Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

[#43711] Barbro Halvorsdotter, f. 1760, g.m. Bendik Knutson i Lærdal -frå Vang i Valdres?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Husmann Bendik Knutson på Lærdalsøyri i Lærdal (1757-1832) gifte seg i Lærdal 29.9.1789 med eiBarbro Halvorsdotter, fødd kring 1760.Denne jenta ser ikkje ut til å vera barnefødd i Lærdal. Eg trur ho kom frå Valdres og kan i so fall vera identisk med den Barbro Halvorsdotter som vart døypt i Vang i Valdres 28.1.1759. Faren vert oppgjeven til Halvor HOGEN.Er det nokon med lokal kunnskap i Vang som kan fortelja meg kvar i Vang denne Halvor budde? Og kva heitte kona hans? Namneoppkallingar i Lærdal kan tyda på at Barbro hadde ei KARI til mor! Kanskje bygdebøkene for Vang har noko å fortelja?Eg takkar so mykje på¨førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gisle Hersvik

Hei Lars!Barbro f. Hagen, Vang - [url="http://www.familysearch.org/Eng/Search/igi/individual_record.asp?recid=100068994659&lds=1&region=12&regionfriendly=Norway&juris1=Norw9Oppl&juris2=Oppl&juris3=&juris4=&regionfriendly=&juris1friendly=Oppland&juris2friendly=&juris3friendly=&juris4friendly=>Lenke - er ikkje å finne blant gravlagde i Vang fra 1730-1808; Lenke, ei heller i FT1801: Lenke, så dermed er i det i alle fall mogeleg at det er denne Barbro som du er på jakt etter.Har du sjekka ut denne?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Gisle for interessant innlegg.Når det gjeld siste posten, denne Barbro som er oppgjevi fødd på Gjerdet i 1759 av foreldri Halvor Erikson og Kari, kan det sjå ut som dette er ein ''konstruert'' person utifrå ''ønskjetenkjing''. Men sjølvsagt KAN det godt vera rette namni på foreldri hennar Barbro, berre at dei ikkje budde på Gjerdet!Eg trur framleis at sporet frå Vang er det ''hottaste'' og vonar at einkvan kan greia å identifisera denne Barbro og foreldri hennar.Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Hagen

HeiBB IV Lærdalsøyri s. 252 er nevnt i Gjerde 6, Jonsrud 1 ein Hallvard Lasseson Brattegjerde (1719-1774) i 1770 og kona Kari Johannesd. dei er nevnt med ei dotter Barbra fødde 1757. Eit skifte på lærdalsøyri syner dette....LenkeMvh. Terje Hagen, årdalstangen.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Terje for interessant innlegg!No har eg vore gjennom filmen for Lærdal, og ikkje tale om; Barbro er ikkje døypt der, MEN eg trur ikkje kyrkjeboki er heilt komplett. Eg finn ei Barbro Halvorsdotter konfirmert i 1773, og alderen er 18 år i 1774, so eg trur me trygt kan skriva ''kring 1756'', sjølv om ho då vert ''lovleg gamal'', då ho fekk siste barnet sitt...Eg trur me kan sjå på saki som løyst, og eg er godt nøgd med nok eit problem mindre!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.