriv Lunde, so var det fordi ho truleg nytta dette ættenamnet som enkje etter Knut...No ser eg av arkivforum at vigsli til Hanna Lunde er funni i Bergen i 1927, og då er det kanskje von om at ogso mori kan oppsporast...? Kanskje var ho gift med Konrad Svendsen i Wulfsgaarden 6?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×